Arne Lofthus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arne Lofthus

Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. september 1881
Bergen
Død

16. mai 1962 (80 år)
København

Yrke kunstmålar
Far Olav Lofthus
Born Olav Hast

Arne Wallem Lofthus (23. september 188116. mai 1962) var ein norsk-dansk målar. Far hans var redaktøren Olav Lofthus.

Lofthus vart fødd i Bergen i 1881, og voks opp der. Han ynskte opphavleg å utdanna seg til arkitekt, og etter endt skulegang på Bergen Katedralskole arbeidde han eitt år på arkitektkontor. Deretter gjekk ferda til København. I 1899–1901 var Lofthus elev ved Den Tekniske Skole i byen.

I 1901 kom Lofthus i kontakt med Joakim Skovgaard og vart ein av medarbeidarane hans i freskoutsmykkinga av Viborg domkyrkje. Dette samarbeidet varte fram til 1906, og Lofthus måla også portrett av Skovgaard. Vintrane 1902 og 1903 studerte han ved målarskulen åt Kristian Zahrtmann. I 1907 debuterte han som målar på Den frie Udstilling i København.

Lofthus målte landskap, interiør, stilleben, blomemotiv og portrett, som oftast i avdempa fargar. Særleg er Lofthus vorten kjend for freskoteknikken sin. I tillegg til denne arbeidde han m.a. i olje, kol og akvarell. Bileta hans vert gjerne plasserte i forlenginga av impresjonismen.

I 1907–08 studerte Lofthus i Paris, men busette seg permanent i København frå og med 1915. Lofthus tok likevel vare på kontakten med heimlandet. Han stilte også ut i Noreg og målte gjerne norske motiv, ikkje minst frå Bergen. I tillegg representerte han Noreg ved internasjonale utstillingar, t.d. i London, Budapest, Barcelona, Wien og Paris, og deltok på utstillingar i Stockholm og København. Bileta hans vart kjøpte inn av norske museum, samlingar og kunstforeiningar, m.a. Nasjonalgalleriet og Bergen Kunstmuseum. Han vann stor vyrdnad for dei framifrå portretta han måla av m.a. kona Sofie Lofthus, Bjørn Helland-Hansen (sistnemnde portrett heng i dag i Christian Michelsens institutt, Bergen), Nordahl Grieg, Joakim Skovgaard og Anders C. Svarstad.

Han utførte elles ei rad med dekorative verk, m.a. takdekoren i Bergens offentlege bibliotek, seks store motiv i Handelens og Sjøfartens hus i Bergen og gavlbiletet i Redernes hus i Oslo. Nasjonalgalleriet i Oslo eig fire små freskobilete og fleire akvarellar og oljemåleri av han. Ein del av verka hans er diverre gått tapt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]