Don Snow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Don Snow
Fødd13. januar 1957 (62 år)
FødestadNairobi
AliasJonn Savannah
OpphavStorbritannia
Aktiv1978 til i dag
SjangerRock, pop, synthpop, new wave, alternativ rock, punkrock, dance, electronic, classic rock, power pop, post-punk, bluesrock, blue-eyed soul
InstrumentVokal, klaverinstrument, gitar, saksofon
Tilknytte artistarProcol Harum, Squeeze, Tina Turner, The Catch, The Sinceros
Verka somMusikar, produsent

Don Snow (fødd 13. januar 1957 i Nairobi i Kenya) er ein vokalist, organist, pianist, gitarist, bassgitarist, trommeslagar og saksofonist, som er mest kjend for arbeidet sitt med Squeeze,[1] The Sinceros, Procol Harum og new wave-gruppa The Catch (kjend for songen «25 Years» frå 1983). Han har ofte turnert med Van Morrison og spelt hammondorgel og piano på tre av albuma hans.

Han starta karrieren i 1978 som opphavleg medlem av new wave/power pop-gruppa The Sinceros, som fekk kontrakt med Epic Records og gav ut ei rekkje album der. På denne tida spelte han òg med Lene Lovich og Bill Nelson, før han vart med i Squeeze i 1982, der han erstatta Paul Carrack. På denne tida spelte han inn singele «25 Years» (som The Catch), som nådde tredjeplassen på den tyske singellista og selde ein halv million eksemplar der. Han har òg arbeidd på plater av artistar som Judie Tzuke, Tracey Ullman, Nik Kershaw, ABC og Sheila Walsh.

I 1987 vart han med Tina TurnerBreak Every Rule-turneen hennar og albumet Tina Live in Europa. Han har òg spelt med Roger Daltrey, Tom Jones, Jimmy Somerville, Chris Eaton, Holly Johnson, Boy George, Jaki Graham og Gary Moore. Den 11. juni 1988 spelte han på den første Nelson Mandela-konsertenWembley Arena i lag med Al Green, Joe Cocker, Natalie Cole, Jonathan Butler, Freddie Jackson og Ashford & Simpson.

Sidan 2000 har han spelt på plater med Kylie Minogue, Melanie C, Joe Cocker, Mark Owen, Michael Ball, og gjeve ut fleire soloalbum.

I desember 1992 endra han namn til Jonn Savannah.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lewis, Barbara (13 November 1982). «British group Squeeze breaks up». The Free Lance-Star. s. 16. Henta 13. mai 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]