Grand Hotel av Procol Harum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Grand Hotel
Studioalbum av Procol Harum
Utgjeve Mars 1973
Sjanger Progressiv rock, symfonisk rock
Lengd 41:09
Selskap Chrysalis
Produsent Chris Thomas
Procol Harum-kronologi
Procol Harum Live: In Concert with the Edmonton Symphony Orchestra
(1972)
Grand Hotel Exotic Birds and Fruit
(1974)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[1]
Christgau's Record GuideC[2]

Grand Hotel er det sjette studioalbumet til Procol Harum. Det kom ut i 1973 og signaliserte ei retningsendring for bandet. Gitaristen Dave Ball som kom med i bandet for konsertalbumet deira året før, forlet bandet kort tid etter biletet til plateomslaget vart teke, så biletet av han vart erstatta av eit bilete av Mick Grabham klistra oppå Ball. Sjølv om bandet dei siste åra hadde hatt mange utskiftingar, gjekk bandet inn i ein meir stabil periode.

Albumet nådde 21. plassen på Billboard-lista i USA. I Danmark nådde det fjerdeplassen,[3] der gruppa alltid hadde gjort det godt.

Singelen «A Souvenir of London» vart bannlyst av BBC på grunn av referansen til kjønnssjukdomar.

Douglas Adams kom på ideen til The Restaurant at the End of the Universe då han lytta til tittelsporet.[4]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Gary Brooker og Keith Reid.

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Grand Hotel»   6:10
2. «Toujours l'amour»   3:31
3. «A Rum Tale»   3:20
4. «TV Caesar»   5:52
Side to
# Tittel Lengd
1. «A Souvenir of London»   3:23
2. «Bringing Home the Bacon»   4:21
3. «For Liquorice John»   4:27
4. «Fires (Which Burnt Brightly)»   5:10
5. «Robert's Box»   4:45
Bonusspor på Salvo-utgåva frå 2009
# Tittel Lengd
1. «Grand Hotel» (råopptak) 6:07
2. «Bringing Home the Bacon» (råopptak med Dave Ball på gitar) 6:06

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

med

  • Christiane Legrand vokal på «Fires (Which Burnt Brightly)»
  • The Pahene Recorder Ensemble - gjesteartist (6)
Teknisk
  • John Punter - lydteknikar
  • Spencer Zahn - kunst, design
  • Jeffrey Weisel - fotografi, teikningar inne i plateheftet

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Grand Hotel av Procol HarumAllmusic
  2. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: P». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 4. september 2019 – via robertchristgau.com. 
  3. Danskehitlister.dk
  4. Adams, Douglas. The Salmon of Doubt.