Hopp til innhald

Arto Härkönen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arto Härkönen
StatsborgarskapFinland
Fødd31. januar 1959 (67 år)
Helsingfors
Yrkespydkastar
Språkfinsk
Høgd190 centimeter
FarKalevi Härkönen

Arto Kalevi Härkönen (fødd 31. januar 1959) er ein finsk tidlegare friidrettsutøvar. Han vart olympiameister i spydkast i 1984. Han er 190 cm høg og hadde ei tevlingsvekt på 92 kg.

Härkönen utmerka seg som spydkastar allereie som 18-åring. Han kasta då spydet nesten 83 m som lengst. Året etter flytta han sin personlege rekord til over 85 m, og 20 år gammal forbetra han sitt besteresultat til 90,18 m. I den sesongen fekk han sølvmedaljen i den finske meisterskapen med eit kast på 89,90 m. Sitt einaste finske meisterskap vann han i 1982, same sesongen kom han på 5. plass i EM. Under VM året etter i heimbyen Helsingfors lukkast han ikkje å kvalifisere seg til finalen.

I 1984 var han i sitt livs beste form. Han kasta då som lengst 92,40 m. Ettersom DDR boikotta dei olympiske sommarleikane i Los Angeles, slapp han å møte både den regjerande europameisteren (Uwe Hohn) og den regjerande verdsmeisteren (Detlef Michel). Härkönen vann OL-gullet med eit kast som var nøyaktig like langt som hans bestekast i EM to år i førevegen. I 1985-sesongen hamna han litt bak dei beste finske spydkastarane, og valde å leggje opp.

Medalje og plasseringar i internasjonale meisterskap

[endre | endre wikiteksten]

Medaljar i finske meisterskap

[endre | endre wikiteksten]
  • 1979: Sølv, 89,90 m
  • 1982: Gull, 85,94 m

Personlege rekordar og årsbeste

[endre | endre wikiteksten]
År1976197719781979198019811982198319841985
Lengde (m)75,8882,9885,7090,1890,2691,0487,8082,4892,4085,80