Jimmy Carter
| James Earl Carter II | |
| President i USA | |
| Regjeringstid | 20. januar 1977–20. januar 1981 |
|---|---|
| Fødd | 1. oktober 1924 (88 år) i Plains i Delstaten Georgia |
| Føregjengar | Gerald Ford |
| Gift med | Rosalynn Carter |
James Earl Carter II (fødd 1. oktober 1924), oftast omtala som Jimmy Carter, er ein politikar i USA. Han var president i USA frå 1976 til 1981, som nummer 39 i rekkja over presidentar.
Hans største utanrikspolitiske suksess som president vart forhandlingene knytt til Camp David-avtalen mellom Israel og Egypt i 1978. Siste delen av presidenttida vart prega av ei gisselsak i Iran. Han stilde opp i presidentvalet i 1980, men måtte sjå seg slegen av Ronald Reagan.
Etter avgangen som president har han engasjert seg i fredspolitisk arbeid verda over. Mellom anna har han mekla i konfliktområde i Latin-Amerika, Midtausten og Afrika. Jimmy Carter var den fyrste sitjande eller tidlegare amerikanske president som vitja Cuba sidan 1928. Vitjinga var eit forsøk på å betra tilhøvet mellom USA og Cuba.
Carter vart i 2002 tildelt Nobels fredspris for arbeidet sitt med å finna fredelege løysingar på internasjonale konfliktar.
Bakgrunnsstoff [endre]
| Føregjengar Gerald Ford |
President i USA 1977–1981 |
Etterfylgjar Ronald Reagan |