1981-dataspelet Donkey Kong
Utsjånad
| Donkey Kong | |||
| | |||
| Arkademaskin med Donkey Kong | |||
| Utviklar(ar) | Nintendo | ||
|---|---|---|---|
| Utgjevar(ar) | Nintendo | ||
| Kreativt ansvarleg(e) | Shigeru Miyamoto | ||
| Produsent(ar) | Gunpei Yokoi | ||
| Design(ar) | Shigeru Miyamoto (designar) Yukio Kaneoka (komponist) | ||
| Serie | Mario, Donkey Kong | ||
| Plattform(er) | Arkade, NES, GBA, Virtual Console | ||
| Utgjeving | 1981 | ||
| Sjanger | Plattform | ||
| Spelemodus | fleirspelar, einspelar | ||
| Aldersgrense | PEGI: 3+ | ||
| Del av serien Donkey Kong, Mario⠀ | |||
Dataspelet Donkey Kong (ドンキーコング) er eit plattformspel utvikla av Nintendo og utgjeve i 1981. I spelet må helten Jumpman, no kjent som Mario, berge ei kvinne som er blitt teken til fange av Donkey Kong, ei diger ape. Helten og apa skulle seinare vise seg å bli to av dei mest populære figurane til Nintendo.
Oppsett
[endre | endre wikiteksten]I spelet styrer ein Jumpman som må koma seg frå botn til toppen av ei bane for å vinne. På toppen ventar Donkey Kong og kvinna han har fanga, og apa kastar tønner frå toppen for å gjere det vanskelegare for Jumpman å nå til topps. Helten kan hoppe og klatre i stigar, og finn han ein hammar kan han få has på mindre fiendar undervegs. Det er til saman fire nivå i spelet; 25m, 50m, 75m og 100m.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Donkey Kong Arkivert 2011-05-19 ved Wayback Machine. på Nintendo.no