B.J. Wilson
B.J. Wilson | |
![]() | |
Fødd | 18. mars 1947 |
---|---|
Fødestad | Edmonton i London i England |
Død | 8. oktober 1990 (43 år) |
Dødsstad | Eugene i Oregon i USA |
Fødenamn | Barrie James Wilson |
Opphav | Storbritannia |
Aktiv | 1960-åra–1990 |
Instrument | trommesett |
Tilknytte artistar | Procol Harum, The Paramounts |
Verka som | Trommeslagar |
Barrie James «B.J.» Wilson (18. mars 1947–8. oktober 1990) var ein engelsk trommeslagar som mellom anna spelte i Procol Harum.
Wilson er mest kjend som trommeslagar for Procol Harum, men han spelte ikkje på den første hitten deira, «A Whiter Shade of Pale», men kom inn i gruppa kort tid etter. Sjølv om han ikkje er like kjend som andre store trommeslagarar i sin generasjon, vert han ofte trekt fram som ein av dei største i rockemusikken, og vart stemd fram som den beste trommeslagaren i dei populære musikkundersøkingane til Playboy tidleg i 1970-åra. Han avslo eit tilbod frå Jimmy Page og Robert Plant om å verte den første trommeslagaren i Led Zeppelin.
Etter Procol Harum vart oppløyst i 1977 spelte Wilson i lag med Frankie Miller og Joe Cocker. Han spelte òg trommer på Cocker-hitten «With a Little Help from My Friends» frå 1968. Andre artistar Wilson har spelt med er AC/DC og han spelte trommer på filmmusikkalbumet til The Rocky Horror Picture Show[1].
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «B.J. Wilson» frå Wikipedia på engelsk, den 4. oktober 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ cdconnection.com, arkivert frå originalen 2011-09-29, henta 4. oktober 2011