Dana Zátopková
Dana Zátopková | |
![]() | |
Fødd | 19. september 1922 Fryštát, Buchlovice, Karviná |
Død |
13. mars 2020 (97 år) |
Yrke | spydkastar, friidrettsutøvar, friidrettstrener, idrettsutøvar, olympisk deltaker |
Dana Zátopková på Commons |
Dana Zátopková (19. september 1922–13. mars 2020), opphavleg Dana Ingrová, var ein tsjekkisk spydkastar frå Karviná-Fryštát som tevla for Tsjekkoslovakia. Ho vart olympisk meister i spydkast i 1952 og europameister både i 1954 og 1958. Zátopková sin personlege rekord i spydkasting er på 56,67 m.
Aktiv[endre | endre wikiteksten]
Ingrová vart nummer sju i spydkastøvinga i London-OL 1948. Same hausten gifta ho seg med langdistanseløparen Emil Zátopek. Etter å ha vorte nummer fem ved EM 1950 vann Zátopková gullmedaljen i spydkasttevlinga under Sommar-OL 1952 i Helsinki. Med eit kast på 50,47 meter kopierte ho ektemaken Emil Zátopek som ein time i førevegen hadde vunne 5 000-meteren. To år etter Helsinki-OL vann ho nok ein gullmedalje i spydkast då friidretts-EM 1954 fann stad i Bern.
Den 1. juli 1958 forbetra Zátopková i Praha verdsrekorden med eit kast på 55,73 meter, 25 centimeter over den gamle rekorden. Vel sju veker seinare forbetra polske Anna Pazera verdsrekorden til 57,40 m. I august månad var likevel Zátopková i ei klasse for seg med sine 56,02 m då ho forsvarte EM-tittelen på Stockholm stadion. Ho avslutta medaljehaustinga med ein sølvmedalje under sommarleikane 1960 i Roma, slått med over to meter av Elvīra Ozoliņa frå Sovjetunionen.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]
- OL 1948 i London: Nr 7 – 39,94 m
- EM 1950 i Brussel: Nr 5 – 41,34 m
- OL 1952 i Helsinki: Gullmedalje – 50,47 m, framom Aleksandra Tsjudina (50,01 m)
- EM 1954 i Bern: Gullmedalje – 52,91 m, framom Virve Roolaid (49,94 m)
- OL 1956 i Melbourne: Nr 4 – 49,83 m
- EM 1958 i Stockholm: Gullmedalje – 56,02 m, framom Birutė Zalogaitytė (51,30 m)
- OL 1960 i Roma: Sølvmedalje – 53,78, bakom Elvīra Ozoliņa (55,98 m)
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Dana Zátopková» frå Wikipedia på tysk, den 22. juni 2017.