Ariar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ariar (sanskrit arya, 'høgboren') er eit omgrep som blei brukt av visse iranske og indiske folk i vedisk tid om seg sjølv. Arya har seinare hatt ei vikrig tyding i fleire asiatiske religionar, og er opphavet til landnamnet Iran.[1][2] Ordet er seinare blitt nytta som samnamn på folk som snakka indoariske språk, eller om indoeuropeiske språk. Nokre vestlege tenkjarar tok ordet i bruk om ein tenkt menneskerase som skulle ha vandra gjennom verda og grunnlagd dei store kulturane. Omgrepet blei nytta av nazistane om ein privilegert herskarrase. Omgrepet blir i dag stort sett berre brukt vitskapleg om indoariske språk.[3]

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Den eldste skriftfesta bruken av arya er på Behistuninnskrifta.

Den eldste skriftfesting av ariya finn ein på Behistuninnskrifta til Dareios den store frå 500-talet f.Kr. Ordet er også førsteleddet i namnet til oldefar hans, Ariaramnes, og i andre gammal-persiske namn. Det er bevart i namn på ulike folkegrupper, som alanarar og ironfolk (ei gruppe ossetarar)[4] og det geografiske namnet Iran, tidlegare Eran, avleidd frå avestisk genitivsfleirtal airyanam.[1]

I samband med indiske folk er Āryāvarta ('Ariar-heimen') nemnd i gamle tekstar som heimlandet deira.[5] Det blir definert som eit område mellom Himalaya og Vindhyafjella i nord og sør, mellom dei to hava i aust og vest (Bengalbukta og Arabiahavet).[6]

Tittelen blei brukt ulike stader i India. Herskaren av Kalinga, Kharavela, blir til dømes omtalt som ein ārya i Hathigumpha-innskrifta frå rundt 100-talet fvt.

Omgrepet er utbreidd i hinduismen, buddhismen og djainismen. Ordet ārya blir brukt i verk som Rigveda, Ramayana og Mahabharata. Det kan vera ein ærestittel eller visa til rett oppførsel. Feil eller dårleg oppførsel kan omtalast som anārya, 'u-arisk'.

Buddhistiske tekstar bruker ordet om andelege heltar og opphøgde omgrep, som ariyassa dhammavinayo (dharma og vinaya), cattāri ariyasaccāni (dei fire edle sanningane) eller ariyamagga (den edle åttedelte vegen). Buddhistar kan omtalast som ariyapuggala, 'edle personar'.

Vestlege tolkingar[endre | endre wikiteksten]

På 1800-talet blomstra den vestlege orientalismen, med studiar av gamle indiske og iranske tekstar og asiatiske språk. Europearar lærte seg sanskrit og avestisk, og omsette tekstar som Zend-Avesta og Rigveda. Ein oppdaga likskapar mellom sanskrit, latin, gresk og andre språk, og ideen om den indoeuropeiske språkfamilien voks fram. På denne tida såg ein på språk som tett knytta til nasjonar eller folk.[7]

Det blei gjort framlegg om at protoindoeuropeiske talarar høyrde til ein eigen rase som etterkvart blei kalla ariarar. Den tyske forskaren Karl Wilhelm Friedrich Schlegel la fram den første teorien som knytte indo-iranske og germanske språk saman i ei arisk gruppe i 1819.[8][9] Karl Otfried Müller brukte ordet Arier i sine utgjevingar i 1830.[10] Den sveitsiske språkforskaren Adolphe Pictet gjorde mykje for å spreia ideen om ein indoeuropeisk-språkleg arisk rase med verk som Les origines indo-européennes ou les Aryas primitifs (1859-1863).

Max Müller, som gav ut ei kritisk omsetjing av Rigveda på 1840-talet, la fram den ariske invasjonsteorien, ein ide om at ei gruppe brahminar han kalla ariarar hadde invadert India og fortrengd dravidisktalande folk. I 1885 gjekk newzealandske Edward Tregear vidare og meinte at ei arisk tidvassbølgje hadde vaska over India og fortsett vidare sørover, gjennom øyane i Det indiske havet og heilt til New Zealand. Andre, som misjonæren John Batchelor, Armand de Quatrefages og Daniel Brinton, utvida teorien til å omfatta Filippinane, Hawaii og Japan, der dei identifiserte ulike urfolksgrupper dei meinte stamma frå dei tidlege ariske erobrarane.[11]

Kart som viser «The Growth of Aryan Predominance» frå 1891. Synet på ariarar som ein herskarrase blei utbreidd på 1800-talet.

På 1850-talet la Arthur de Gobineau fram teorien om ein arisk meisterrase i Essai sur l'inégalité des races humaines. Han meinte det fanst tre opphavlege rasar (kvit, gul og svart) med ulike kvalitetar som hadde blanda seg med kvarandre. Nord-europeiske ariarar var etter hans syn dei minst blanda. Tankane hans blei populære i tysk rasetenking, til dømes gjennom verka til britisk-tyske Houston Stewart Chamberlain, som var den første til å bruka ordet «ariar» synonymt med «den kvite rasen».[12]

På 1880-talet hevda fleire språkforskarar og antropologar at ariarar opphavleg kom frå Nord-Europa. Austerrikske Karl Penka spreidde ideen om at den ariske rasen stamma frå Skandinavia og hadde kjenneteikn som blå auge og blondt hår i verk som Origines Ariacae (1883). Amerikanske Charles Morris støtta opp om dette i The Aryan Race (1888), og meinte dei også var langskallar. I L'Aryen et son rôle social (1899) hevda franske Georges Vacher de Lapouge at slike blonde langskalla folk var naturlege leiarar som var best skikka til å herska over kortskallar.[13]

Bruk av ariaromgrepet i ulike land[endre | endre wikiteksten]

India[endre | endre wikiteksten]

I Britisk India hadde kolonistyresmaktene følgd de Gobineau sine tankar om ein høgareståande arisk rase og slått han saman med det indiske kastesystemet for å fremja imperialistiske interesser.[14][15] I si fullt utvikla form blei det indiske samfunnet delt inn i ariske og ikkje-ariske kastar, der dei øvste kastane blei rekna som ariske og dei lågare ikkje. Dette gjorde både at europearar kunne rekna seg sjølv som høgkastefolk og at indarar som brahminar og parsarar kunne rekna seg sjølv som likestilte med britane. Men det utvikla seg også motsvar til denne forståinga, som indisk nasjonalisme, hindunasjonalisme elller samfunnsreformatorar.[14][15]

Fleire rørsler hadde teoriar som gjekk rakt imot teoriar om arisk invasjon eller innvandring. Teosofisk samfunn meinte at ariarane hadde kome frå India, og var opphavet til den europeiske sivilisasjonen.[16] Teosofileiaren Helena Blavatsky hevda at ariarane var den femte av sju «rotrasar». Semittiske folk var ei undergruppe av den ariske rasen. Jødane stamma frå ein låg indisk kaste, ettersom ho tolka namnet til patriarken Abraham som ei avleiing av 'ingen brahmin'.[17]

Representantar for lågkaster eller dalitar har stilt spørsmål ved ariardyrkinga, som Mahatma Phule, som påpeika at den ariske invasjonsteorien gjorde den indiske eliten til framande barbarar, eller Babasaheb Ambedkar, som forkasta heile rasemyten og meinte dei såkalla urørbare var innfødde ariarar som berre var blitt fråtekne nemninga.[18]

Tidleg på 1900-talet hevda hindunasjonalistar som Savarkar og Golwalkar at ariarane var dei opphavlege hinduane og stammar frå India. Ariarane tala sanskrit og spreidde arisk sivilasjon til vesten. Det var ingen invasjon og inga konflikt mellom folka i India.[16] Michael Witzel fører ideen tilbake til 1930-talet, men meiner han stort sett vart gløymd under det internasjonalistiske og sosialistiske kongresstyret fram til han blei trekt fram att på 1980-talet.[19] Lars Martin Fosse påpeiker at slike teoriar, som er blitt kjend som Indigenous Aryanism, er blitt ein del av ideologien til hindunasjonalistar, og er meir ei politisk enn eit akademisk sak.[20]

Iran[endre | endre wikiteksten]

Også i moderne iransk tenking har ariar hatt ei viss tyding. På 1800-talet setje nasjonalistar som Mirza Fatali Akhundov og Mirza Aqa Khan Kermani skilje mellom høgareståandeariske folk og lågareståande semittiske folk, slik at det førislamske Persarriket blei idealisert i høve til det arabiserte muslimske Iran.[21] Pahlavi-dynastiet la tittelen āryāmehr 'ariar-lyset' til dei andre titlane til Mohammad Reza Pahlavi, sjahen av Iran som allereie var kjend under den gamle persiske nemninga sjahansjah ('konge av kongar'). Den islamske republikken som følgde monarkiet brukte også slike idear som motsats mot vestleggjering.[22]

USA[endre | endre wikiteksten]

Mellomtekst frå den suksessriket stumfilmen The Birth of a Nation (1915).

I USA blei ariar-omgrepet knytt til overtydinga om ein manifest destiny, ein førehandsbestemt skjebne om at europeisk-ætta amerikanarar skulle ta over landområdet frå Atlanterhavet til Stillehavet og skipa eit amerikansk rike. Omgrepet blei spreidd med bestseljaren Race Life of the Aryan Peoples (1907) av Joseph Pomeroy Widney.[23]

Omgrepet blei brukt i filmar som The Aryan og The Birth of a Nation (om Ku Klux Klan) frå 1915. Seinare på 1900-talet blei rasistiske organisasjonar som Aryan Brotherhood, Aryan Circle og Aryan Nations skipa.

Tyskland[endre | endre wikiteksten]

Fransk karikatur som vitsa med «den ariske typen»: Blond som Hitler, tynn som Göring, stor som Goebbels.

I Tyskland blei ariske raseteoriar gjort om til offisiell politikk under nazistane. Ein av hovudmennene bak raseideologien var Alfred Rosenberg, som laga ei rangordning av rasar der ariarar stod øvst. Frå nazistane kom til makta i 1933 blei det innført ariarparagrafar (Arierparagraph) som utestengde «ikkje-ariarar» som jødar og slavarar frå ei rekkje organisasjonar, yrke og sosiale goder. Stadige innskrenkingar mot dei som ikkje blei rekna som ariarar førte til etnisk reinsing som er best kjend som Holocaust.

Folk måtte bevisa at dei var ariske ved hjelp av ariarbevis (Ariernachweis) og anepass (Ahnenpass). Enkeltpersonar som stod regimet nær og grupper dei hadde nytte av, som japanarar og etterkvart finnar, kunne erklærast æresariarar (Ehrenarier).

Nyare bruk[endre | endre wikiteksten]

Ubtreiinga av indo-ariske språk i dag.

Den nazistiske tilknyttinga har gjeve ordet «ariar» eit svært dårleg omdøme. Dette og omgrepsforvirringa der ordet stundom kan visa til alle indoeuropearar og stundom berre til å gjelda indo-iranske språk har gjort at det har forsvunne ut frå vanleg språkbruk, bortsett frå i omgrepet indoariske språk.[24]

Ordet arya har likevel ikkje mista den religiøse og kulturelle tydinga si i Asia. Ei moderne reformrørsle i hinduismen heiter Arya Samaj, 'det høgborne samfunnet'. I Iran og India finn ein namn som Arya og Aryan i bruk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Mallory 1991, s. 125.
  2. «Aryan», Oxford English Dictionary, http://www.oed.com/view/Entry/11296?redirectedFrom=aryan& 
  3. Encyclopædia Britannica: " ...the Sanskrit term arya ("noble" or "distinguished"), the linguistic root of the word (Aryan)..." "It is now used in linguistics only in the sense of the term Indo-Aryan languages, a branch of the larger Indo-European language family" [1]
  4. Schmitt, Rüdiger (1987), «Aryans», Encyclopedia Iranica, vol. 2, New York: Routledge & Kegan Paul, s. 684–687 
  5. Gopal, Madan (1990). K.S. Gautam, red. India through the ages. Publication Division, Ministry of Information and Broadcasting, Government of India. s. 70. 
  6. Michael Cook (2014), Ancient Religions, Modern Politics: The Islamic Case in Comparative Perspective, Princeton University Press, p.68: "Aryavarta [...] is defined by Manu as extending from the Himalayas in the north to the Vindhyas of Central India in the south and from the sea in the west to the sea in the east."
  7. Trautmann 2006, s. 15.
  8. Watkins, Calvert (2000), «Aryan», American Heritage Dictionary of the English Language (4th utg.), New York: Houghton Mifflin, ISBN 0-395-82517-2, «...when Friedrich Schlegel, a German scholar who was an important early Indo-Europeanist, came up with a theory that linked the Indo-Iranian words with the German word Ehre, 'honor', and older Germanic names containing the element ario-, such as the Swiss [sic] warrior Ariovistus who was written about by Julius Caesar. Schlegel theorized that far from being just a designation of the Indo-Iranians, the word *arya- had in fact been what the Indo-Europeans called themselves, meaning [according to Schlegel] something like 'the honorable people.' (This theory has since been called into question.)» .
  9. Schlegel, Friedrich. 1819. Review of J. G. Rhode, Über den Anfang unserer Geschichte und die letzte Revolution der Erde, Breslau, 1819. Jahrbücher der Literatur VIII: 413ff
  10. «Müller, Karl Otfried: Handbuch der Archäologie der Kunst. Breslau, 1830.». http://www.deutschestextarchiv.de/book/view/mueller_kunst_1830?p=297. 
  11. Robinson, Michael (2016). The Lost White Tribe: Explorers, Scientists, and the Theory that Changed a Continent. New York: Oxford University Press. s. 147–161. ISBN 9780199978489. 
  12. «Aryan», Encyclopædia Britannica, http://www.britannica.com/EBchecked/topic/37468/Aryan 
  13. Vacher de Lapouge (trans Clossen, C), Georges (1899). «Old and New Aspects of the Aryan Question». The American Journal of Sociology 5 (3): 329–346. doi:10.1086/210895. 
  14. 14,0 14,1 Thapar, Romila (January 1, 1996), «The Theory of Aryan Race and India: History and Politics», Social Scientist (Social Scientist) 24 (1/3): 3–29, doi:10.2307/3520116, ISSN 0970-0293 .
  15. 15,0 15,1 Leopold, Joan (1974), «British Applications of the Aryan Theory of Race to India, 1850–1870», The English Historical Review 89 (352): 578–603, doi:10.1093/ehr/LXXXIX.CCCLII.578 .
  16. 16,0 16,1 Thapar 1996, s. 9.
  17. Blavatsky, Helena Petrovna (1947) [1888], The Secret Doctrine, the Synthesis of Science, Religion and Philosophy, II: Anthropogenesis (Fascimile of original utg.), Los Angeles: The Theosophy Company, s. 200, OCLC 8129381, http://www.phx-ult-lodge.org/SDVolume2.htm, henta 2011-06-14 .
  18. Kirschner, L. A. (2005), «Aryans, Jews, Brahmins: Theorizing Authority through Myths of Identity (review)», Comparative Literature Studies (Project MUSE) 42 (2), doi:10.1353/cls.2005.0037 
  19. Witzel 2006, s. 204–205.
  20. Fosse 2005, s. 435.
  21. Adib-Moghaddam, Arshin (2006), «Reflections on Arab and Iranian Ultra-Nationalism», Monthly Review Magazine 11/06, http://mrzine.monthlyreview.org/aam201106.html .
  22. Keddie, Nikki R.; Richard, Yann (2006), Modern Iran: Roots and Results of Revolution, Yale University Press, s. 178f., ISBN 0-300-12105-9 .
  23. Widney, Joseph P Race Life of the Aryan Peoples New York: Funk & Wagnalls. 1907 In Two Volumes: Volume One--The Old World, Volume Two--The New World ISBN B000859S6O: Race Life of the Aryan Peoples Vol.1--"The Old World": Race Life of the Aryan Peoples Vol.2--"The New World":
  24. «Aryan», Concise Oxford Companion to the English Language, Oxford University Press, 1998, http://www.oxfordreference.com/view/10.1093/acref/9780192800619.001.0001/acref-9780192800619-e-116 

  • Fosse, Lars Martin (2005), «ARYAN PAST AND POST-COLONIAL PRESENT. The polemics and politics of indigenous Aryanism», The Indo-Aryan Controversy. Evidence and inference in Indian history, Routledge 
  • Trautmann, Thomas R. (2006), Languages & Nations, University of California Press 
  • Witzel, Michael (2006), «Rama's realm: Indocentric rewritings of early South Asian History», i Fagan, Garrett, Archaeological Fantasies: How pseudoarchaeology misrepresents the past and misleads the public, Routledge, ISBN 0-415-30592-6