Tapio Korjus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tapio Korjus
Tapio Korjus.jpg
Fødd 10. februar 1961
Fredrikshamn
Yrke spydkaster

Seppo Tapio Aleksanteri Korjus (fødd 10. februar 1961) i Vehkalahti er ein tidlegare finsk friidrettsutøvar. Han vart olympiameister i spydkast i 1988. Han er 196 cm høg, og hadde ei tevlingsvekt på 105 kg, nærast ein idealstorleik for ein spydkastar.

Korjus var mellom dei fremste spydkastarane i Finland i siste halvdel av 1980-åra. Med den gamle spydtypen passerte han 80-metersgrensa i 1983, og kasta som lengst 89,30 m (i 1985). Både i 1987 og -88 vart han finsk meister.

I 1988-sesongen viste han framifrå form i månadene føre dei olympiske sommarleikane. Han sette to finske rekordar; den første, 85,18 m, i friidretts-landskampen mellom Noreg og Finland, den andre, 86,50 m, under eit stemne i Lahti. Under OL 1988 i Seoul i Sør-Korea låg Korjus på andreplassen i det meste av spydkastfinalen. I sitt sist kast slengde han spydet 84,28 meter, seksten centimenter lengre enn det til då lengste kastet. Han sikra seg dermed gullmedaljen. Sølvmedaljen gjekk til den unge Jan Železný, som seinare skulle framstå som tidenes største spydkastar.

Etter at Korjus la opp som spydkastar, fungerte han som spydtrenar, bl.a. for den kvinnelege kastaren Mikaela Ingberg.

Personlege rekordar og årsbeste[endre | endre wikiteksten]

  • 1981: 78,00 m
  • 1982: 74,80 m
  • 1983: 81,12 m
  • 1984: 87,24 m
  • 1985: 89,30 m
  • 1986: 74,92 m
  • 1987: 79,52 m
  • 1988: 86,50 m
  • 1989: 82,40 m

Den nye spydtypen, med tyngdepunkt nærare spissen, vart innført frå og med 1986-sesongen.