Abraham Pihl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Abraham Pihl

Fødd3. oktober 1756
Gausdal kommune
Død20. mai 1821
Furnes
NasjonalitetNoreg
Yrkeprest, arkitekt, astronom, urmakar
Alma materKøbenhavns Universitet

Abraham Pihl (3. oktober 175620. mai 1821) var ein norsk teolog, urmakar og astronom.

I 1789 vart han sokneprest i Vang i Hedmark, der han i 1803 vart prost. Frå 1785 var han òg tilsett som astronomisk observator og gjorde ei rekkje astronomiske stadsavgjersler og laga sjølv alle naudsynte instrument. Pihl fungerte òg som arkitekt og skal mellom anna ha levert teikningar til Vang kyrkje (1804–10), som vart førebilete for fleire kyrkjer på vestsida av Mjøsa.

Biskop Claus Pavels skildra Pihl som «Polyhistor og Tusindkunstner».[1]

Han var Geometer, Mechaniker, Optiker, Astronom til temmelig Grad af Fuldkommenhed. Han dreiede, malte, gjorde Smede- og Snedkerarbeide, var Uhrmager, Glaspuster, Medikus, Desillateur, kort alt hvad nævnes kan – undtagen Philosoph og Theolog.

Den tyske geologen Leopold von Buch vitja Vang før 1810 og var svært imponert over Pihls utstyr, og Pihls vitskapelege og tekniske innsikt.[2]

Paul Winsnes var kapellan hos Pihl om lag eitt år og Pihl var fadder for Paul og Hanna Winsnes si dotter Barbra.[2] Han var medlem av Det Kongelige Danske Videnskabers Selskap og Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab, og han var ridder av Dannebrogsordenen.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Foreldra var Andreas Pihl (1726-1781) og Marthe Christine Flinthoug (1732-1769). Faren hadde studert teologi og filosofi København og blei sokneprest i Gausdal. Også Joachim Pihl, bestefar til Abraham, var prest i Gausdal og dessuten prost for Gudbrandsdalen. Abraham Pihl tok teologisk eksamen i 1783, i København skal han også ha studert matematikk, mekanikk og astronomi. Han gifta seg med Anna Cathrine Neumann (1764-1850) i 1784, som var dotter av jernverkseigar Jakob Hansen NeumannHassel i Modum.[2] Ei yngre syster av Anna Cathrine var gift med Hans Hein Nysom, som var prest og eidsvollsmann.[3] Anna Cathrine var gjennom sin halvbror dessutan onkel til Jacob Neumann, biskop i Bergen.[4]

Abraham Pihl var farfar til Oluf og Carl Abraham Pihl.

Han er gravlagd ved Vang kyrkje på Ridabu. Eit portrett utført av Johannes Flintoe heng i kyrkja.[2] Slektsboka for Neumann skriv berre at biletet er måla av «Flinthoug», Pihls mor hadde fødenamnet «Flinthoug»[5] medan Flintoes far var Abraham Flinthoug frå Hurum.[6] Ifølgje Alsvik er biletet måla av Johannes Flintoe og Alsvik trur at bilete kan ha blitt til i 1816 då Flintoe var på Romerike.[7] Ifølgje NBL var Pihl fetter av far til Johannes Flintoe, Abraham Flinthoug (fødd 1755), dei hadde samme bestefar, Abraham Flinthoug (fødd 1681[8]).

Virke[endre | endre wikiteksten]

Etter studia blei Pihl i 1793 sokneprest i Lund og Flekkefjord.[9] Han blei sokneprest i Vang 1789 og var der til sin død i 1821, frå 1803 var han også prost.[2]

Då Pihl blei sokneprest i Vang i 1789 opna han klokkemakarverkstad, og ein langvarig klokkemakartradisjon byrja på Hedmarken. Han skal ha vore ein av de første som laga pendelur i Noreg.[10] Mange av læresveinane hans blei seinare meistrar i norsk urmakarfag. Pihl laga mellom anna store ur som blei plassert i tårnet på store bygg. Gardsklokka på Vang prestegard (no på museum), på Torshov og på Hovinsholm på Helgøya blei laga av Pihl.[9] Det er mogleg men usikkert om Pihl også laga lommeur. Eit av ura etter Pihl står i Bolstadbygninga på Hedmarksmuseet.[2] Ifølgje samtidige skildringar laga Pihl også orgel, mellom anna stoveorgel.[2] Han laga også sitt eige termometer som han brukte til vêrobservasjonar.

I 1793 sende 60 bønder frå Vang og Furnes klage på Pihl til Cancelliet i København. Dei meinte prosten blanda seg i jordbruket til bøndene.

Den gamle låven på Torshov gard i Vang teikna av Pihl.
Foto: Jan-Tore Egge

Astronom[endre | endre wikiteksten]

Frå 1785 var Pihl den astronomiske observatøren i Noreg for Danmark-Noreg. Han gjorde ei rad astronomiske målingar, og laga til dels instrumenta sine sjølv. Pihl slipte sjølv linser og laga teleskop og anna optisk utstyr. Eit pendelur han laga er no på Astrofysisk institutt ved Universitetet i Oslo. Han hadde eit Herschel-teleskop, ein Troughton-sekstant og to kronometer. Kronometera var særs presise ur som ein kunne ta med på reise. og blei mellom anna brukt i samband med astronomiske observasjonar og fastlegging av lengdegrad. Pihl fekk 100 riksdalar i året for denne stillinga som han hadde fram til 1811, då Universitetet i Oslo blei skipa. Han hadde også barometer og hygrometer til vDanmark-Noregs vêrobservasjonar med ambisjonar om å spå vêret, men dette gav han etter kvart opp. Pihl tok i bruk dei mest moderne metodane for å fastslå lengde (i høve til Paris). Han hadde to kronometer som han brukte til å fastslå lengdegraden til Vang (relativt til København), og på oppdrag med oppmåling av kystområda i Agder. I 1806 fekk han i spesielt oppdrag å fastsette bredidegradane for utvalde stadar på Vestlandskysten. På den tida var berre Christiania og Stavern så nøyaktig oppmålt at det var mogleg å stille klokka etter det.[2]

Jordbruk[endre | endre wikiteksten]

Pihl konstruerte ei treskemaskin. Det er usikkert om dette var den første treskemaskina på Hedmarken, men ho var viktig for utvikling av jordbruket på Hedmarken. Han konstruerte også andre maskiner til bruk på garden. Frå Sverige innførte han moderne plogar som avløyste den gamle arden. Han fekk også i oppdrag av Norges Vel å konstruere eller forbetre ei maskin til å utvinne olje frå valmuefrø. Pihl eksperimenterte med vinterkveite og skal slik ha auka kornavlinga vesentleg. Pihl utnytta også stein frå åkrane til bygningsmaterial, bygging av fjøs i stein var ei viktig nyvinning på slutten av 1700-tallt. Samtidige skildringar var imponerte over Pihls hage med praktvekstar frå varmare strok, mellom anna Scilla og ulike løkblomstrar. I hagen var det også epletre, pære, kirsebær og planta hassel.[2]

Teologi og politisk syn[endre | endre wikiteksten]

Detalj av portrett i Vang kyrkje

Ifølgje Imerslund var Pihl gjennom utdanningstida i København prega av opplysingstida med fornuftsorientering og framstegsoptimisme, og Imerslund peikar på den danske presten Christian Bastholm som ei viktig inspirasjonskjelde. Pihl samarbeida med haugianarar i distriktet, og desse var som Pihl opptekne av det praktiske og av materiell velferd. Kjeldene frå den tida, særleg Pihls eigen korrespondanse, gjev få haldepunkt for å seie noko om hans teologiske standpunkt og breva handlar mest om praktiske saker. Imerslund meiner Pihl sin politisk ståstad var individualistisk og liberalistisk, Pihl argumenterte mot forbodet mot brenning av alkohol fordi det innskrenka eigedomsretten til bonden. Pihl brukar også «fridom» som honnørord i økonomisk og sosialpolitisk samanheng. Han argumenterte mot brenneforbodet med at brenning var lovleg i byane, medan bonden må selje kornet og kjøpe det dyrt tilbake som brennevin. Pihl meinte også at bonden kunne utnytte potetene, denne nye veksten i jordbruket, til brennevinsproduksjon. Pihl gav forsiktig uttrykk for den tids gryande idear om frie tankar og fritt næringsliv.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Pavels, Claus: Biskop Claus Pavels's Autobiographi. Christiania: Cappelen, 1866.
  2. 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 Imerslund, Knut: To essays om Abraham Pihl. Rapport nr 4/2005. Høgskolen i Hedmark.
  3. «Jakob Hansen Neumann – Norsk biografisk leksikon». Store norske leksikon. Henta 19. april 2016. 
  4. «Jacob Neumann – Norsk biografisk leksikon». Store norske leksikon. Henta 19. april 2016. 
  5. Neumann, H.H.: Familien Neumann. Kristiania: Aschehoug, 1903.
  6. «Johannes Flintoe – Norsk biografisk leksikon». Store norske leksikon. Henta 20. april 2016. 
  7. Alsvik, Henning: Johannes Flintoe. Oslo: Gyldendal, 1940.
  8. Lund, Kjell (1997). Han far. Valdres historielag. ISBN 8299451000. 
  9. 9,0 9,1 Stang, Cæcilie (1992). «Tusenkunstneren Abraham Pihl». Fortidsvern (3). 
  10. Smith, Magna (1952): Vang kirke og Vang prestegård.