A Salty Dog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
A Salty Dog
Studioalbum av Procol Harum
Utgjeve Juni 1969
Innspelt Mars 1969
Studio EMI Studios i London
Sjanger Progressiv rock
Lengd 40:18
Selskap Regal Zonophone, A&M
Produsent Matthew Fisher
Procol Harum-kronologi
Shine On Brightly
(1968)
A Salty Dog Home
(1970)


A Salty Dog er det tredje studioalbumet til det engelske rockebandet Procol Harum, utgjeve i juni 1969 på selskapa Regal Zonophone og A&M.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Albumet har eit maritimt tema, noko som kjem til syne på plateomslaget. Med songar i streit rock, blues og pop var A Salty Dog ei ny retning i høve dei førre albuma til bandet, og var tematisk mindre obskurt. Sjølve tittelsporet var den første songen til Procol Harum der dei nytta lydeffektar og eit orkester. Denne songen vart framført på eit konsertalbum med orkester tre år seinare.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Dei ulike musikalske retningane til gruppa og Robin Trower byrja å kome til syne her og syner at Trower alt var byrja å gå i ei anna retning enn resten av bandet. Likevel er dette albumet meir musikalsk variert enn dei to førre albuma med tre songar med Fisher på vokal og ein av Trower.

Albumet var det første som vart produsert av Matthew Fisher, som slutta i bandet etter albumet kom ut. Det var òg det siste Procol Harum-albumet med bassisten Dave Knights.

A Salty Dog vart spelt inn i mars 1969. Dei musikalske usemjene mellom gruppa og Robin Trower byrja å kome til syne på dette albumet, og sjølv om gitaren hans er ein viktig del av dei fleste spora, synte «Crucifiction Lane» (med Trower for ein sjeldan gong på vokal) seinare at Trwoer alt var på veg i ei anna retning enn resten av bandet. Likevel er dette albumet meir musikalsk variert en dei to føregåande albuma med tre songar med Fisher på vokal og ein av Trower.

Då Gary Brooker først spelte «A Salty Dog» på piano for B.J. Wilson, trefte ei solstråle andletet til Wilson og han fortalte Brooker at han syns det var den vakraste songen han hadde høyrt nokon gong.[1]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

A Salty Dog kom ut i juni 1969 på Regal Zonophone og A&M. Tittelsporet vart gjeven ut på singel med «Long Gone Geek» som B-side og nådde 44. plassen i Storbritannia i 1969, medan sjølve albumet nådde 27. plassen på albumlista.

Songen «A Salty Dog» vart nytta i filmen Purple Haze frå 1983.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

John Mendelson skreiv for Rolling Stone at det var «eit forvirrande album. På sitt beste representerer det den største suksessen til gruppa til då med ein type rock som gruppa er kjend for. På sitt verste er det både overraskande middelmåtig og trivielt».[2] Robert Christgau var meir entusiastisk i The Village Voice og gav det ein «A+»,[3] sjølv om han seinare sa at det var ein trykkfeil og at det burde ha vore «B+».[4]

I ei seinare melding skreiv Bruce Eder i AllMusic at «dette albumet, det tredje for gruppa, var der dei synte kor langt talentet deira strekte seg over det musikalske landskap, frå blues til R&B til klassisk rock.» Tittelsporet kalla han «ein av dei beste songane til Procol Harum og ein av dei beste progressive rockesongane som finst».[5]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side A
# Tittel Lengd
1. «A Salty Dog»   4:41
2. «The Milk of Human Kindness»   3:47
3. «Too Much Between Us»   3:45
4. «The Devil Came from Kansas»   4:38
5. «Boredom»   4:34
Side B
# Tittel Lengd
1. «Juicy John Pink»   2:08
2. «Wreck of the Hesperus»   3:49
3. «All This and More»   3:52
4. «Crucifiction Lane»   5:03
5. «Pilgrim's Progress»   4:32
Bonusspor på 1999-utgåva
# Tittel Lengd
11. «Long Gone Geek» (B-side til singelen «A Salty Dog»)  
12. «All This And More»    
13. «The Milk of Human Kindness» (instrumentalversjon)  
14. «Pilgrim's Progress» (instrumentalversjon)  
15. «McGreggor» (tidlegare uutgjeven spor, opphavleg meint for Shine On Brightly)  
16. «Still There'll Be More»    
Bonusspor på 2009-utgåva
# Tittel Lengd
11. «Long Gone Geek»   3:20
12. «Goin' Down Slow» (konsertopptak frå USA, april 1969) 7:56
13. «Juicy John Pink» (konsertopptak frå USA, april 1969) 2:37
14. «Crucification Lane» (konsertopptak frå USA, april 1969) 4:34
15. «Skip Softly (My Moonbeams) / Also Sprach Zarathustra» (konsertopptak frå USA, april 1969) 5:26
16. «The Milk of Human Kindness» (opptak 1, rå-spor) 3:51

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Gary Brooker – solovokal (1–4, 6, 8), piano, celeste, 3-strengsgitar, bjøller, munnspel, blokkfløyte, tre, orkesterarrangement (1, 8)
  • Robin Trower – sologitar, akustisk gitar, solovokal (9), kanebjølle
  • Matthew Fisher – orgel, solovokal (5, 7, 10), marimba, rytmegitar, akustisk gitar, piano, blokkfløyte, orkesterarrangement (7), produsent
  • Dave Knights – bass
  • B. J. Wilson – trommer, congatrommer, tabla
  • John «Kellogs» Kalinowski – bosunfløyte, forfriskingar
  • Keith Reid – tekstar
Teknisk
  • Ken Scottlydteknikar (1–5, 8–10)
  • Ian Stewart – lydteknikar (6)
  • Henry Lewy – lydteknikar (7)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «'ASD' anecdote spotted in 'The Scotsman' by Charlie Allison». Procolharum.com. Henta 12. mai 20127. 
  2. Mendelson, John (31. mai 1969). «Records». Rolling Stone (San Francisco: Straight Arrow Publishers, Inc.) (34): 37. Henta 2. juni 2015. 
  3. Christgau, Robert (10. juli 1969). «Consumer Guide (1)». The Village Voice. Henta 4. september 2019. 
  4. Anon. (25. april 2002). «Nitpicking Issues With the Lists». robertchristgau.com. Henta 4. september 2019. 
  5. Eder, Bruce (2011). «A Salty Dog – Procol Harum | Songs, Reviews, Credits, Awards | AllMusic». AllMusic. Henta 4. september 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]