Amelia Earhart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Amelia Earhart
Amelia-in-evening-clothes (cropped).jpg
Fødd 24. juli 1897
Atchison
Død

1938
Stillehavet

Amelia Earhart på Commons

Amelia Mary Earhart (24. juli 18971937) var ein amerikansk flypioner og forfatter.[1][2]

Earhart var den første kvinnelege flygaren som flaug solo over Atlanterhavet.[3] Ho mottok den militære utmerkinga Distinguished Flying Cross, for eksepsjonell innsats i luftfarta, for denne innsatsen.[4] Ho sette fleire andre rekordsr,[2][5] skreiv bestseljande bøker om flyerfaringane sine og medverka ved opprettinga av foreininga Ninety-Nines, ein organisasjon for kvinnelege pilotar.[6] I 1935 blei Earhart vitjande fakultetsmedlem av Purdue University som rådgjevar for flyteknikk og ein karriererådgjevar for kvinnelege studentar. Ho var også medlem av National Woman's Party (NWP), og som ein tidleg feminist støtta ho likestilling.

2. juli 1937 forsvann Earhart og flyet hennar ein stad over midten av Stillehavet i nærleiken av Howlandøya, under eit forsøk på å fly rundt jorda. Utan spor av flyvraket har livet, karrieren og forsvinninga hennar vore kjelder til stadig fascinasjon og undring.[7]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Amelia Earhart i 1937.

Amelia Earhart blei fødd i Atchison i Kansas. Flykarrieren tok til i Los Angeles i 1921 då ho var 24 år gammal. Ho tok flytimar hjå Neta Snook og kjøpte sitt første fly, ein Kinner Airstar.

På grunn av den økonomiske situasjonen til familien måtte hun selja flyet i 1924 og flytta til austkysten hvor der ho fekk jobb som hjelpepleiar. Fire år seinare gjekk ho tilbake til flgninga. Ho kjøpte ein Avro Avian to-dekkar og blei den første kvinna til å fly solo tvers over det amerikanske kontinentet, tur-retur. Deretter fortsette ho å setta eigne og nye rekordar, både når det gjaldt farts- og distanseflygingar og luftakrobatikk.

I 1931 sette ho ein verdsrekord i høgd då ho nådde 18 415 fot (5,613 m) i ein Pitcairn PCA-2[8] autogyro ho hadde lånt av Beech-Nut Chewing Gum.[9][10][11][12] Ho var den første personen som flaug solo frå Hawaii til det amerikanske fastlandet, og den første kvinnelege piloten som flaug åleine over Atlanterhavet i 1932.

Earhart blei kjend etter atlanterhavsflyginga. Denne gjennomførte ho på dagen fem år etter at Charles Lindbergh hadde gjort den første flyginga. Ho flaug ein Lockheed Vega frå Harbor Grace på Newfoundland til Londonderry i Irland. For bedrifta mottok ho «Distinguished Flying Cross» frå den amerikanske Kongressen, riddarkrossen av Æreslegionen frå den franske regjeringa og National Geographic Society sin gullmedalje frå president Hoover.

Lockheed Vega 5b blei floge av Amelia Earhart, som sette to verdsrekordar med det.

I januar 1935 blei Earhart den første til å fly solo over Stillehavet, frå Honolulu på Hawaii til Oakland i California. Seinare same året flaug ho solo frå Los Angeles til Mexico by og tilbake til Newark i New Jersey. I juli 1936 fekk ho eit Lockheed L-10 Electra-fly av Purdue University, og byrja å planlegga jordomflyginga si.

Organisasjonsliv og kvinnesak[endre | endre wikiteksten]

I 1930 byrja Earhart å verka for National Aeronautic Association, der ho aktivt arbeidde for separate kvinnerekordar. Ho var medverkande til at Fédération Aéronautique Internationale (FAI) godtok ein liknande internasjonal standard.[13] Dei mange bragdene hennar var ikkje berre stunt, men bidrog til å overtyda luftfartsinteresserte om at flyging ikkje berre var for «våghalsar og supermenn».[14]

På denne tida skipa Earhart også Ninety-Nines, ein organisasjon for kvinnelege flygarar som støtta og verka for å fremja kvinner innan flyging. Ho kalla saman kvinnelege flygarar til eit møte i 1929, etter eit Women's Air Derby. Ho føreslo namnet på grunnlag av talet på grunnleggjande medlem, og blei den første leiaren for organisasjonen i 1930.[15] Earhart var ein sterk forkjempar for kvinnelege flygarar, og i 1934, då Bendix Trophy Race utestengde kvinner, nekta ho ope å flyga skodespelaren Mary Pickford til Cleveland for å opna tevlinga.[16]

Earhart støtta også forslaget om ei utviding av den amerikanske grunnlova som spegla likestilling med Equal Rights Amendment, presentert for den amerikanske kongressen for første gong i 1923.[17][18]

Jordomflyging og forsvinning[endre | endre wikiteksten]

Earhart sitt Electra-fly for jordomflyginga.
Earhart og Bernt Balchen, som hjelpte til med førebuingan til atlanterhavsflyginga i 1932.

Earhart si jordomflyging ville ikkje bli den første, men ville bli den lengste. Wiley Post flaug jorda rundt i 1931, men følgde ei rute langs 60. breddegrad. Ho skulle følgja ei rute som gjekk mest mogleg langs ekvator – 46 000 km. Den 17. mars 1937 flaug ho første etappe frå Oakland i California til Honolulu på Hawaii. Under start frå Hawaii blei flyet sterkt skadd og måtte sendast med båt tilbake til California for reparasjonar. Det andre forsøket byrja i Miami. No ville ho flyga motsett veg, frå vest mot aust. Med seg som navigatør hadde ho Fred Noonan, ein tidlegare Pan Am-navigatør. Dei forlét Miami den 1. juni, og etter fleire stoppar i Sør-Amerika, Sør-Afrika og over den sørlege delen av det asiatiske kontinentet kom dei frem til LaeNy-Guinea den 29. juni. Dei hadde floge omtrent 35 000 km. av turen, med andre ord var ca. tre fjerdedelar av turen gjennomført. No stodd 10 000 km att, alt over det opne Stillehavet.

Den 2. juli 1937 la Earhart og Noonan ut frå Lae på den neste etappen på 4 000 km til Howlandøya, ei lita øy som berre er nokre få kilometer lang og berre 3 meter høg. Marineskipet «Itasca» skulle hjelpa dei å finna staden. Men flyet verka ha problem med radiknavigasjonen, og etter å ha floge ca. 1 200 km blei all kontakt med omverda broten. Den siste kjende posisjonen deira var nær Nukumanu-øyane (Tasman-øyane).

Det blei sett i gang ein leiteaksjon av den amerikanske kystvakta og marinen, utan resultat. Etter at det offisielle søket blei avslutta fekk ektemannen Putnam finansiert eit privat søk av lokale styresmakter på nærliggjande stillehavsøyar og farvatn. I juli 1937 fekk Putnam hyra to småbåtar og leia eit søk (frå USA) av Phoenixøyane, Juleøya (Kiritimati), Fanningøya (Tabuaeran), Gilbert- og Marshalløyane, utan å finna spor etter flyet eller dei som var i det.[19]

I USA fekk Putnam løyve til å styra Earhart sine forretningar. Etterkvart søkte han om ei dødserklæring utan å venta den vanlege sjuårserioden før dette skjedde automatisk. Earhart blei erklært død juridisk den 5. januar 1939.[20]

Skjebna til Earhart og Noonan er blitt rykte- og myteomspunnen. Frå tid til annan har det dukka opp meldingar om at dei skulle ha vore i live på ei eller anna øy i Stillehavet. Flyentusiastorganisasjonen The International Group for Historic Aircraft Recovery (TIGHAR) har i ei årrekkje arbeidd for å visa at Earhart faktisk måtte ha naudlanda på ei aude øy, og at ho var stranda der i lang tid før ho døydde. Gruppa har prøvd å visa dette sidan 1998, i samband med eit skjelettfunn på øya Nikumaroro gjort av britiske styresmakter i 1940.[21]

Ein annan teori er at Earhart og navigatøren blei tekne til fange av japanarane,[22] men dette er rekna som usannsynleg.[23]

Utmerkingar og omtale[endre | endre wikiteksten]

I 1968 fekk Earhart ein plass i den amerikanske National Aviation Hall of Fame, og i 1973 blei hp innvotert i Kvinnenes æresgalleri i USA.

I USA er det skrive fleire bøker om livet hennar, mellom dei ein fiktiv sjølvbiografi. Earhart sjølv skreiv to bøker om flygingane sine - The Fun Of It (1932) og 20 Hrs., 40 Min. (1928), om flyginga over Atlanterhavet. Last Flight (1937), sett saman av ektemannen G.P. Putnam etter at ho forsvant, inneheld dagboknotata ho sende tilbake til USA.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Morey, Eileen (1995): The Importance of Amelia Earhart, s. 11.
  2. 2,0 2,1 Oakes, Claudia M. (1985): United States Women in Aviation 1930–1939. Sitat: «Charles Kuralt said on CBS television program Sunday Morning, referring to Earhart: 'She was a pioneer in aviation... she led the way so that others could follow and go on to even greater achievements,' further stating, 'trailblazers prepare the rest of us for the future'.»
  3. Pearce, Carol Ann (1988): Amelia Earhart, s. 95.
  4. Goldstein & Dillon (1997): Amelia: The Centennial Biography of an Aviation Pioneer, s. 111, 112.
  5. Ferdinando, Lisa (19. mars 2012): «Clinton Celebrates Pioneer Aviatrix Amelia Earhart», Voice of America. Earhart satte flere rekorder, den første kvinne over Atlanterhavet, først som passasjer, deretter som solopilot. Tidsepoken for betegnelse for kvinnelig pilot var «aviatrix», noe som kan oversettes til «pilotinne», noe som ikke benyttes på norsk.
  6. Lovell, Mary S. (1989): The Sound of Wings, s. 152.
  7. Moe, Sigrid (23. juni 2013): «- Disse bildene kan gi svar på Amelia Earhart-mysteriet», Dagbladet
  8. Model, Static, Pitcairn PCA-2 ("Beech-Nut"), https://airandspace.si.edu/collection-objects/model-static-pitcairn-pca-2-beech-nut, henta July 13, 2017 
  9. Nesbit, Roy Conyers (2010), Missing: Believed Killed: Amelia Earhart, Amy Johnson, Glenn Miller & The Duke of Kent, https://books.google.com/books?id=dTewDQAAQBAJ&pg=PA5&lpg=PA5&dq=Pitcairn#v=onepage&q=Pitcairn&f=false, henta 13. juli 2017 
  10. Aviators: Amelia Earhart’s Autogiro Adventures, http://www.historynet.com/aviators-amelia-earharts-autogiro-adventures.htm, henta 13. juli 2017 
  11. Reuther, Ronald T.; Larkins, William T. (2008), Images of America: Oakland Aviation, https://books.google.com/books?id=nd0Ciei_IYoC&pg=PA34&lpg=PA34&dq=Pitcairn#v=onepage&q=Pitcairn, henta 13. juli 2017 
  12. Van Pelt 2008 s. 20-21
  13. Glines 1997, p. 45.
  14. Corn 1983, p. 75.
  15. Lovell 1989, p. 152.
  16. Oakes 1985, s. 31.
  17. «Timeline: Equal Rights Amendment, Phase One: 1921–1972», Feminism101.com.
  18. Francis, Roberta W.: «The History Behind the Equal Rights Amendment», Equalrightsamendment.org.
  19. Goldstein and Dillon 1997, s. 257.
  20. Van Pelt 2005, s. 205.
  21. Pequenino, Karla (1. november 2016): «Amelia Earhart died as a castaway, not in a crash», CNN.
  22. «Amelia Earhart May Have Survived Crash-Landing, Newly Discovered Photo Suggests». NBC News. 5. juli 2017. Henta 6. juli 2017. 
  23. «Blogger discredits claim Amelia Earhart was taken prisoner by Japan». The Guardian. 11. juli 2017. Henta 11. juli 2017. 
Bibliografi
  • Corn, Joseph J. The Winged Gospel. New York: Oxford University Press, 1983. ISBN 0-19-503356-6.
  • Glines, C.V. "'Lady Lindy': The Remarkable Life of Amelia Earhart". Aviation History, July 1997.
  • Lovell, Mary S. The Sound of Wings. New York: St. Martin's Press, 1989. ISBN 0-312-03431-8.
  • Oakes, Claudia M. United States Women in Aviation 1930–1939. Washington, D.C.: Smithsonian Institution Press, 1985. ISBN 0-87474-380-X.
  • Van Pelt, Lori. Amelia Earhart: The Sky's No Limit. London: Macmillan, 2005. ISBN 978-0-7653-1061-3.
  • Van Pelt, Lori. "Amelia's Autogiro Adventures". Aviation History. March 2008.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Amelia Earhart
Norskspråkleg litteratur
  • Leeuw, Adèle De (1977): Amelia Earhart, oversatt av Kari Gran. Oslo: Forlagshuset, ISBN 82-511-0264-2. Originaltittel: The story of Amelia Earhart.
Engelskspråkleg litteratur
  • Goldstein, Donald M. & Dillon, Katherine V. (1997): Amelia: The Centennial Biography of an Aviation Pioneer, Washington, D.C.: Brassey's, ISBN 1-57488-134-5.
  • Lovell, Mary S. (1989): The Sound of Wings, New York: St. Martin's Press, 1989. ISBN 0-312-03431-8.
  • Morey, Eileen (1995): The Importance of Amelia Earhart, San Diego: Lucent Books, ISBN 1-56006-065-4.
  • Oakes, Claudia M. (1985): United States Women in Aviation 1930–1939, Washington, D.C.: Smithsonian Institution Press, ISBN 0-87474-380-X.
  • Pearce, Carol Ann (1988): Amelia Earhart, New York: Facts on File, ISBN 0-8160-1520-1.