Dave Ball

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

David 'Dave' J Ball (fødd 30. mars 1950 i Handsworth i Birmingham i England) er ein engelsk gitarist.

I 1971 vart han medlem av Procol Harum, og erstatta Robin Trower som hadde slutta for å starta sitt eige band. Ball svarte på ei annonse i Melody Maker. Han er med på det bestseljande konsertalbumet Procol Harum Live with the Edmonton Symphony Orchestra, men forlet gruppa under innspelinga av albumet Grand Hotel i 1973. Han starta gruppa Bedlam med broren Dennis og trommeslagaren Cozy Powell, som gav ut eit album på Chrysalis Records, men gruppa vart oppløyst etter kort stund. Han spelte òg i lag med Long John Baldry på Baldry-albumet Good to be Alive i 1973.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Radio Azzurra

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]