Alumot
Utsjånad
| Alumot | |||
| אֲלֻמּוֹת, אלומות, Alummot | |||
| kibbutz | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Genesaretsjøen | ||
| Distrikt | Nord distrikt | ||
| Kommune | Emek HaYarden regionale kommune | ||
| Koordinatar | 32°42′24.48″N 35°32′45.59″E / 32.7068000°N 35.5459972°E | ||
| Folketal | 243 (2012)[1] | ||
| Grunnlagd | 1947 | ||
| • Grunnlagd av | Elevar frå Ben Shemen jordbruksskule | ||
| Tilhøyrsle | Kibbutzrørsla | ||
![]() Alumot 32°42′24″N 35°32′46″E / 32.7068°N 35.545997222222°E | |||
| Wikimedia Commons: Alummot | |||
Alumot (hebraisk אֲלֻמּוֹת, tyder «Haugar») er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg sør for Genesaretsjøen og høyrer til Emek HaYarden regionale kommune. I 2012 hadde han eit folketal på 243.[1]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Alumot vart grunnlagd i 1936 av ein kvutza av akademikarar frå Ben Shemen jordbruksskule.[2] I 1940 flytta gruppa mellombels til ein stad kalla «Poriya Alumot» (i dag Poria Illit). Dei livnærte seg av jordbruk og eit sanatorium, Beit Alumot. I 1947 grunnla dei ein permanent busetnad på ein ås oppom Genesaretsjøen. På grunn av vassmangel, og mangel på jordbruksland og nye medlemmar, vart kibbutzen oppløyst i 1969 og grunnlagd på ny året etter av emigrantar frå Argentina.[2]
Kjende innbyggjarar
[endre | endre wikiteksten]- Shimon Peres, israelske statsminister og president[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Alumot» frå Wikipedia på engelsk, den 22. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- 1 2 «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2012. Henta 25. februar 2014.
- 1 2 3 Dismantled kibbutz revived online, Haaretz
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Alumot museum Arkivert 2016-04-13 ved Wayback Machine. (he)


