Matthew Fisher

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Matthew Fisher

Fødd7. mars 1946 (78 år)
FødestadAddiscombe
FødenamnMatthew Charles Fisher
OpphavStorbritannia
Aktiv1963–
Sjangerprogressiv rock
Instrumentpiano
Verka somorganist, komponist, pianist, låtskrivar, kunstnar

Matthew Charles Fisher (fødd 7. mars 1946 i Addiscombe i Croydon i England) var ein engelsk organist, songar og låtskrivar, og spelte hammondorgel på den store hitsingelen «A Whiter Shade of Pale» av Procol Harum i 1967.

I tillegg som langvarig medlem av Procol Harum, var han produsent for blant andre Robin Trower, James Dewar og Tir Na Nog og hadde òg ein solokarriere,[1] der han særleg var populær i Hellas. Songen hans «Why'd I Have To Fall In Love With You» frå 1980 vert framleis rekna som ein klassikar der.[2] Fisher slutta Procol Harum i 1969 etter det tredje albumet deira A Salty Dog, som han òg produserte, kom ut. Han kom inn att i bandet i 1991 og spelte inn musikk og turnerte med bandet, men gav seg att i 2004.

Fisher var med og skreiv og spelte på filmmusikken til avantgardefilmen Separation i 1968.

Han spelte òg orgel og piano med Prairie Madness i 1972, Screaming Lord Sutch i 1972 og David Bowie-turneen i juni og juli 1972 med The Spiders from Mars.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Index to Fisher solo albums». procolharum.com. Henta 12. mai 2012. 
  2. Procolharum.com. Procolharum.com.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]