Hopp til innhald

Afikim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Afikim
kibbutz
Land  Israel
Region Jordandalen
Distrikt Nord distrikt
Kommune Emek HaYarden regionale kommune
Koordinatar 32°40′46.56″N 35°34′40.08″E / 32.6796000°N 35.5778000°E / 32.6796000; 35.5778000
Folketal 1 427  (2011)[1]
Grunnlagd 1932
   Grunnlagd av Russiske medlemmar av Hashomer Hatzair
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Kart
Afikim
32°40′47″N 35°34′40″E / 32.6796°N 35.5778°E / 32.6796; 35.5778
Kart som viser Afikim.
Kart som viser Afikim.
Kart som viser Afikim.
Wikimedia Commons: Afikim

Afikim (hebraisk אֲפִיקִים) er ein israelsk kibbutz knytt til Kibbutzrørsla i Jordandalen, 3 km frå Genesaretsjøen. Han høyrer til Emek HaYarden regionale kommune. I 2011 hadde han eit folketal på 1 427.[1]

Namnet Afikim tyder «elveleie» og syner til Jordanelva og sideelva hennar, Yarmukelva.

Barnepleiar med kibbutzbarn i barneheimen. (1960-åra)

Russiske jødar som høyrte til Hashomer Hatzair-rørsla organiserte seg i 1924 og slo seg ned i området kring Wazia i Øvre Galilea. I 1932 flytta gruppa til den noverande plasseringa på eit landområde som høyrte til Degania Bet, og fleire grupper av sioniste sosialdemokratiske, europeiske jødar kom til etter kvart. Under den arabisk-israelske krigen i 1948 vart Afikim råka av mange bomber frå syriske og irakiske styrkar,[2] og var ein skanse for Palmach. Sidan vart han eit senter for trening av soldatbønder i Nahal. Under delinga av rørsla kibbutz Meuhad vart ikkje Afikim, i motsetnad til mange andre kibbutzar, delt i to landsbyar. Han vart i staden heller med den Mapai-tilknytte delen som sidan grunnla Ihud kibbutzar. I 1977 tok Afikim i mot 66 flyktningar frå Vietnam. I 2011 tok kibbutzen i mot 100 nye medlemmar.[3]

Afikim meieri

Afikim dyrkar i dag bananar, daddelpalmer, subtropiske planter og korn. Her vert det òg drive akvakultur og meieridrift. Kibbutzen har 400 kyr.[3] Han driv SAE Afikim, eit meierselskap, og Afikim Electric Mobilizers,[4] ein produsent av elektriske kjerrer.

Det første elektroniske mjølkemålaren, som måler kor mange liter ei ku har produsert, vart funnen opp i Afikim. Andre oppfinningar herfrå er eit pedometer som måler kor mange steg ei ku har teke, slik at ein kan finne den rette tida for inseminasjon.[3]

  1. 1 2 «Locality File». Israelsk statistisk sentralbyrå. 2011. Arkivert frå originalen (XLS) 23. september 2013. Henta 9. oktober 2014.
  2. Jewish National Fund (1949). Jewish Villages in Israel. Jerusalem: Hamadpis Liphshitz Press. s. 191.
  3. 1 2 3 Ben, Coby (17. juni 2011). «The secret of Israel's Milky Way». Haaretz.com. Henta 22. februar 2015.
  4. «Afikim Mobility scooters». Afiscooters.com. Henta 22. februar 2015.