Clem Cattini

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Clem Cattini
Fødd28. august 1937 (81 år)
FødestadStoke Newington i London i England
FødenamnClemente Anselmo Arturo Cattini
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1958
SjangerPop
InstrumentTrommer, perkusjon
Tilknytte artistarJohnny Kidd & the Pirates
The Tornados
PlateselskapDecca, CBS, HMV, various
Verka somTrommeslagar, studiomusikar

Clemente Anselmo Arturo Cattini (fødd 28. august 1937) er ein engelsk trommeslagar, som var medlem av The Tornados før han vart kjend som studiomusikar. Han har vore ein av dei mest aktive trommeslagarane i britisk platehistorie og spelt på hundrevis av innspelingar av artistar så forskjellige som Cliff Richard og Lou Reed, og har spelt på 44 forskjellige singlar som har nådd toppen av den britiske singellista.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Han var fødd av italienske foreldre i Stoke Newington i Nord-London og arbeidde i restauranten til faren før han satsa på ein musikkarriere. Han byrja som trommeslagar ved The 2i's Coffee Bar, og akkompagnerte artistar som Terry Dene, før han turnerte med bandet The Beat Boys, der han akkompagnerte songarar med Larry Parnes som manager,[1] inkludert Marty Wilde og Billy Fury. Han vart så med i Johnny Kidd & the Pirates,[1] og spelte på hitten deira «Shakin' All Over», og vart Joe Meek sin faste trommeslaga, der han akkompagnerte artistar som John Leyton og Don Charles. I 1961 vart han medlem av The Tornados og spelte på den store hitten deira, «Telstar».[2]

I 1965 vart han berre studiomusikar,[3][4] og spelte trommer på innsppelingar med The Kinks, Herman's Hermits, Dusty Springfield, The Merseys, Bee Gees, Lulu, Marianne Faithfull, Tom Jones, P.J. Proby, The Hollies, Paul og Barry Ryan, Gene Pitney, Donovan, Love Affair, Jeff Beck, Engelbert Humperdinck, Nirvana, The Ivy League, Edison Lighthouse, The Yardbirds, The Family Dogg, Marc Bolan, Clodagh Rodgers, Keith West, The Flower Pot Men, Georgie Fame, Roy Harper, Ralph McTell, Harmony Grass, Joe Cocker, Graham Gouldman og Brian Auger.[1] I 1970-åra spelte han på innspelingar med Marvin, Welch & Farrar, Lou Reed, Cliff Richard, Justin Hayward, Phil Everly, Julie Covington, Claire Hamill, Alvin Stardust, Bay City Rollers, Kenny, The Wombles, Carl Douglas, Christie, Tim Rose, Demis Roussos, The Goodies, John Betjeman, Malcolm and Alwyn, John Schroeder, Thrillington, Hank Marvin, Mike Batt, Chris Spedding, Bob Downes, Dave Kelly, Christopher Neil, Evelyn Thomas, Barbara Pennington, Slapp Happy, Mike Berry og Grace Kennedy, og progrockband som Beggars Opera, Amazing Blondel og Edwards Hand.[1]

Cattini har spelt på minst 44 singlar som har nådd toppen av den britiske singellista,[5] inkludert «Telstar», Ken Dodd sin «Tears», Rolf Harris sin «Two Little Boys», Clive Dunn sin «Grandad», «Ernie (The Fastest Milkman in the West)» av Benny Hill, «Whispering Grass» av Windsor Davies og Don Estelle, Peters and Lee sin «Welcome Home», Typically Tropical sin «Barbados», Renée and Renato sin «Save Your Love» og «(Is This The Way To) Amarillo» av Tony Christie med Peter Kay. Han har òg spelt i orkesteret til BBC TV-programmet Top of the Pops, og turnert med Cliff Richard, Roy Orbison, Lynda Carter, The Kids from «Fame» og mange andre. Han vart vurdert som trommeslagar for Led Zeppelin før dei gjekk for John Bonham. Han hadde tidlegare spelt i lag med John Paul JonesDonovan-hitten «Hurdy Gurdy Man».[4]

I 1980-åra spelte han med The Tornados på fleire turnear[2][4] og i 1989 spelte han på West End og musikalen The Rocky Horror Show.[1] I nyare tid har han spelt trommer på «No Tears to Cry» frå Paul Weller-albumet Wake Up the Nation i 2010.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Larkin C., Virgin Encyclopedia of Sixties Music, (Muze UK Ltd, 1997), ISBN 0-7535-0149-X, p.101
  2. 2,0 2,1 Bruce Eder (28. august 1939). «Clem Cattini | Biography & History». AllMusic. Henta 8. april 2018. 
  3. «Clem Cattini – Mapex Drums». Mapex.co.uk. Henta 8. april 2018. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «Mike Dolbear DRUMS». Mikedolbear.co.uk. Henta 8. april 2018. 
  5. «Clem Cattini – Drummer on 43 Number 1 Hit Singles». Coda-uk.co.uk. Henta 8. april 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]