Hopp til innhald

Ruth Fuchs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ruth Fuchs

Ruth Fuchs i 1980
StatsborgarskapDen tyske demokratiske republikken, Tyskland
Fødd14. desember 1946
Egeln
Død

20. september 2023 (76 år)
Jena

Yrkepolitikar, friidrettsutøvar, spydkastar, informer collaborator
Språktysk
Høgd169 centimeter
Politisk partiSozialistische Einheitspartei Deutschlands[*], Die Linkspartei[*]
Ruth Fuchs på Commons

Ruth Fuchs, fødd Ruth Gamm, (14. desember 194620. september 2023) var ein tysk friidrettsutøvar og politikar frå Egeln i Sachsen-Anhalt. Ho tevla for Aust-Tyskland då ho var verdas beste kvinnelege spydkastar gjennom 1970-åra. I tida 1972-78 vann han to olympiske og to europeiske meisterskap i øvinga. Perioden 1990-2009 var ho aktiv politikar for det austtyske sosialistpartiet (PDS) og seinare venstrepartiet Die Linke.

Fuchs fekk bronsemedaljen i EM i friidrett 1971. Året etter tok ho gullmedaljen under sommarleikane i München. I 1974 vart ho europameister i Roma med verdsrekordkastet 67,22 m og slo sølvvinnaren med over fem meter. Ho forsvarte OL-gullet i 1976 og EM-tittelen i 1978.

Ruth Fuchs i 1990

Gjennom vel eit halvår i 1990, til dess dei to tyske statane vart samla 2. oktober 1990, representerte Fuchs sosialistpartiet PDS i den austtyske nasjonalforsamlinga Folkekammeret. Etter samlinga sat ho i den tyske forbundsdagen til 20. desember 1990. Frå 1992 til 2000 var ho forbundsdagmedlem for PDS, mista plassen i parlamentet då partiet kom under sperregrensa på 5% ved valet hausten 2002. Etter å ha vore medlem av landdagen (delstatsforsamlinga) i Thüringen perioden 2004-09 for Die Linke, trekte ho seg frå politikken.