Aramearar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gravestele i basalt av Si' Gabbor, prest for måneguden, og med arameisk inskripsjon frå tidleg på 600-talet f.Kr., funnen i Neirab (Syria).

Aramearar (arameisk/syrisk: ܐܪܡܝܐ , Ārāmāye') var ei vestsemittisk folkegruppe som var dels nomadar og dels pastoralistar (sau- eller fedrift) som levde i øvre Mesopotamia (bibelske Aram) i løpet av den seine bronsealderen og jernalderen. Aramearar hadde aldri eit samla rike, men var delt i sjølvstendige kongedøme over heile Midtausten og vestlege Asia. Etter samanbrotet til bronsealderen vart den politiske makta deira innskrenka til fleire syrisk-hettittisk statar som til sist vart heilt absorbert i Det nyassyriske riket i løpet av 700-talet f.Kr.

I kontrast kom språket deira, gammalarameisk, til å bli lingua franca, fellesspråk, for heile den fruktbare halvmånen og i seinantikken utvikla det seg til dei litterære språka gammalsyrisk og mandeisk. Forskarar har til og med nytta omgrepet «aramaisasjon» for prosessen der dei assyrisk-babylonske folka vart arameisktalande i løpet av den seinare jernalderen.[1]

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Gravstele i basalt med arameisk inskripsjon frå 600-talet f.Kr. Funnen i Neirab eller Tell Afis (Syria).

Opphavet til aramearane er framleis usikkert på grunn av få kjelder der aramearane er nemnt i mesopotamiske inskripsjonar.

Toponymet (læra om stadnamn) A-ra-mu opptrer i inskripsjonar i Ebla frå 2000-talet f.Kr. som lister opp geografiske namn, og A-ra-me, tilsynelatande den genitiviske forma, opptrer i ein inskripsjon av Naram-Sin av Akkad (ca. 2250 f.Kr.). Forskarane er ikkje samde om forholdet (om det i det hele tatt eksisterer) mellom desse to stadane. Den første gongen aramearane er nemnde som folk, er i inskripsjonane til den assyriske kongen Tiglat-Pileser I som vart rissa meir enn tusen år seinare.[2] Andre referansar som òg er like tidlegem nemner ein stad eller eit folk av «Aram» som er funne i arkiva til oldtidsbyen Mari (ca 1900 f.Kr.) og ved oldtidsbyen Ugarit (ca 1300 f.Kr.).

Byen Aram er òg nemnt i Det gamle testamentet, og seinare i Koranen som «Aram på støttene» (eller Ubar, «den forsvunne byen»), og som heimen til folket A'ad i regionen Alahqaf الأحقاف (Rub al Khali).

Nomadiske sauegjetarar har alltid vore eit trekk ved Midtausten, men talet på dei synest å variere i høve til klimatiske forhold og påtrykk til nabostatar som har sørgd for fast busetnad. Den seine bronsealderen synest å ha ført til aukande tørke, svekka nabostatar, og opptakten til at folka gjekk over til sesongbasert dyrehald (ein stad om vinteren, og ein annan stad om sommaren), og brukte stadig lengre og lengre tid med dyreflokkane sine. Urbane busetnader minka i storleik fram til dei siste nomadiske sauegjetarane var den dominerande levestilen i regionen. Desse særs mobile, konkurrerande stammefolka som dreiv brå overfall vart ein vedvarande trussel for handelen over lengre distansar og forstyrra innsamlinga av skattar og tributtar. Tidleg på 1300-talet f.Kr. kom det meste av Israel inn under arameisk styre i åtte år i høve den bibelske boka Domarane inntil dommaren (i røynda ein slags høvding) Otniel sigra over styrkane til Chushan-Rishathaim, konge av Aram Naharaim eller nordvestlege Mesopotamia.[3] «Sidan hadde landet [Israel] fred i førti år.» Namnet Aram Naharaim tyder «dei to elvane sitt Aram».[4] Andre stader som er nemnt i Den hebraiske Bibelen omfattar Aram-Damaskus og Aram Rehob.

Folket Ahlamû (= vandrarane) er først nemnt i Amarnabreva som synte til kongen av Babylon; at Ahlamû fanst er òg attestert i Assyria, Nippur og sjølv ved Dilmun (Bahrain); Salmanassar I (1274-1245 f.Kr.) sigra over Shattuara, konge av Mitanni og leigesoldtane hans frå det hettittiske riket og frå Ahlamû. Omgrepet synest å svare til det egyptiske omgrepet Shasu (Shsw = vandrar), og som synest å erstatte fredlause 'Apiru (kileskrift SA.GAZ) som ei viktig årsak for ustabilitet i egyptiske Levanten frå regimet til farao Tutankhamon og framover. I det neste hundreåret braut Ahlamû vegen frå Babylon til Hattusa, og Tukulti-Ninurta I (1244-1208 f.Kr.) hevda at han erobra Mari, Hana og Rapiqum ved elva Eufrat og «fjella til Ahlamû», noko som må vere regionen Jebel Bishri.[5]

Samanbrotet til bronsealderen[endre | endre wikiteksten]

Asurnasirpal II i midten.

For første gang som ein inskripsjon frå Tiglat-Pileser I (1115–1077 f.Kr.) vert det referert til «Ahlamû-aramearane» (Ahlame Armaia) og kort tid etter forsvinn Ahlamû raskt frå dei assyriske årbøkene og blir erstatta av aramearane (Aramu, Arimi). «Ahlamû-aramaearane» ville ha rekna aramearane som ei viktig og med tida ein dominerande fraksjon av Ahlamû-stammene, det er derimot mogleg at desse to folka ikkje hadde noko som helst til felles, men opererte i det same området.[6] Det er mogleg at namnet «aramearar» var ei meir presis form for det tidlegare etnonymet Martu (amorittar, «dei vestlege») i dei assyriske tavlene.

Aramearar var på 1000-talet f.Kr. etablert i Syria. Bibelen fortel at dei jødiske kongane Saul, David og Salomo (slutten av 1000- til 900-talet f.Kr.) kjempa mot arameiske kongedøme på motsett side av den nordlege grensa til Israel: Aram-Sôvah i Beq’a, Aram-Bêt-Rehob og Aram-Ma’akah rundt Hermonfjellet, Geshur i Hauran, og Damaskus. Lengre nord hadde aramearane Hamat ved elva Orontes og vart snart sterke nok til skille seg frå den nyhettittiske blokka.

Det nyassyriske riket[endre | endre wikiteksten]

Aramearane erobra i løpet av 900- og 800-talet f.Kr. Sam’al (Zenjirli), òg kjent som Yaudi, regionen frå Arpad til Aleppo i dagens Syria, og som dei døypte om til Bît-Agushi, og Til Barsip, som vart hovudstaden til Bît-Adini, òg kjent som Beth Eden. På same tid flytta aramearane til aust for elva Eufrat og der busette dei seg i så store mengder at heile regionen vart kalla Aram-Naharaim eller «Aram av dei to elvane». Eit av dei tidlegaste kongedøma deira i Mesopotamia var Bît-bahiâni (Tell Halaf). Nord for Sam'al var den arameiske staten Bit-Gabari, samanpressa mellom dei nyhettittiske statane Karkemisj, Gurgum, Tabal, Khattina og Unqi. Medan desse seinare statane heldt på eit nyhettittisk, hieroglyfisk skriftspråk for offentleg kommunikasjon, synest det som om folkesetnaden i desse småstatane i aukande grad vart arameifisert.

Arameiske kongedøme vart underkasta av Adad-Nirari II, Asurnasirpal II, og sonen hans Salmanassar III, som øydela mange av dei små stammene, og gav kontrollen over Syria og den lokale handelen og naturressursane til assyrarane. Sjølv utan ein eigen stat fortsette aramearane å halde seg i Midtausten og det vestlege Asia.

Språk[endre | endre wikiteksten]

Tospråkleg tavle med gresk og arameisk frå 200-talet f.Kr.

Aramearane er først og fremst definert ved bruken av det vestsemittiske gammalarameiske språket (1100 f.Kr.-200 e.Kr.), og det vart først nytta i skriftlege språk ved hjelp av det fønikiske alfabetet, men over tid vart det modifisert til å nytte eit særleg arameisk alfabet.

Så tidleg som 700-talet f.Kr. konkurrerte arameisk språk og skrift med det austsemittiske akkadiske språket og kileskrift i Assyria, og deretter spreidde arameisk seg over heile Orienten. Ved rundt 500 f.Kr. hadde arameisk blitt lingua franca, fellesspråk, i Akamenideriket (det persiske riket). Sjølv om språket vart marginalisert av gresk i den hellenistiske epoken, vart det fellesdialekten for alle folka i regionen fram til den islamske erobringa av Mesopotamia på 600-talet e.Kr.

Det seine gammalarameiske språket til Akamenideriket utvikla seg til mellomarameisk-syrisk språk i Romersk Syria og det vart det liturgiske språket til syriske kristne.

Religion og kunst[endre | endre wikiteksten]

Det synest frå inskripsjonane deira at aramearane dyrka sumerisk-akkadiske og kanaanitiske gudar, slik som Haddad (Adad), stormguden, El, den øvste guddommen i Kanaan, Sin, Istar (som dei kalla ‘Attar), den fønikiske gudinna Anat (‘Atta) og andre.

Det synes som om aramearane følgde og tilpassa seg tradisjonane til det landet som dei busette seg i. Til dømes tilsette kongen av Damaskus fønikiske skulptørar og elfenbeinshoggarar. I Tell Halaf (Guzana), palasset til Kapara, ein arameisk herskar på 800-talet f.Kr., var dekorert med store ståande steinar (ortostat) og med statuar som framviste ei blanding av mesopotamisk, hettittisk og hurrittiske innverknad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Aramere» frå Wikipedia på bokmål, den 16. mai 2014.
  • Moscati, S. (1959): 'The Aramaean Ahlamû', FSS, IV, ss. 303-307.
  • Oppenheim, M. Freiherr Von (1931): Der Tell Halaf, Leipzig, ss. 71-198.
  • Oppenheim, M. Freiherr Von (1950): Tell Halaf, III, Die Bauwerke, Berlin.
  • Moortgat, A. (1955): Tell Halaf IV, Die Bildwerke, Berlin.
  • Hrouda, B. (1962): Tell Halaf IV, Die Kleinfunde aus historischer Zeit, Berlin.
  • Roux, G. (1980): Ancient Iraq, London.
  • Beyer, Klaus (1986): The Aramaic language: its distribution and subdivisions. (Göttingen: Vandenhoeck und Ruprecht). ISBN 3-525-53573-2.
  • Lipiński, Edward (2000): The Aramaeans: their ancient history, culture, religion (illu. utg.). Peeters Publishers. ISBN 9042908599, 9789042908598.
  1. Parpola, Simo: National and Ethnic Identity in the Neo-Assyrian Empire and Assyrian Identity in Post-Empire Times (PDF), University of Helsinki, side 9
  2. Lipiński, Edward (2000), ss. 25-27.
  3. Nettbibelen: Domarane 3:8-3.9
  4. Jewish Encylopedia
  5. SYGIS - Jebel Bishri. The Finnish Project in Syria
  6. «Akhlame», Encyclopædia Britannica

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]