Angéla Németh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Angéla Németh
Fødd 18. februar 1946
Budapest
Død

5. august 2014
Budapest

Angéla Németh på Commons

Angéla Németh, gift Ránky, (18. februar 19465. august 2014) var ein ungarsk friidrettsutøvar som vart olympisk meister i spydkast i 1968 og europeisk meister i same øvinga i 1969.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Under sommarleikane 1968 i Mexico by byrja finalen i spydkast nett som fire åre tidlegare; rumenske Mihaela Peneș tok leiinga etter forsøka i fyrste omgang. I andre omgang kasta Angéla Németh 60,36 meter, noko som vart det einaste 60-meterskastet i heile tevlinga. Németh vann då gullmedaljen framom Mihaela Peneș og Eva Janko frå Austerrike.

Etter å ha gifta seg til namnet Angéla Ránky gjorde ho sommaren 1969 sitt lengste spydkast noko gong, kastet mælte 60,58 m. Seinare i sesongen deltok ho i EM i Aten. Her nådde ho 59,76 m i sitt lengste kast og tok EM-gullet framfor landskvinna Magdolna Vidos. I den neste europameisterskapen i Helsingfors i 1971 vart Ránky nummer fire med 57,44 m. Ho lukkast ikkje i kvalifiseringa til OL-finalen 1972, med 53,48 m var ho 14 cm ifrå å sikre seg finaleplass.

Ho vart ungarsk meister i spydkast i 1968, 1969 og 1971.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]