Aserbajdsjansk kultur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Miniatyrbilete av ein mugam-trio i ein utgåve frå 1500-talet av Ganjavi sitt dikt «Khosrow og Shirin».

Aserbajdsjansk kultur har utvikla seg gjennom påverknad frå kaukasisk, tyrkisk, persisk, russisk og annan europeisk kultur, med element frå mellom anna islam og kommunisme. I nyare tid er vestleg og global konsumkultur blitt viktige.

Kvinnefigur frå Sjaki i Nordvest-Aserbajdsjan, tidfest til 2000-1000-talet f.Kr.

Aserbajdsjan huser mange ulike folkegrupper, med aserbajdsjanarar (azeriar) som den største. Dei fører røtene sine tilbake til fleire oldtidskulturar som kaukasisk Albania, skytarar, alanarar og seinare særleg oghuz-tyrkarar.

Historisk bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå aserbajdsjansk historie.

Det aserbajdsjanske området blei del av Persarriket på 500-talet f.Kr., og parsismen blei utbreidd. Kongen av kaukasiske Albania gjorde riket offisielt kristent på 300-talet, og landet blei verande kristent til 700-talet. Deretter blei det erobra av muslimske arabarar.[1][2] Arabarane blei ein jordeigande elite i området.[3] Dei fleste opphavlege innbyggjarane gjekk etterkvart over til islam. Seinare på 900- og 1000-talet blei landet styrt av kurdiske dynasti over delar av Aserbajdsjan. Frå 1000-talet tok oghuz-tyrkiske dynasti som ghaznavidar og seldsjukkar kontroll over store delar landområdet. Det lokale Shirvanshah-dynastiet, skipa av den persisk-arabiske Yazidi-familien, herska likevel over Shirvan-området frå 800-talet til 1500-talet. Sufiske safavidar fekk stor innverknad frå 1400-talet.

På 1800-talet utvida Tsar-Russland maktområdet sitt, og dei kaukasiske områda som Aserbajdsjan kom under russisk herredøme. Då riket braut saman i 1917 erklærte Aserbajdsjan seg som ein sjølvstendig republikk. Landet blei ein sosialistrepublikk under Sovjetunionen, men fekk sjølvstende att då Sovjetunionen braut saman i 1991.

Arkitektur og biletkunst[endre | endre wikiteksten]

Jomfrutårnet i Baku
Arkitektur

Mellomaldersk aserbajdjsansk arkitektur finst i gamlebyen i Baku, med bygningar som «Jomfrutårnet» og Shirvanshahslottet. Andre bygningar som spegler møtet mellom byggeskikkar frå aust og vest er Shaki Khan-slottet i Shaki, Surakhanytemplet på Absjeronhalvøya, fleire bruer Aras-elva og mange mausoleum.

Karabakh-teppe frå 1700-talet.

På 1800-talet blei fleire byar i landet planlagde og bygde ut etter inspirasjon frå russisk byplanlegging. Dette kan ein sjå i Gjandzja, Shemakha og Baku. På 1800- og tidleg 1900-tal gav rikdom frå oljeutvinning i Kaspihavet gav støytet til å reisa mange offentlege og monumentale byggverk i Baku og andre byar, som teater, operahus, utdanningsinstitusjonar og sjukehus.

Teppeveving

Ein har vove teppe i Aserbajdsjan sidan 1000-talet f.Kr., og ulike område har sine eigne stilar. Dei kan ha figurative bilete eller meir abstrakte mønster.

Forteljande og utøvande kunst[endre | endre wikiteksten]

Ashik-framføring under navroz i 2010.
Litteratur

Aserbajdsjansk litteratur er historisk tett knytt til persisk litteratur, og blei lenge skrive med persisk skrift. Han omfattar mellomalderverk innan vitskap og filosofi, med Abul Hasan Bakhmanyar (1000-talet) og Abul Hasan Shirvani (1000-1100-talet) som viktige representantar. Nezmi eller Ganjavi var ein annan viktig filosof og diktar kjend for verket Khamseh som omfattar fem romantiske dikt, mellom anna om Khosrow og Shirin og Leyli og Mejnun.[4] På 1880-talet utmerkte Khurshidbanu Natavan seg med sine lyrisk ghazalar.

Litteraturen blei strengt styrt under sovjettida. I 1992 gjekk styresmaktene over frå det kyrilliske alfabetet til å bruka latinske bokstavar. I nyare tid har statlege forlag stått bak utgjevingar av vitskaplege og litteraturkritiske verk.[4]

Musikk

Musikklivet omfattar mugam, ei klassisk musikkform som kombinerer poesi med instrumentale mellomspel. Den aserbajdsjanske tradisjonen er meir fri og improviserande enn andre sentralasiatiske mugamformer. Improvisasjon er også viktig for musikarar kallla asjugar eller ashiqar som syng og akkompagnerer seg sjølv med eit strenginstrument kalla saz eller kobuz.[4] Andre lokale instrument er tar, kamantja, oud, balaban, ghaval, naghara, zurna, garmon, tutek og daf.

Kjende aserbajdsjanske komponistar er Uzeir Hajjibekov, som har skrive fleire operaer, og Kara Karayev som har komponert ballettar og symfoniar.[4]

Film

Aserbajdsjan var tidleg ute med å skipa ein filmindustri, i 1898, og både utlendingar og aserbajdsjanrar har laga film her sidan. I 1995 varn Rustam Ibrahimbeyov ein oscarpris for beste utanlandske film for Burnt by the Sun (Утомлённые солнцем, Utomlyonnye solntsem).[5]

Daglegliv[endre | endre wikiteksten]

Aserbajdsjansk mat, dolma og piti-suppe, på to frimerke frå 2016.
Mat

Aserbajdsjansk mat byggjer på råvarer frå eit variert landskap og klima, frå fjell i nord til Kaspihavet i aust. Får og storfe, fisk og kaviar, kveite og ris er viktige matvarer, i tillegg til mange ulike slag frukt, grønsaker, krydder og urter. Pilaffris (plov) og kebab finst i mange utgåver. Elles er flate brød, supper og mjølbollar viktige rettar. Svart te er ein nasjonaldrikk som gjerne blir servert med søte kaker eller syltetøy.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «"Albanien"». Encyclopedia Iranica s.807. Henta 15 juni 2006. 
  2. «Azerbajdzjan International». Henta 7 juni 2006. 
  3. Lapidus, Ira M.: A history of Islamic societies, Cambridge Univ. Press, Cambridge 1988 (eng). ISBN 0-521-22552-3. Libris 5010775. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 «Azerbaijan» (2015). Encyclopædia Britannica.
  5. «Azerbaijani cinema», eurochannel.com

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Aserbajdsjansk kultur