Hyske

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 62°07′18.9″N 7°9′46.1″E


Hyske eller Hysket (dialektisk: høskje) er ein øydegard på nordsida av Geirangerfjorden, i Stranda kommune i Møre og Romsdal fylke.

Garden er nemnt i skattemanntalet for 1603[1] og ein veit ikkje når dei siste flytta derifrå. Han vart nemnt som øydegard i 1606/7[2] og seinare i 1767. Etter ei overlevering skal der ein gong i tida ha vore ein stor og god gard, og ein marknadsplass[Note 1], men seinare vart han øydelagt av skred. Ein gong på 1500-talet eller før, skal Årsetfjellet[Note 2] (ved garden Årset) ha rasa ut og heile garden, med markar, hus, folk og dyr, skal ha blitt sopt ut i fjorden. Ein kan sjølvsagt ikkje utan vidare feste lit til ei slik historie, men undersøkingar som NGU har gjort i nyare tid viser at eit stort skred verkeleg har gått ut i fjorden, nett der tunet på Hyske ein gong kan ha lege[3]. Skredet var truleg mellom dei største skredulukkene vi kjenner til i Noreg.

Steinruinar etter 3-4 hus er å sjå på staden i dag, og dei kan ha samanheng med at plassen på 1600- og 1700-talet skal ha blitt nytta av ungfolk i kortare periodar, til dei fann seg ein betre stad å bu.

Hyskjet naturreservat[4] (Areal: ca 525 dekar) vart oppretta 27. juni 2003, med det føremål å ta vare på ein av dei best utvikla edellauvskogane i fjordstroka på Sunnmøre, med det naturlege plante- og dyrelivet.

207 Geirangerfjord.jpg
Verne- og miljøstatus for Geirangerfjorden:
Landskapsvernområde Geiranger-Herdalen
UNESCO Verdsarv-liste Vestnorsk Fjordlandskap
Miljødirektoratet Søk i Naturbase for Stranda

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Etter Jørgen Gjerding, vart namnet på garden tidlegare skrive som «Hørrische» (1603) og «Horrschie» (1613). Det er uvisst kva namnet tyder, men det kan ha samanheng med dei norrøne orda hross (hest) og skeið (skeid, kapprenn) og dermed vise til ein stad med hestemarknad og hestekampar.
  2. Årsetfjellet ligg rett opp for Hyske, nedanfor den øvste og siste svingen av Ørnevegen.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Øydebruk i Sunnylven og Geiranger», side 46
  2. Hørsche Ødegard Lensrekneskap 1606/07 for Sunnmøre (avskrift 2004 v/ Ivar S. Ertesvåg)
  3. «Skredulykker i Norge», side 148
  4. Hyskjet naturreservat Lovdata

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]