Åkerneset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Åkneset)
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 62°10′51.193″N 7°0′19.804″E

Åkerneset, også kalla Åkneset, er eit bratt fjellområde under Flosteinnibba (1514 moh) ved Sunnylvsfjorden i Stranda kommune i Møre og Romsdal. Landskapet stuper bratt ned mot fjorden, som her er om lag 1,5 km breid og over 300 m djup.

Åkerneset, sprekken er markert med rosa. Gardstunet nede til venstre på biletet, er øydegarden Me-Åkernes.
Foto: Frode Inge Helland
Åkerneset ved Sunnylvsfjorden, med markering av det ustabile fjellområdet.
Foto: 2008
Åkernesrenna. Den kvite helikopter-plattforma om lag midt på biletet, gir ein ide om dimensjonane av det som for nokre år sidan var ei lita sprekke.
Foto: Frode Inge Helland
Måling med strekkstag av remna på Åkerneset ved Sunnylvsfjorden.
Foto: 2008
Cruiseskipet «MSC Orchestra» (92409 tonn, 294 m langt) på veg inn fjorden i juli 2010. Skipet kan ha meir enn 4200 passasjerar og mannskap.
Foto: Fxp42 2010

Om namnet: Oluf Rygh[1] viser til det opphavleg namnet akrnes, der første lekken av namnet tyder åker. Namnet er blitt skrive på ulike måtar gjennom tidene, t.d. Ackernes, Åkornes, Åckernes m. fleire. Ein ser ofte at namna «Åknes» og «Åkneset» blir nytta; dette er dei dialektiske, munnlege nemningane på gardane og på neset.

Fjellpartiet[endre | endre wikiteksten]

Åkerneset ligg på vestsida av Sunnylvsfjorden, om lag 15 km sør for Stranda og om lag 55 km i luftlinje søraust for Ålesund.

Alt i 1964 vart rasfaren frå Åkerneset omtala i Sunnmørsposten og i bygdeboka for 1972[2] er det skrive «Vide stader er fjellet sundsprengt, klovna og laust». I generasjoner hadde dei visst om bergsprekken ovanfor Me-Åkernes, som dei kalla for «Remna». Seinare vart ein tidlegare bebuar på Ytste-Åkernes, Per Åkernes, merksam på at det hadde skjedd store endringar i fjellet, og i 1983 gjekk han ut med bekymringsmelding om fare for eit stort skred[3].

Det vart etter kvart utført målingar, i byrjinga med enkle målereiskap, og frå midten av 1990-talet meir systematisk og med nøyaktigare instrument. I 1996 starta Møre og Romsdal fylkeskommune og NGU opp fjellskredundersøkingar i heile Møre og Romsdal, og ein fekk etter kvart klarlagt dimensjonane av det som kunne hende på Åkerneset. Fjellpartiet som er i rørsle, er i underkant av 1 km² med eit volum på 54 mill. m³. Det er i dag (2017) konstatert ein 600 meter lang sprekk, om lag 600-900 moh, som utvidar seg med mellom tre og ti cm kvart år. Øverst i fjellsida er rørsla opp mot 15 cm i året. Dei ulike partia av fjellområdet beveger seg med ulik fart, og ein ser for seg ulike scenario der heile partiet kan kome i éit, stort skred, eller at berre «mindre» deler av fjellet rasar ut over tid.

Overvaking[endre | endre wikiteksten]

Frå byrjinga av 2000-talet har Åkerneset vore under kontinuerleg overvaking av NVE. Området er eit av 11 fjellparti i Noreg som er under slik overvaking[4] og Åkerneset er eitt av fire som er definert med høgrisiko for store fjellskred[Note 1].

Det er i dag teke i bruk mange ulike hjelpemiddel[5] for å følgje med i utviklinga av fjellpartiet, som til dømes:

Lasermåling mot laserreflektorar som er utplassert i området
Bakkebasert radar
GPS-mottakarar som kan registrere endringar ned på millimeternivå
Måling av utviding av sprekker med strekkstag og ekstensometer-instrument[6]
Seismiske apparat som gir melding om små «jordskjelv» i fjellet
Boring for måling av rørslene djupt nede i fjellet
Boring for uttak av kjerneprøvar, for analyse av bergstrukturar

Der er bygt helikopterrampar og bunkerstasjonar med straumaggregat, mat- og soveplassar. Det er òg etablert ein meteorologisk stasjon som gir informasjon om vind, nedbør og temperatur. Arbeidet på Åkerneset har vore piònerverksemd i fjellskredovervaking i Noreg og fjellpartiet er no eit av dei mest overvaka i verda.

Varsling[endre | endre wikiteksten]

Et stort skred frå Åkerneset kan medføre store flodbølger (tsunami) som vil kunne gjere stor skade i bygdene ved Storfjorden. Fjorden har òg til tider stor skipstrafikk; i sumarhalvåret går nokre av dei største turistskipa i verda forbi Åkerneset, til dømes i tida mai-sept 2017 hadde Geiranger anløp av om lag 190 store cruiseskip[7]. I gjennomsnitt var der meir enn eitt skip pr dag, og ofte er fleire slike skip samstundes inne i fjorden.

Det er blitt gjort berekningar som viser at bølgehøgdene i dei nærmaste tettstadane, Geiranger og Hellesylt, i verste fall kan bli 70 og 85 meter. Faresonene er berekna basert på tsunamimodellering som er blitt utført av NGI (Norges Geotekniske institutt) og om lag 10 kommuner langs Storfjorden vil kunne bli utsett for skadeverk.

Det interkommunale selskapet Åknes/Tafjord Beredskap IKS[8] vart etablert i 2008 for å arbeide med beredskapsplanlegging og etablere varslingsystem for folk i regionen. Ein reknar med at overvakinga i fjellet vil gi minimum 72 timar varslingstid, og alle som bur, eller er i området, skal få varsel. Ulike metodar vil bli tekne i bruk, som telefon og SMS-meldingar (UMS varslingsystem[9]), sireneanlegg på dei mest utsette områda, informasjon over internett og gjennom folkemøte. Kart over faresoner og evakueringssoner er lagt ut på internett[10] Viktige informasjonskanalar på nettet vil vere: Kommunene sine heimesider, www.kriseinfo.no, www.politiet.no, www.nrk.no, www.fylkesmannen.no/More-og-Romsdal/.

Gjennom eit godt utbygt varslingsystem tek ein sikte på at menneskeliv ikkje skal gå tapt i tilfelle av eit stort skred, men dei matrielle skadane på vegar, bygningar og anlegg i oppskyllingssonene, kan bli enorme. Tabellen nedanfor viser estimert tid for første bølge og bølgehøgd, med eit skred på 54 mill. m³, for nokre utvalgte tettstader på Sunnmøre. Verdiane er henta frå Beredskapsplan for fjellskred frå Åkneset (2016)[11].

Tettstad Fjordstrekning
kilometer
Minutt før
første bølge
Oppskyllingshøgd
meter
Hellesylt 12,5 4 85
Geiranger 23,5 10 70
Stranda 18 5-6 7
Stordal 27,5 8-9 8
Valldal (Sylte) 24,5 8 9
Sjøholt 41 11-12 6
Sykkylven (Aure) 54 17 4
Hareid 78 23 4
Ørsta 98 36 2

Oppskyllingshøgd angir høgda på sjømassene i eit område, relatert til dagens havnivå. Det området som då blir lagt under vatn, er oppskyllingssona.

Bølgen[endre | endre wikiteksten]

«Bølgen» er ein norsk katastrofefilm[Note 2] som skildrar naturkatastrofa som vil kunne skje om fjellmassivet Åkerneset rasar ut. Filmen er vurdert til å ha høg realisme, basert på det scenarioet at heile fjellsida sklir ut i eitt, stort skred. Nokre av dei dramatiske konsekvensane av skredet, slik det er skilda i filmen, er likevel ikkje realistiske, då varslingsystema og beredskapsplanane vil gi folk nok tid til å kom seg i sikkerheit, før skredet kjem.

Skredet kjem – ein eller annan gong[endre | endre wikiteksten]

Forsking og overvaking til trass, ein kan aldri seie noko sikkert om når det skjer eit skred på Åkerneset. Det kan kome i nær framtid – eller først om hundre år. Til tider er det i ymse fora blitt drøfta om ein kan hindre skredet ved sprenging med dynamitt, eller minske skadebølgene ved å fylle masse på fjordbotnen. Slike tiltak blir heilt urealistiske når ein tek med i vurderinga volumet på fjellmassene[Note 3] og djupna av fjorden framfor Åkerneset.

Det einaste tiltaket som til no er blitt drøfta seriøst, er drenering av fjellet. Det er vatn, og dermed is, i dei ulike skikta som i størst grad påverkar aktiviteten inne i fjellmassene, og teorien er at om ein leier bort vatnet, vil rørsla i fjellet minske. Ein av dei store norske kraftprodusentane, Tafjord Kraft, har teke initiativ til utgreiing av eit slikt prosjekt[12][13].

Det har hendt før[endre | endre wikiteksten]

På Nordvestlandet har det i historisk tid gått fleire fjellskred med store skadeverknader. Det gjekk to skred i Loen på 1900-talet, i 1905 og i 1936. I Storfjorden gjekk det eit skred i 1731 (Skafjell-ulukka) nokre kilometer frå Åkerneset og eit i Tafjord (1934) innerst i Storfjorden. Skafjell-ulukka skapte ei flodbølgje som gjorde skade på Sløgstad på motsett side av fjorden, 17 omkom. Flodbølgja etter skredet i Tafjord gjorde stor skade på bygdene Tafjord og Fjørå, og ein del skade på Sylte i Valldal. Ved Hyske nær Geiranger gjekk eit stort skred på 1500-talet eller før. Skadeomfang og omkomne er ikkje kjent, men skredet kan ha vore eit av dei største i regionen.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Dei andre er: Mannen i Romsdalen, Hegguraksla ved Tafjord og Nordnesfjellet i Troms.
  2. «Bølgen» vart produsert i 2015 av Fantefilm Fiksjon AS, med regissør Roar Uthaug.
  3. Det er blitt gjort truverdige berekningar (sjå ref.: Fjellet som trugar) for å gi eit bilete av fjellvolumet på Åkerneset. Dersom ein skulle frakte steinmassene (54 mill.m³) med store lastebilar, ville det kunne samanliknast med ei bilkø som ville rekke rundt ekvator, og endå litt lenger.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Norske Gaardnavne» av Oluf Rygh (Oslo, Børsum, 1969)
  2. Sunnylven og Geiranger 2: Gard og ætt av P.A.Lillebø (om Åkernes: side 478), Stranda sogelag 1972.
  3. Fjellet som trugarSunnmørsposten, 2015
  4. Faresoner for store fjellskredNVE
  5. Farlige fjell under overvåking forskning.no (nettavis)
  6. Ekstensometer NGU
  7. Cruiseskip anløp 2017 Geiranger cruise port
  8. Åknes/Tafjord Beredskap IKS
  9. UMS Lokasjonsbasert varsling
  10. BeredskapskartGISlink.no
  11. Beredskapsplan for fjellskred frå Åkneset - Åknes / Tafjord Beredskap (PDF)
  12. Mulig å drenere Åkneset NRK 28.8.2015
  13. Diskuterer Åknes-drenering GEO365.no 25.01.2017

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]