Elvīra Ozoliņa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Elvīra Ozoliņa
Elvīra Ozoliņa 1960.jpg
Elvīra Ozoliņa med OL-gullet under Roma-OL 1960
Fødd 8. oktober 1939
St. Petersburg
Elvīra Ozoliņa på Commons

Elvīra Anatoljevna Ozoliņa (russisk: Эльвира Анатольевна Озолина) (fødd 8. oktober 1939) er ein tidlegare sovjetisk-latvisk friidrettsutøvar som tevla for Sovjetunionen. Ho vart olympisk meister i spydkast i 1960 og europameister i same øvinga i 1962. Ozoliņa er gift med spydkastaren Jānis Lūsis.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

I 1960-sesongen sette Ozoliņa to verdsrekordar i spydkasting med 57,92 meter og så med 59,55 m. Under dei olympiske sommarleikane 1960 i Roma vann ho gullmedaljen med 55,98 m, framom Dana Zátopková (53,78 m) frå Tsjekkoslovakia.

To år seinare tok Ozoliņa sin andre store tittel då ho vann spydkast i EM 1962 i Beograd. Med sine 54,93 m slo ho sølvvinnaren Maria Diaconescu frå Romania med bortimot tre meter. Etter Ozoliņa i 1963 hadde forbetra verdsrekorden ytterlegare til 59,78 m, slengde ho den 27. august 1964 i Kiev spydet 61,38 m. Dermed vart ho den fyrste kvinnelege spydkastaren som passerte 60-metersgrensa, samstundes som ho vart sovjetmeister i øvinga.

Før sommarleikane i Tokyo i 1964 var Ozoliņa favoritt til OL-gullet. Men i kvalifiseringa sette landslagkollegaen Jelena Gortsjakova ny verdsrekord med eit kast på 62,40 meter. Finalen starta med at 17 år gamle Mihaela Peneș frå Romania i sitt fyrste forsøk oppnådde 60,54 m, eit kast som gav henne gullmedaljen. Ozoliņa vart nummer fem med 54,81 m. Under europameisterskapen 1966 i Budapest kom ho nok ein gong på femteplass, med 55,52 m.

I tillegg til 1964 vart Ozoliņa sovjetisk meister i 1961, 1962 og 1966.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]