Geoff Whitehorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Geoffrey Charles 'Geoff' Whitehorn (fødd 29. august 1951 i London i England) er ein gitarist og låtskrivar, som har vore medlem av If, Crawler og Procol Harum.

Geoff Whitehorn i København

Han starta karrieren sin i det britiske jazzrockbandet If i det som var den tredje og siste besetninga deira i 1973. Han spelte inn det første soloalbumet sitt, Whitehorn i 1974. I 1976-1979 spelte Whitehorn i band Crawler (tidlegare kjend som Back Street Crawler), og erstatta Paul Kossoff då han omkom.

I 1991 vart han med i bandet Procol Harum,[1] og har sidan den gong vore gitaristen i bandet.

Whitehorn har medverka på innspelingane til andre band og artistar som Bad Company,[2] Jethro Tull,[3] Kevin Ayers, Elkie Brooks, The Who,[4] Roger Waters, Manfred Mann's Earth Band, Paul McCartney, Billy Ocean og Paul Rodgers.[1] I 2007 turnerte han med Elkie Brooks i Storbritannia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Taylor, Mick (2007) "Whitehorn Goes Organic", Gitarist, 4 Apr 2007, retrieved 2011-08-08
  2. Smith, George (1990) "Nowadays Lots of Hard Rockers are keeping Bad Company Company", The Morning Call, 20 juli 1990, p. D01
  3. Johnson, Dean (1993) "Jethro Tull makes living in the past a welcome reunion at Great Woods", Boston Herald, 29 august 1993, p. 43
  4. Sullivan, Jim (1996) "Resurrected `Quadrophenia' resounds", Boston Globe, 18 juli 1996

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]