Degania Bet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Degania Bet
דְּגַנְיָה ב', Dganya Bet
landsby
Flyfoto med Degania Bet i midten
Land  Israel
Region Genesaretsjøen
Distrikt Nord distrikt
Kommune Emek HaYarden
Koordinatar 32°42′0″N 35°34′33.6″E
Folketal 514  (2008)[1]
Grunnlagd 1920
 - Grunnlagd av Immigrantar under den andre Aliyah
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Kart
Degania Bet
32°42′29″ N 35°34′30″ E
Wikimedia Commons: Degania Bet
Nettstad: www.degania-b.org.il (hebraisk)

Degania Bet (hebraisk דְּגַנְיָה ב') er ein kvutza eller kibbutz nord i Israel. Han ligg sør for Genesaretsjøen like nær Degania Alef og høyrer til Emek HaYarden regionale kommune. I 2008 hadde han eit folketal på 514.[1]

Landsbyen vart grunnlagd i 1920 av emigrantar under den andre Aliyah,[2] leia av Levi Brevda (Levi Ben Amitai).[3] Han var den første planlagde kibbutzen og vart utforma og bygd av arkitekten Korenberg.[4] Ein av grunnleggjarane var Levi Eshkol. Under Palestinaopprøra i 1920 vart han angripen og stod folketom i fleire månader.[2]

Under arabararopprøret 1936-39 tente han som base for å opprette tårn og palisade-busetjingar.[treng kjelde] Under slaget i Kinarotdalen under den arabisk-israelske krigen i 1948 klarte innbyggjarane i Degania Alef og Bet å stoppe framrykkinga til den syriske hæren i Jordandalen.[2]

Ein kjend innbyggjar er Michael Kolganov, som tok bronse i roing sommar-OL 2000.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2008. Henta 22. februar 2015. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Mapa's concise gazetteer of Israel. Yuval El'azari (ed.). Tel-Aviv: Mapa Publishing. 2005. s. 125. ISBN 965-7184-34-7.  (he)
  3. arkivkopi, arkivert frå originalen 15. februar 2015, henta 22. februar 2015 
  4. Chyutin, Michael and Bracha (7. oktober 2014). Architecture and Utopia. Ashgate Pub Co. s. 90. ISBN 0-7546-4831-1. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]