Procol Harum av Procol Harum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Procol Harum
Studioalbum av Procol Harum
Utgjeve September 1967 (USA), desember 1967 (Storbritannia)
Innspelt Juni 1967
Studio Olympic Studios i London
Sjanger psykedelisk rock, proto-prog
Lengd 35:05
Selskap Regal Zonophone
Produsent Denny Cordell
Procol Harum-kronologi
Procol Harum Shine On Brightly
(1968)


Procol Harum er debutalbumet til det engelske rockebandet Procol Harum. Det kom ut i september 1967 på Deram i USa, etter gjennombrotet deira med den særs populære singelen «A Whiter Shade of Pale». Songen er ikkje med på den britiske utgåva av albumet som kom ut i desember 1967 på Regal Zonophone.

Låtskriving[endre | endre wikiteksten]

Alle songane var originale og skrivne av Gary Brooker (musikk) og Keith Reid (tekst), utanom «Repent Walpurgis» skriven av Matthew Fisher, etter verk av den franske organisten Charles-Marie Widor og den tyske komponisten Johann Sebastian Bach.

I 2005 saksøkte Matthew Fisher[1] Gary Brooker og forleggjaren han og meinte at han var dels komponist på musikken for «A Whiter Shade of Pale». Den endelege avgjersla kom 30. juli 2009, då House of Lords dømde i favør av Fisher. Lord David Neuberger skreiv: «Bidrag til Fisher var signifikant, særskild dei åtte første taktane som var ein viktig faktor i suksessen til verket...».[2][3]

Tekstforfattaren Keith Reid fortalte Songfacts at musikken for «Conquistador» var skriven før teksten. Han la til at dette var uvanleg for Procol Harum på den tida, då nesten alle songane vart tonesette til tekstar som alt var skrivne.»[4]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Procol Harum kom ut i september 1967 i USA og tre månader seinare i Storbritannia. Sjølv om albumet vart spelt inn med fleirsporsopptakar, vart det berre gjeve ut på mono i Storbritannia, og både i mono og re-kanalisert stereo i USA. Ein har ikkje funne att dei originale masterlydbanda, så det vert kanskje aldri mogeleg å lage ein ordentleg stereomiks av originalalbumet. Fleire alternative opptak er derimot blitt miksa til stereo og finst på CD.

Albumet har kome ut på ny fleire gonger, mellom anna Procol Harum...Plus! i 1998 som kom med fleire bonusspo og ei vinylutgåve i mono i 2003 på Classic Records.

Eit konsertopptak av sporet «Conquistador» vart gjeven ut på singel frå albumet Procol Harum Live with the Edmonton Symphony Orchestra i 1972 og nådde 16. plassen på Billboard Hot 100-lista i USA og låg ti veker inne på lista.[5]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[6]
Classic Rock7/10[7]
Crawdaddy!(positiv)[8]
MusicHound3.5/5[9]

I ei seinare melding av albumet skreiv Bruce Eder frå AllMusic: «Ikkje alt her fungerar, men det held seg betre enn det meste av psykedelisk eller progressiv rock

Albumet var med på magasinet Classic Rock si liste over «50 album som bygde progrock».[10] Det vart inkludert på lista til Rolling Stone frå 2007 over «40 essensielle album frå 1967».[11]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Gary Brooker og Keith Reid, bortsett frå der anna er nemnt. 

Side A
# Tittel Lengd
1. «Conquistador»   2:42
2. «She Wandered Through the Garden Fence» (to versjonar av songen vart gjeven ut, ei med ein brå slutt og ein som tonar ut) 3:29
3. «Something Following Me»   3:40
4. «Mabel»   1:55
5. «Cerdes (Outside the Gates Of)»   5:07
Side B
# Tittel Lengd
1. «A Christmas Camel»   4:54
2. «Kaleidoscope»   2:57
3. «Salad Days (Are Here Again)» (frå filmen Separation, 1968) 3:44
4. «Good Captain Clack»   1:32
5. «Repent Walpurgis»   5:05

Amerikansk versjon[endre | endre wikiteksten]

Side A
# Tittel Lengd
1. «A Whiter Shade of Pale»   4:04
2. «She Wandered Through the Garden Fence»   3:18
3. «Something Following Me»   3:37
4. «Mabel»   1:50
5. «Cerdes (Outside the Gates Of)»   5:04
Side B
# Tittel Lengd
1. «A Christmas Camel»   4:48
2. «Conquistador»   2:38
3. «Kaleidoscope/Salad Days (Are Here Again)»   6:31
4. «Repent Walpurgis»   5:05

Tysk versjon[endre | endre wikiteksten]

Side A
# Tittel Lengd
1. «Homburg»   3:55
2. «She Wandered Through the Garden Fence»   3:29
3. «Something Following Me»   3:40
4. «Mabel»   1:55
5. «Cerdes (Outside the Gates Of)»   5:07
Side B
# Tittel Lengd
1. «A Christmas Camel»   4:54
2. «Kaleidoscope»   2:57
3. «Salad Days (Are Here Again)»   3:44
4. «Conquistador»   1:32
5. «Repent Walpurgis»   5:05

Luksusutåva på Esoteric Recordings frå 2015[endre | endre wikiteksten]

Plate ein - originalalbumet
# Tittel Lengd
1. «Conquistador»    
2. «She Wandered Through the Garden Fence»    
3. «Something Following Me»    
4. «Mabel»    
5. «Cerdes (Outside the Gates Of)»    
6. «A Christmas Camel»    
7. «Kaleidoscope»    
8. «Salad Days (Are Here Again)»    
9. «Good Captain Clack»    
10. «Repent Walpurgis»    
11. «A Whiter Shade Of Pale» (singelutgåve)  
12. «Lime Street Blues» (singelutgåve)  
13. «Homburg» (singelutgåve)  
14. «Good Captain Clack» (singelutgåve)  
15. «Alpha» (ikkje tidlegare utgjeven)  
16. «Salad Days (Are Here Again)»    
17. «Understandably Blue» (ikkje tidlegare utgjeven)  
18. «Pandora's Box» (ikkje tidlegare utgjeven instrumental)  
19. «Cerdes (Outside the Gates Of)» (altenativ monomiks)  
20. «Something Following Me» (altenativ monomiks)  
Plate to
# Tittel Lengd
1. «A White Shade Of Pale» (utvida tidleg versjon - mars 1967)  
2. «Homburg» (lengre stereoversjon)  
3. «Repent Walpurgis» (lengre stereoversjon - august 1967)  
4. «Conquistador» (stereomiks frå 1971)  
5. «She Wandered Through the Garden Fence» (stereomiks frå 1971)  
6. «Something Following Me» (stereomiks)  
7. «Mabel» (udubba stereomiks)  
8. «Kaleidoscope» (stereomiks)  
9. «Cerdes (Outside the Gates Of)» (stereomiks)  
10. «Homburg» (stereomiks frå 1971)  
11. «Morning Dew» (BBC Easybeat Session 14. juni 1967)  
12. «A Whiter Shade Of Pale» (BBC Easybeat Session 14. juni 1967)  
13. «Mabel» (BBC Easybeat Session 14. juni 1967)  
14. «Homburg» (BBC Top Gear Session 27. september 1967)  
15. «Good Captain Clack» (BBC Top Gear Session 27. september 1967)  
16. «She Wandered Through the Garden Fence» (BBC Top Gear Session 27. september 1967)  
17. «Kaleidoscope» (BBC Top Gear Session 27. september 1967)  

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Procol Harum
Andre medverkande
Teknisk
  • Simon Platz - leiande produsent (for Fly Records)
  • Eddy Offord, Frank Owen, Gerald Chevin, Keith Grant, Laurence Burridge - lydteknikar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Patel, Pravina (26. juni 2005). «Let Me Have My Writer's Share of Pale». The Mail on Sunday. Henta 2. september 2019. 
  2. «Classic 1960-åra Song's Organist Wins Royalties Battle – CNN.com». CNN.com. 30. juli 2009. Henta 2. september 2019. 
  3. «House of Lords – Fisher (Original Respondent and Cross-Appellant) v Brooker and Others (Original Appellants and Cross-Respondents)». parliament.co.uk. Henta 2. september 2019. 
  4. «Conquistador by Procol Harum Songfacts». Songfacts. Henta 2. september 2019. 
  5. Billboard Hot 100, Billboard magazine, 29. juli 1972.
  6. Eder, Bruce. «Procol Harum – Procol Harum : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 2. september 2019. 
  7. Hughes, Rob (August 2015). «Procul Harum Reissues». Classic Rock. s. 104–05. 
  8. Williams, Paul (September 1967). «[Procol Harum review]». Crawdaddy! (12). 
  9. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 902. ISBN 1-57859-061-2. 
  10. «[Classic Rock article]». Classic Rock (146). July 2010. 
  11. Christgau, Robert; Fricke, David (12. juli 2007). «The 40 Essential Albums of 2007». Rolling Stone. Henta 10. mars 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]