Ashdot Ya'akov Meuhad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 32°39′55.8″N 35°34′55.92″E
Ashdot Ya'akov Meuhad
landsby
none
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Genesaretsjøen
Distrikt Nord distrikt
Kommune Emek HaYarden
Koordinatar 32°39′55.8″N 35°34′55.92″E
Folketal 404 (2011) [1]
Grunnlagd 1953
 - Grunnlagd av Hakibbutz HaMeuhad-medlemmar
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Ashdot Ya'akov Me'uhad

Ashdot Ya'akov Meuhad (hebraisk אַשְׁדוֹת יַעֲקֹב מְאֻחָד) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg sør for Genesaretsjøen nær grensa til Jordan og dekkjer 4 300 dekar i Emek HaYarden regionale kommune. I 2011 hadde han eit folketal på 404.[1]

Ashdot Ya'akov Meuhad vart grunnlagd i 1953 av medlemmar av Hakibbutz HaMeuhad som braut ut av Ashdot Ya'akov av politiske årsaker. Medlemmar av Ihud HaKvutzot VeHakibbutzim grunnla Ashdot Ya'akov Ihud.[2]

Ein av pionerane i kibbutzen, Joseph Zauderer, som immigrerte der i 1939, skreiv ein rapport om situasjonen i Tyskland fram til 1939.[3]

Uri og Rami Nechushtan Museum, som opna i 1958, er kalla opp etter to brør frå kibbutzen som døydde. Uri Nechushtan vart drepen i sjølvstendekrigen, og seks år seinare, i 1954, døydde broren Rami, etter å ha blitt biten av ein slange. Faren deira, Meir, skipa museumet til minne om kunstverka til sønene.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. http://cbs.gov.il/ishuvim/ishuv2011/bycode.xls. Henta 9. oktober 2014. 
  2. 2,0 2,1 David Rapp (16. mai 2003), A Walk i Haredi Street, http://www.haaretz.com/culture/arts-leisure/a-walk-in-the-haredi-street-1.9986, henta 13. januar 2014 
  3. Joseph Zauderer. «Die Juden in Remscheid 1900 -1938». http://www.remscheid.christ2020.de. Henta 13. januar 2014.