(Ghost) Riders in the Sky: A Cowboy Legend
«(Ghost) Riders in the Sky: A Cowboy Legend'» | |
Låtskrivar | Stan Jones |
---|---|
Publisert | 1948, Edwin H. Morris & Co Inc |
«(Ghost) Riders in the Sky: A Cowboy Legend» er ein country/western-song skriven i 1948 av den amerikanske låtskrivaren og skodespelaren Stan Jones.[1]
Melodien liknar på «Spancil Hill», ein tradisjonell irsk folkesong av Michael Considine, som var ein irsk emigrant til USA i 1870-åra.
Fleire versjonar vart hittar på poplista i 1949, og størst suksess fekk Vaughn Monroe. I ASCAP-databasen står songen oppført som «Riders in the Sky», men tittelen er òg blitt skriven som «Ghost Riders», «Ghost Riders in the Sky» og «A Cowboy Legend». Medlemmar av Western Writers of America valde songen som ein av ei 100 beste westernsongane gjennom tidene.[2]
Oversyn
[endre | endre wikiteksten]Songen fortel ei soge om ei cowboy som har eit syn av kveg med raude augo og hovar av stål som tordnar over himmelen, og vert jaga av andene etter fordømde cowboyar. Ein av dei åtvarar han om visst han ikkje endrar levesettet sitt, så vil han bli fordømd slik som dei. Jones fortalte at han blitt fortalt denne soga då han var 12 år gammal av ein gammal cowboyven.[1] Soga minner om den nordeuropeiske soga om Oskoreia.[3]
Meir enn 50 artistar har spelt inn versjonar av songen. Songar som har nådd hitlistene vart spelte inn av The Outlaws, Vaughn Monroe («Riders in the Sky» med orketer og vokalkvartett), som toppa Billboard-lista, av Bing Crosby (med Ken Darby Singers), Frankie Laine, Burl Ives (to forskjellige versjonar), Marty Robbins, The Ramrods og Johnny Cash. Andre innspelingar vart gjort av Eddy Arnold, Peggy Lee (med Jud Conlon Singers), Christopher Lee og Spike Jones and his City Slickers. Gene Autry song songen i filmen Riders in the Sky i 1949. Jones sjølv spelte inn songen i 1957 for albumet Creakin' Leather.[4] Children of Bodom, Impaled Nazarene og Die Apokalyptischen Reiter har òg spelt songen.
Melodien er basert på songen «When Johnny Comes Marching Home.»[5]
Innspelingar
[endre | endre wikiteksten]1948
[endre | endre wikiteksten]- Originalversjonen av Stan Jones vart spelt inn seint i 1948 og komponinsten Eden Ahbez ende songen til Burl Ives, som spelte inn sin eigen versjon eit år seinare.
1949
[endre | endre wikiteksten]- Burl Ives spelte inn songen den 17. februar 1949 og songen kom ut på Columbia Records. Innspelinga gjekk inn på Billboard-lista den 22. april 1949, og låg der i seks veker med ein 21. plass som høgaste plassering.[6]
- Versjonen til Vaughn Monroe and His Orchestra med Vaughn Monroe and The Moon Men på vokal, vart spelt inn 14. mars 1949 og gjeven ut på RCA Victor Records. Denne gjekk inn på Billboard-lista den 15. april 1949. Han låg på lista i 22 veker og gjekk heilt til topps..[6] Billboard rangerte songen på førsteplassen for heile året 1949.[7]
- Bing Crosby sin versjon vart spelt inn 22. mars 1949,[8] og kom ut på Decca Records. Denne gjekk inn på Billboard-lista den 6. mai 1949. Han låg på lista i seks veker og nådde 14. plassen.[6]
- Peggy Lee spelte inn sin versjon 18. april 1949 og gav han ut på Capitol Records. Denne nådde andreplassen på Billboard's Most Played By Disc Jockeys-lista.
- Spike Jones spelte inn songen den 24. mai 1949 og gav han ut på RCA Victor Records. Kopiar av den originale innspelinga som gjer narr av Vaughn Moore er sjeldne.
1950-åra
[endre | endre wikiteksten]- I 1953 gjekk filmen Goldtown Ghost Riders med Gene Autry. Han song der songen «Ghost Riders in the Sky».
- Songen var opningssporet på Scatman Crothers-albumet Rock 'n' roll with Scat Man i 1956.
- Theodore Bikel song ein kmoisk versjon av songen på albumet An Actor's Holiday (1956).
1960-åra
[endre | endre wikiteksten]- Songen vart spelt inn av Norman Luboff Choir og gjeven ut i 1960 på albumet deira, Songs of the Cowboy.
- Lawrence Welk and His Orchestra gav ut ein instrumental versjon i 1961, med Neil Levang på gitar. Denne låg tre veker på Billboard Hot 100-lista og nådde ein 87. plass.[9]
- Curtis Lance (Dick Jensen) and the Uniques spelte inn ein instrumentalversjon i 1961.[10]
- The Brothers Four spelte inn ein driven, kjapp versjon, med redigert og kortare tekst for albumet B.M.O.C.: Best Music On/Off Campus for Columbia Records i 1961.
- The Sons of the Pioneers inkluderte songen på albumet deira Cool Water i 1961 under namnet «Riders in the Sky».
- Ein instrumentalversjon vart spelt inn av The Ramrods seint i 1960 og gjekk inn på Billboard Top 30 i 1961
- The Ventures laga ein surferockversjo av songen i 1961. Eit konsertopptak av songen med cover av songen in 1961. A live performance of surferockbandet The Original Surfaris kom ut i 1962 på samlealbumet Surf's Up! At Banzai Pipeline.
- Bob James spelte inn songen som siste spor på debutalbumet Bold Conceptions i 1962.
- The Spotnicks, eit svensk instrumental rockeband, spelte songen i 1962 på albumet deira, The Spotnicks in London, Out-a space.
- Frankie Laine spelte inn songen i 1963 på albumet hans, Wanderlust.
- Frank Ifield spelte inn songen i 1963 for albumet Born Free (Columbia 33SX 1534).[11]
- Dick Dale spelte inn ein surferockverjon av det andre albumet King of the Surf Guitar frå 1963.
- California-songaren Peter Tevis spelte inn ein versjon med orkester og korarrangement av Ennio Morricone i 1965 på albumet Un pugno di...West.
- Baja Marimba Band spelte songen på albumet Watch Out i 1966.
- Tom Jones spelte songen på albumet Green, Green Grass of Home i 1967.
- Takeshi Terauchi & Bunnys spelte inn ein instrumentalversjon av songen i 1967 på albumet deira The World Is Waiting For Terry.
- Davie Allan and the Arrows spelte inn to versjonar, ein av på albumet Blues' Theme og den andre på Moving Right Along i 2008.
- Jimmy Wakely, ein cowboysongar, spelte inn songen på Shasta Records.
- Burl Ives laga ein ny versjon av songen i 1969 på albumet Got the World by the Tail.
1970-åra
[endre | endre wikiteksten]- Elvis Presley spelte inn songen i juni 1970 på ein scene hos MGM i Culver City i California.
- Susan Christie gav ut ein versjon i 1970 på albumet hennar, Paint a Lady.
- Roy Clark spelte ein instrumental versjon i 1973 på albumet Roy Clark/Superpicker. Denne nådde 27. plassen på Hot Country Singles-lista det året.
- Tidlegare REO Speedwagon-gitaristen Gary Richrath siterte melodien i songen på ein gitarsolo på konsertalbumet til bandet, Live: You Get What You Play For frå 1977.
- Riders in the Sky spelte inn songen for debutalbumet Three on the Trail i 1979.
- Johnny Cash spelte inn songen i 1979 for albumet Silver. Denne nådde andreplassen på Billboard Hot Country Singles & Tracks-lista. Johnny Cash song òg songen då han var gjest på The Muppet Show i 1980.
1980-åra
[endre | endre wikiteksten]- Countrysongaren Chris LeDoux spelte inn ein versjon av songen i 1980 på albumet Old Cowboy Heroes.
- Ein versjon av The Shadows nåddde 12. plassen på UK Singles Chart i 1980.
- Det australske bandet The Fabulaires frå Adelaide spelte ein versjon av songen på EP-en Apocalypso.
- Rockebandet Outlaws spelte inn songen i 1980 på albumet deira Ghost Riders.
- Dean «Red Elvis» Reed spelte inn songen på albumet Country i 1982 i Aust-Tyskland og Tsjekkoslovakia.[12][13]
- Ein versjon på Sesame Street kalla «The Dirtiest Town In The West» med endra tekst, vart send på fjernsyn i 1982.
- Vic Damone spelte inn ein versjon i 1982 på albumet hans Over The Rainbow.
- Psychobilly-bandet King Kurt gav ut ein versjon i 1983 på albumet deira Ooh Wallah Wallah.
- Det danske cowpunkbandet Disneyland After Dark (seinare berre D-A-D) spelte inn songen «Riding With Sue» i 1986 for albumet deira Call of the Wild dder riffa frå melodien vert nytta i mellomspelet.
- The Chaps gav ut ein skotsk parodiversjon kalla «Rawhide» i 1982.
1990-åra
[endre | endre wikiteksten]- Peter, Paul & Mary spelte inn ein parodi av songen kalla «Yuppies in the Sky» i 1990 på albumet deira Flowers and Stones.
- Terry Scott Taylor og Daniel Amos spelte inn ein versjon i 1990 på The Miracle Faith Telethon.
- Impaled Nazarene spelte ein black metal-versjon av songen, som kom ut på EP-enSadogoat i 1993.
- Captain Tractor spelte ein versjon i 1994 på albumet Land.
- Buckethead spelte ein dub-versjon av songen på Giant Robot-turneen i 1994.
- Dick Dale spelte songen inn att på ny i 1994 for albumet Unknown Territory.
- Duane Eddy spelte gitar på ein saksofonversjon med Jim Horn i 1996 på Curb-albumet Ghost Rider.[14]
- I 1997 vart songen spelt på VH1 Storytellers av Johnny Cash og Willie Nelson.
- Deborah Harry, frontkvinne i Blondie, spelte in ein trance-versjon av songen for filmen Three Businessmen (1998).[15]
- Christopher Lee spelte inn ein versjon av songen på albumet Devils, Rogues & Other Villains frå 1998.
- The Blues Brothers framførte songen i 1998 i filmen Blues Brothers 2000.
- I 1999 spelte Ned Sublette ein merengue-versjon på albumet sitt, Cowboy Rumba.
2000-åra
[endre | endre wikiteksten]- Det tysk metalbandet Dezperadoz (med eit medlem frå Sodom) spelte inn songen i 2000 på albumet deira, The Dawn Of Dying.
- Dolan Ellis spelte songen på Tall Tales, Lost Trails & Heroes i 2000.
- Ghoultown spelte inn ein versjon av denne songen på albumet deira Tales from the Dead West (2000).
- Concrete Blonde spelte inn ein versjon på albumet deira Mojave i 2004.
- John Frusciante, Michael Rother og Josh Klinghoffer framførte ein kort instrumental versjon av songen i 2004.
- Tyske Die Apokalyptischen Reiter gav ut ein versjon kalla «Ghostriders in the Sky» på EP-en Friede sei mit dir i 2006.[16]
- Me First and the Gimme Gimmes spelte inn songen i 2006 på albumet deira Love Their Country. Denne versjonen vart seinaren nytta i ein trailer for videospelet Forza Horizon 3 i 2017.
- Art Greenhaw spelte inn ein world-fusion versjon av songen på albumet Lone Star Sitar i 2006.[17]
- Under rulleteksten til filmen Ghost Rider, spelte bandet Spiderbait ein versjon av songen.
- Det finske bandet Children of Bodom spelte songen som «Ghostriders in the Sky» og gav han ut på spesialutgåva av albumet Blooddrunk i 2008.
2010-åra
[endre | endre wikiteksten]- Judy Collins spelte songen i 2010 på albumet hennar Paradise.
- Gorlock spelte inn songen i 2011 på EP-en Despair is My Mistress.
- Songen opnar Roswell Rudd-albumet Trombone For Lovers.
- Drop The Lime spelte ein instrumental versjon i 2012 på albumet Enter The Night.
- Screaming Orphans på albumet Lonely Boy. (2011)
- Ray Scott gav ut ein versjon av songen på EP-en «Roots Sessions, Vol. 1» i 2015.
- Chrome Division spelte songen i 2011 på albumet 3rd Round Knockout.
Fleire utgåver
[endre | endre wikiteksten]- Carlos Malcolm
- All-American Boys Chorus
- Boston Pops Orchestra
- Chrome Division
- Dean Martin
- Dixie Chicks
- Fred Penner
- Kaleidoscope
- Marty Robbins
- Mary McCaslin
- R.E.M.
- The Tubes (med tittelen «Cowboy Fee & The Heifer's Dream»)
- Youn Sun Nah (på albumet hennar Lento)
- Vocal Majority
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «(Ghost) Riders in the Sky: A Cowboy Legend» frå Wikipedia på engelsk, den 27. februar 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Stan Jones». Western Music Association. Arkivert frå originalen 24. februar 2017. Henta 25. februar 2018.
- ↑ Western Writers of America (2010). «The Top 100 Western Songs». American Cowboy. Arkivert frå originalen 10. august 2014.
- ↑ Houston, Susan Hilary (1964). «Ghost Riders in the Sky». Western Folklore 23 (3): 153–162.
- ↑ Creakin' Leather (1957). Disneyland Records WDL-3015. «Stan Jones sings his own compositions» Recorded by Walt Disney Music Co. Copyright Walt Disney Productions.
- ↑ «(Ghost) Riders In the Sky by The Outlaws Songfacts». Songfacts.com. 14. mai 1949. Henta 25. februar 2018.
- ↑ 6,0 6,1 6,2 Whitburn, Joel (1973). Top Pop Records 1940-1955. Record Research.
- ↑ Number One Song of the Year: 1946-2013, Bob Borst website
- ↑ «A Bing Crosby Discography». BING magazine. International Club Crosby. Henta 20. september 2016.
- ↑ «Billboard Music Week Hot 100», Billboard, October 9, 1961. Henta 27. februar 2018.
- ↑ «DICK JENSEN - A DISCOGRAPHY». Stereo Candies.
- ↑ «Frank Ifield 'Born Free'». 45worlds.com. Retrieved 31-03-2017.
- ↑ DDR Amiga 8 55 957/1982
- ↑ ČSSR Supraphon 1113 3067 ZA/1982
- ↑ Collar, Matt. «Ghostrider: Great Guitar Hits - Duane Eddy». AllMusic. Henta 27. februar 2018.
- ↑ «Ghost Riders in the Sky». Debora Harry. Arkivert frå originalen (MP3) 10. april 2016. Henta 27. februar 2018.
- ↑ ««Ghostriders in the Sky» on the 2006 Die Apokalyptischen Reiter EP, Friede Sei Mit Dir». discogs.com. Henta 24. november 2013.
- ↑ catalog and song samples
- Western-musikk
- Songar frå 1948
- Songar på toppen av Billboard-lista
- Burl Ives-songar
- Bing Crosby-songar
- Gene Autry-songar
- Johnny Cash-songar
- Peggy Lee-songar
- Vic Damone-songar
- Outlaws-songar
- Eddy Arnold-songar
- Jimmie Rodgers-songar
- Frankie Laine-songar
- Dick Dale-songar
- Lorne Greene-songar
- Tom Jones-songar
- R.E.M.-songar
- The Blues Brothers-songar
- Willie Nelson-songar
- Elvis Presley-songar
- Children of Bodom-songar
- Judy Collins-songar
- The Ventures-songar
- Ferrante & Teicher-songar
- The Shadows-songar
- The Trashmen-songar
- The Chantays-songar