Alf
Hopp til navigering
Hopp til søk

Alf Alfer, svensk musikar.
Alf eller Alv er eit mannsnamn som kjem frå norrønt Alfr, 'alv', 'vette'
Alv og Alf har namnedag 3. januar.
Bruken av namnet i Noreg[endre | endre wikiteksten]
Namnet var i Noreg svært populært i tide rundt første verdskrigen.
I folketeljinga i 1801 vart 243 personar manntalsførte med namnet i formene Alf, Alff, Alv, Alvf, Alw , namnet var bruka over heile landet unntatt i Kristiania og i Trøndelag.
I teljinga frå 1900 var det 4617 personar som hadde namnet i formene «Alf» eller «Alv».
I 2008 var det 394 som hadde Alv til første fornamn, 9 440 heitte Alf.
Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Alf Prøysen med skrivemaskin i 1964.
- Alf Hurum (1882-1972), norsk komponist og kunstmålar
- Alf Rolfsen (1895-1979), norsk kunstmålar
- Alf Alfer (1909-1964), svensk musikar
- Alf Hellevik (1909-2001), norsk filolog
- Alf Prøysen (1914-1970), norsk visesongar
- Alf Blyverket (1929-2009), norsk musikar
- Alf Cranner (f. 1936), norsk visesongar
- Alf Hansen (f. 1946), norsk roar
- Alf Egil Holmelid (f. 1947), norsk politikar
- Alf Inge Håland (f. 1972), norsk fotballspelar
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Olav Veka: Namneboka (Det Norske Samlaget, 1991) ISBN 82-521-3604-4
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Søk etter norsk namnestatistikk for Alf hjå Statistisk Sentralbyrå
- Folketeljingar i Digitalarkivet