Masada i Emek HaYarden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°41′0.23″N 35°35′54.6″E
Masada
kibbutz
Kibbutz Masada (1).JPG
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Jordandalen
Distrikt Nord distrikt
Kommune Emek HaYarden
Koordinatar 32°41′0.23″N 35°35′54.6″E
Grunnlagd 1937
 - Grunnlagd av Rumenske emigrantar
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Kibbutz Masada

Masada (hebraisk מַסָּדָה) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg nord i Jordandalen nær Genesaretsjøen og høyrer til Emek HaYarden regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 296.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kibbutzen vart grunnlagd i 1937 som ein del av tårn og palisade-systemet av emigrantar frå Romania og medlemmar av kibbutzen Sha'ar HaGolan. Namnet vart teken frå festninga Masada ved Daudehavet, og har ikkje noko med det hebraiske ordet for base eller fundament, «massad», å gjere. Festninga Masada vert på hebraisk kalla Metzada, men dei rumenske nybyggjarane nytta den europeiske varianten av namnet, Masada.

Som i Sha'ar HaGolan, trekte forsvararane i kibbutzen seg attende under slaget i Kinarotdalen i den arabisk-israelske krigen i 1948 etter å ha halde stand i fire dagar med kampar. Dei to kibbutzim vart erobra og ei kort tid halde av den syriske hæren, som plyndra stadane og sette dei i brann.

Masada og dei andre kibbutzenim nær Genesaretsjøen låg i skuggen av Golanhøgdene. Den 29. mars 1968 råka ein traktor frå Masada ei landmine, og sjåføren og tre passasjerar mista livet. Israelske styrkar kom for å hente ut dei døde kroppane, då jordanske styrkar opna eld mot dei. Som hemn gjekk det israelske flyvåpenet til åtak på jordanske mål aust for Beit She'an. Fleire fly vart skadde av antiluftfartyvern, men klarte å returnere trygt til basen sin.

Masada vart hard råka av økonomisk kollaps i 1980-åra. I 2006 vart kibbutzen privatisert.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]