Zhu Xi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Zhu Xi

Zhu Xi[1] (11301200) var ein kinesisk tenkjar, historikar og kommentator som levde under Song-dynastiet. Han er rekna som den mest innverknadsrike rasjonalistiske neo-konfutsianske tenkjaren i Kina, og har hatt nesten like stor innverknad på kinesisk tenking som Konfutse.

Zhu Xi peikte ut Dei fire bøkene i konfutsianismen som særskild viktige, samla alle grunnlegjande konfutsianske omgrep, og hevda ein framfor alt måtte «undersøka ting» (gewu).

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Zhu Xi var fødd i Youxi i Fujian søraust i Kina. Familien stamma frå Wuyuan i den noverande kinesiske provinsen Jiangxi. Faren hadde ei offisiell stilling som han mista i 1140, då han mælte imot styresmaktene si milde åtferd mot jursjenerane. Zhu Xi fekk heimeundervising av faren fram til han døydde i 1143, og deretter av faren sine vener.

I 1148, då han var 19, tok han Den kinesiske embetsmanneksamenen og fekk rangen jìnshì (進士, 'framståande lærd'). Zhu Xi fekk si første stilling som arkivar i Tong'an i 1153, men fornya ikkje posten i 1156. I staden blei han tempelvernar og student. Han hadde byrja studera under den neokonfutsianske læraren Li Tong i 1153, og blei formelt studenten hans i 1160.

I 1178 fekk Zhu Xi sin andre offisielle post, som magistrat i militærdistriktet Nankang. Her gjenopna han «Holeakademiet kvite hjort» (白鹿洞书院 Báilùdòng Shūyuà) etter mønster av Konfutse-tempelet og heldt førelesingar der. Tre år seinare blei han nedgradert etter å ha teke opp inkompetansen til nokre embetsmenn. Dette var eit mønster som skulle gjenta seg gjennom livet hans. I 1196 blei han skulda for ti brotsverk, mellom anna for å spreia falsk lære. Han mista alle dei offisielle stillingane sine, og var framleis i unåde då han døydde.

Sjølv om læra til Zhu Xi blei dårleg motteke på offentleg hald, fekk han ei rekkje tilhengjarar. Då han døydde i 1200 følgde oppimot tusen menneske han til grava. I tiåret etter at han døydde snudde også det offisielle synet. Samanfattinga hans av klassiske og neokonfutsianske verk blei sett på som eit svært viktig verk, og han blei gjeven tittelen wen ('kultur') av keisaren i 1208.

I løpet av mange år skreiv så den beste eleven og svigersonen hans, Huang Kan, ned biografien Zhu Xi. I 1241 blei gravferdstavla hans plassert i Konfutse-tempelet saman med tavlene til dei andre lærarane i rørsla.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Kalligrafi av Zhu Xi.

Zhu Xi skreiv over 70 bøker i si levetid, og underviste talrike elevar. Samanfattinga hans av tidlegare konfutsiansk tradisjon til eitt filosofisk heile la grunnlaget for ortodoks tenking i dei neste seks hundre åra. Til forskjell frå samtidige neokonfutsianarar såg han ikkje på Yijing ('Forandringsboka', også kjend som I Ching) som så viktig. I staden vektla han dei fire bøkene, som saman med hans kommentarar blei grunnlaget for den kinesiske embetsmanneksamenen frå 1300-talet og heilt til 1905.

Som ung fekk Zhu Xi sterke inntrykk frå taoismen og buddhismen, og skreiv det som blei den rådande konfutsianske tolkinga av fleire omgrep frå desse religionane. Medan han ser ut til å ha teke til seg nokre idear frå desse retningane, heldt han seg strengt innan konfutsiansk tradisjon i høve til aktiv moraldyrking, og såg på buddhistiske prinsipp som øydeleggjande for sjølvet og melommennesklege band.

Lik Konfutse meinte Zhu Xi at menneskesinnet i botnen er godt. Han meinte Xun Zi, som gjekk vekk frå dette synet, hadde drive kjetteri, og brukte derfor lite av denne sine bidrag til læra. Mennesket har moglegheita til å bli fullkome godt, meinte Zhu Xi, gjennom reinskande utøving. Han la fram to viktige øvingar for å forbetra seg: Meditasjonsforma jingzuo, 'stille sitting', der ein går i seg sjølv, balanserer personlegdommen sin og samler tankar og konsentrasjon. Han gjekk også inn for gewu, 'undersøking av ting', det vil seia gode ting som ritar, gamle tekstar, naturfenomen og samhandlingar mellom menneske.

Zhu Xi fortolka den konfutsianske kanonen og forklarte alle ting ut frå ein dualistisk kosmogoni. Han dyrka fram den agnostiske tendensen i konfutsianismen, og læra hans er blitt kalla ateistisk. I staden for den tradisjonelle Tian (Gud eller Himmelen) såg han for seg eit ultimat rasjonelt prinsipp (taiji), ein intelligent og ordnande vilje som stod bak allverda. Han oppmuntra ikkje til å tilbe ånder eller ofra til bilete, og meinte ikkje åndene til forfedrane fanst, sjølv om han gjekk inn for nokre former for forfedredyrking som ei form for å minnast og takka dei.

Gjennom stadig øving utvikla Zhu Xi seg også til ein meister innan kalligrafi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. kinesisk 朱熹, pinyin Zhū Xī, W.-G. Chu Hsi

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Zhu Xi
  • J. Percy Bruce: Chu Hsi and His Masters, Probsthain & Co., London, 1922.
  • Michael J. Buckley, S.J.: At the Origins of Modern Atheism, Yale, 1990, ISBN 0-300-04897-1
  • Daniel K. Gardener: Learning To Be a sage, University of California Press, Berkeley, 1990.
  • Bruce E. Carpenter: «Chu Hsi and the Art of Reading», i Tezukayama University Review (Tezukayama daigaku ronshū), Nara, Japan, no. 15, 1977, s. 13-18.
  • Wing-tsit Chan: Chu Hsi: Life and Thought, 1987
  • Wing-tsit Chan,: Chu Hsi: New Studies, 1989
  • Hoyt Cleveland Tillman: Utilitarian Confucianism: Ch‘en Liang's Challenge to Chu Hsi, 1982
  • Wm. Theodore de Bary: Neo-Confucian Orthodoxy and the Learning of the Mind-and-Heart, 1981
  • Donald J. Munro: Images of Human Nature: A Sung Portrait, 1988