Aoraki/Mount Cook National Park

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aoraki/Mont Cook National Park
Styresmakter
Land
Region
New Zealand New Zealand
Canterbury
Oppretta 1953
Geografi
Koordinatar 43°44′0″S 170°6′0″EKoordinatar: 43°44′0″S 170°6′0″E
Plassering
Aoraki/Mount Cook National Park is located in New Zealand
Aoraki/Mount Cook National Park
Søralpane med Mount Sefton og The Footstool, sett frå Hooker Valley. Til høgre i bakgrunnen ligg Aoraki/Mount Cook.
Nedre del av breen Tasman Glacier ved Lake Tasman

Nasjonalparken Aoraki/Mount Cook National Park ligg på SørøyaNew Zealand nær byen Twizel. Aoraki/Mount Cook, det høgaste fjellet på New Zealand, og busetnaden Aoraki/Mount Cook village ligg inne i parken. Området vart oppretta som ein nasjonalpark i oktober 1953, og er sett saman av område som vart verna så tidleg som i 1887 for å ta vare på det særeigne dyrelivet og vegetasjonen her[1].

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Parken omfattar eit område på 707 km². Isbrear dekkjer 40% av arealet, mellom desse Tasman Glacier i hellingane til Aoraki/Mount Cook[1].

Alle dei 20 fjelltoppane på New Zealand som er over 3 000 meter, utanom Mount Aspiring/Tititea, ligg i parken. Mellom desse er det høgaste fjellet på New Zealand, Aoraki/Mount Cook, 3753 m.o.h. Andre markante fjell er Mount Tasman, Mount Hicks, Mount Sefton og Mount Elie de Beaumont. Fjella i Søralpane er unge i geologisk forstand, mindre enn ti millionar år, og dei er stadig under oppbygging. Landhevinga i området der nasjonalparken ligg, er på fem til ti millimeter årleg. Det er rekna ut at det gjennom tidene har vore om lag 25 km landheving, men landhevinga har vorte motverka av erosjon[2].

Parken grensar til Westland Tai Poutini National Park på Søralpane. Til saman utgjer dei delar av Te Wahipounamu South Westland verdsarvstad, som er kjend for framståande naturverdiar[1].

Flora og fauna[endre | endre wikiteksten]

Vegetasjonen i Aoraki/Mount Cook National Park består av over 400 planteslag, av desse er meir enn 100 innførde artar, som til dømes den fargerike hagelupinen, moreller og ulike bartre. Under normale tilhøve veks skogen opp til om kring 1300 m.o.h., og tussockgras mellom 1300 og 1900 m.o.h. På dei høgaste klippene i Aoraki/Mount Cook er det funne kring 14 artar lav[3]. Det meste av parken ligg over skoggrensa, slik at voksterlivet består hovudsakleg av alpine plantar som til dømes Mount Cook-lilje, (Ranunculus lyallii), den største soleieblomen i verda, store, alpine tusenfryd og Spaniard eller spydgras (Aciphylla colensoi)[1].

Der er om lag 35[4] til 40 fugleartar i parken, mellom desse kea, den einaste alpine papegøyen, og den godt kamuflerte australpiplerka. Keafuglen finnst no berre i Søralpane. Små insektetarar som tïtitipounamu (skogklatresmett) og pïwakawaka (viftestjertar) held til i småskog og buskar, saman med eit mindre tal med to større fuglar, duer og nattsvermarugle. Innførte artar som finkar og sporvar held til i krattlandskapet. Den vesle fjellklatresmetten, ei trua art, er den einaste med permanent tilhaldsstad i høgfjellet[4]. Svartstylteløparen, eller Kakī, den sjeldnaste vadefuglen i verda, held til langs elvebreiddene til Tasman River[1].

Parken er òg tilhaldsstad for mange virvellause dyr. Mellom desse er store augestikkarar, sirissar, grashopper, 223 dokumenterte artar av møll og sju endemiske sommarfuglar[5]. Ein svart alpin wētā, også kjend som Mount Cook-fluga, lever over snøgrensa. Den sjeldne gekkoen ( Naultinus gemmeus) (eng. jewelled gecko) held til i parken, men er sjeldan å sjå[1]. Innført gemse og Himalayatahr kan jaktast på[6].

Rekreasjon[endre | endre wikiteksten]

Parken er populær for fotturisme, skisport, jakt og fjellklatring. Miljøverndepartementet, Department of Conservation, administrerer aktivitetane i parken.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Aoraki/Mount Cook National Park. Department of Conservation.
  2. Aoraki/Mount Cook Education Resource (PDF). Department of Conservation (2009).
  3. Aoraki/Mount Cook Education Resource (PDF). Department of Conservation (2009).
  4. 4,0 4,1 Aoraki/Mount Cook Education Resource (PDF). Department of Conservation (2009).
  5. Aoraki/Mount Cook Education Resource (PDF). Department of Conservation (2009).
  6. Aoraki/Mount Cook - hunting. Department of Conservation.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Aoraki/Mount Cook National Park