Alf Cranner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Alf Cranner (fødd 25. oktober 1936) er ein norsk visesongar, målar og forfattar frå Oslo, men busett i Kragerø. Cranner var ein svært viktig figur innan den norske visebølgja, og har laga mange kjende viser som «Din tanke er fri», «Båt til lyst», «Hambo i fellesferien», «Indianervise» og «Sjømannsvise». Cranner har også laga mange nyinnspelingar av visene til Alf Prøysen.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Frå han var sju år gamal lærte Alf Cranner å spela fiolin av farfaren, men det tok slutt då Alf flytte til mora sin familie i Stavanger i tenåra. Her tok han til å læra gitarspel i staden, og lærte seg songar frå grammofonen av Alf Prøysen, Jens Gunderssen, Kurt Foss og Reidar Bøe. Gymnaset gjekk han i Oslo, og han utdanna seg deretter ved målarlinja på Statens håndverks- og kunstindustriskole, der han vart uteksaminert i 1963. Han har sidan jobba som kunstlærar; fyrst i Oslo, deretter i Kvalsund i Finnmark og til slutt på Kragerø vidaregåande skule i vaksen alder.

1960-åra[endre | endre wikiteksten]

Alf Cranner vart medlem av Visens venner i 1961, og her trefte han både musikaren Rolf Ingelsrud som var interessert i å vidareformidla gamle, norske folkeviser, og den svenske visesongaren Olle Adolphson. Etter å ha fått platekontrakt sommaren 1963 av Rolv Wesenlund, som var innspelingssjef i Philips, debuterte Alf Cranner som musikar med plata Fiine Antiquiteter (1964). Denne blir rekna som den fyrste viseproduksjonen for LP i Noreg, og kom heilt i byrjinga av den norske visebylgja som toppa seg på 1970-talet. Plata vart innspelt på to netter på Wesenlund sitt kontor ved hjelp av ein tospors bandopptakar og ein bordmikrofon. Cranner spelte her gitar til gamle folkeviser som «Roland og Magnus kongen», «Kjerringa med staven» og «Det står ein friar uti gar'e». Alf Cranner var her inspirert av både Alf Prøysen, Olle Adolphson og den franske songaren Yves Montand. Cranner møtte Prøysen i 1964, og fram til Prøysen døydde seks år seinare, utvikla dei eit nært venskap.

På denne tida møtte Cranner også komponisten Geirr Tveitt, som han også utvikla eit nært samarbeid med. Då Geirr Tveitt tonesette diktet Vi skal ikkje sova bort sumarnatta av Aslaug Låstad Lygre, var dette spesielt tiltenkt Alf Cranner. Dei to produserte saman plata Både le og gråte i 1964, der dei hadde tonesett dikt av Jakob Sande med Per W. Kilde som produsent. Tveitt spelte cembalo, medan Cranner song og spelte gitar. Denne plata er også rekna som banebrytande innan norsk visekunst.

I 1966 vart lyrikaren Harald Sverdrup ny samarbeidspartner med Cranner. Dei to laga saman plata Vers og viiiiiiiiser i 1966, og la ut på turné saman den hausten. Plata vart innspelt i aulaen på Universitetet i Oslo, og inneheldt m.a. Cranner si kjende Sjømannsvise. Etter dette prosjektet reiste Cranner til Sverige, der han brukte tid saman med jazzmusikarane Jan Johansson og Bengt Arne Wallin. Cranner si neste plate, Rosemalt Sound (1967) vart difor ein fusjon av jazzmusikk og folkeviser, og hadde Alfred Janson som arrangør. Tveitt si Vi skal ikkje sova bort sumarnatta var også med på denne plata.

1970-åra[endre | endre wikiteksten]

På neste plate, Almuens opera (1970), produsert av Egil Monn-Iversen, var Cranner inspirert av Prøysen og Sven Bertil Taube. Cranner song her Prøysen-visene Å, den som var en løvetann, Slipsteinsvalsen, men også songar av Petter Dass. Prøysen, som stod for tittelen og omslaget, døydde kort tid etter at plata kom ut. Etter dette dreiv Alf Cranner ein del med musikk for film og teater. Han medverka som musikar i filmane Balladen om mestertyven Ole Høiland, Jentespranget og Faneflukt. Han skreiv også musikken til Det Norske Teatret si oppsetjing av Romeo og Julie, og for Radioteateret.

I 1970 kom byrjinga på eit langvarig samarbeid med Odd Børretzen. Den fyrste samarbeidsplata deira kom ut i 1974 og fekk den svært skildrande tittelen Odd Børretzen og Alf Cranner i levende live på Sandvika kino en kald desemberdag i 1973. Seinare same året gav Cranner ut soloplata Trykt i år, igjen med Egil Monn-Iversen som produsent. Han henta inn mange felles musikarar på plata, m.a. Lillebjørn Nilsen, Inger Lise Rypdal og Lars Klevstrand. På denne plata song Cranner eigenkomponerte songar, Prøysenviser og samarbeidsviser med Klaus Hagerup. For dette albumet vann Alf Cranner Spellemannprisen 1974 i klassen Visesong.

Cranner si neste plate kom i 1977 og fekk tittelen Vindkast, som mellom anna inneheldt Sjømannsblues og Indianervise, eller Da Colombus kom til Amerika. Denne plata vann også klassen Visesong under Spellemannprisen 1977. Etter dette albumet gav Cranner ut songboka Alf Cranners visebok, (1978) [1] og han laga melodiane til skodespelet I denne verden er alt mulig av Klaus Hagerup. Dei to samarbeidde også med Hagerup sitt seinare skodespel I blådress og blåleire. På slutten av 1970-talet deltok Cranner også i Ketil Bjørnstad sitt musikkverk, «Leve Patagonia».

1980-åra[endre | endre wikiteksten]

Neste plate i samarbeid med Odd Børretzen vart innspelt live i 1980, og fekk tittelen Hva er det de vil? Live fra ABC-Teateret. I 1985 gav Cranner ut plata Din tanke er fri, med Svein Dag Hauge som produsent, der han m.a. samarbeidde med musikkgruppa Lava. Tittelsporet er ei av Cranner sine mest kjende viser i dag, og er ei omsetjing av den tyske opprørssongen «Die Gedanken sind frei» frå Martin Luther si tid. Songen «Din tanke er fri» vart tileigna Amnesty International. Plata Sanger om fravær og nærvær kom i 1989, også med hjelp frå jazzmusikarar.

Med Ketil Bjørnstad som produsent gav Alf Cranner ut dobbeltcden 48 viser i 1992. Dette var ein slags samle-cd, med nyinnspelingar av Cranner sine gamle viser. Tre år seinare gav Cranner ut plata Kafé Kaos, med Alfred Janson som produsent. Dette var den fyrste plata der Cranner synte teikn til samfunnskritikk, m.a. av stengetidene på utestader Sengetid er stengetid og den raske utviklinga i skuleverket. Cranner gav seg som skulelærar i 1998.

Etter 2000[endre | endre wikiteksten]

I 2001 skreiv Cranner ein biografi om den oppfinnsame oldefaren sin frå Kristiania, som hadde tilnamnet «Kikkert-Olsen». Boka fekk namnet Jordbundet og himmelvendt og kom ut på Aschehoug. To år seinare feira Cranner førtiårsjubileum som artist med å gje ut samleplata 50 beste fra 40 år. Men ingen skulle tru at Cranner hadde brukt opp idéane sine. I 2004 gav han ut Som en rose, ei plate med omsetjingar av Robert Burns sine dikt. Plata var spelt inn på pøbben The Globe Inn i Dumfries i Skottland, stampøbben til Burns. Ho kom ut på Kirkelig Kulturverksted og hadde Erik Hillestad som produsent.

Den nyaste plata til Cranner heiter I går, i dag, i morgen og kom ut i 2006. Dette er utgjeve på Tylden & Co, og inneheld både gamle og nye viser. Tekstforfattarane er både Olle Adolphson, Cranner, Prøysen og Burns, m. fl. [2] Cranner har også nyleg gjeve ut si andre songbok; I Adrians hus (2007). [3]

I 2010 vart Alf Cranner heidra med Kongens fortenestmedalje i gull. Medaljen vart overrakt på Skåtøy av fylkesmannen i Telemark, Kari Nordheim-Larsen. [4]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Verk[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Fiine antiquiteter (1964)
  • Både le og gråte (1964) med Geirr Tveitt
  • Vers og viiiiiiser (1966) med Harald Sverdrup
  • Rosemalt Sound (1967)
  • Almuens opera (1970)
  • Odd Børretzen og Alf Cranner i levende live på Sandvika kino en kald desemberdag i 1973 (1974) med Odd Børretzen
  • Trykt i år (1974)
  • Vindkast (1977)
  • Hva er det de vil? Live fra ABC-Teateret (1980) med Odd Børretzen
  • Din tanke er fri (1985)
  • Sanger om fravær og nærvær (1989)
  • 48 viser (1992)
  • Kafé Kaos (1995)
  • 50 beste fra 40 år (2003)
  • Som en rose (2004)
  • I går, i dag, i morgen (2006)

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • Alf Cranners visebok (songbok, 1978)
  • Jordbundet og himmelvendt (biografi, 2001)
  • I Adrians hus (songbok, 2007)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]