Osleidys Menéndez

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Osleidys Menéndez
Fødd 14. november 1979
Matanzas

Osleidys Menéndez Sáez (fødd 14. november 1979) er ein kubansk tidlegare friidrettsutøvar frå Matanzas-provinsen som tevla i spydkast. Ho har vunne to VM-gull, 2001 og 2005, OL-gull i 2004, samt OL-bronse i 2000. Då ho vart verdsmeister i Helsinki i 2005 sette ho verdsrekord med 71,70 meter.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Menéndez vann meistertittelen i spydkast ved junior-VM 1996 og forsvarte tittelen i 1998. Ho deltok under VM i friidrett 1997 i Aten og vart nummer sju. To år seinare kom ho på fjerdeplass ved friidrett-VM i Sevilla. Ved sommarleikane 2000 i Sydney vann ho bronsemedaljen.

Under VM i friidrett 2001 i Edmonton vart Menéndez verdsmeister for fyrste gong. Same sesongen sette ho ny verdsrekord med eit kast på 71,54 meter. I den neste verdsmeisterskapen, VM 2003 i Paris/Saint-Denis, enda ho på femteplassen.

Med eit bestekast på 71,53 m, ein einaste centimeter bak hennar eigen verdsrekord, sikra Menéndez seg gullmedaljen under dei olympiske leikane 2004 i Aten. Året etter forbetra ho verdsrekorden til 71,70 m då ho vann gullmedaljen under VM i friidrett 2005 i Helsinki. Verdsrekorden vart ståande i tre år.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]