Constanța

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Constanța
Kasinoet i Constanța
Kasinoet i Constanța
Byvåpenet til Constanța
Byvåpenet til Constanța


Plassering
Constanța is located in Romania
Styresmakter
Land Romania Romania
Fylke Constanța
Borgarmeister Radu Ștefan Mazăre
Geografi
Flatevidd
 - By
 - Storbyområde

124,89 km²
1108.78 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2011)
   - folketettleik
 - Storbyområde

283 872
  2 273 /km²
434 265
Koordinatar 44°10′24″N 28°38′18″EKoordinatar: 44°10′24″N 28°38′18″E
Høgd over havet 25 moh
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse annan informasjon
Postnummer 900xxx
Nettstad: www.primaria-constanta.ro

Constanța (/kon'stan.ʦa/; historisk namn Tomis, gresk Κωνστάντια, Konstándia, tyrkisk Köstence, bulgarsk Кюстенджа, Kjustendzja) er den eldste byen i Romania og administrasjonssete i Constanța fylke. Constanța har den største hamna ved Svartehavet og ei av dei største i Europa.

Constanța er den femte største byen i Romania med noko over 280 000 innbyggjarar. I storbyområdet rundt bur det nesten 450 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein har funne fleire inskripsjonar rundt om i byen som viser at Constanța ligg der den greske byen Tomis ein gong stod. Tomis (òg kalla Tomi) var ein gresk koloni i provinsen Vesle-Skythia ved kysten av Svartehavet. Han vart grunnlagd rundt år 500 f.Kr. for ein kunne drive handel i området. Truleg kjem namnet frå det greske ordet Τόμη som tyder «bit, stykke».

I år 29 f.Kr. erobra romarane regionen frå Odryses og annekterte områda heilt til Donau og gav det namnet Limes Scythicus.

I år 8 e.Kr. vart den romerske diktaren Ovid (43 f.Kr.-17) vist bort hit av Augustus og døydde her åtte år seinare. Ovid skreiv fleire dikt om Tomis og ein statue av han står ved Ovidplassen (Piața Ovidiu) i Constanța, føre Det historiske museumet.

Byen vart etter kvart ein del av provinsen Moesia, og etter Diocletian, i Skythia Minor, der han var ein metropol. Etter at Romarriket vart delt kom Tomis inn under Austromarriket. Under Maurice sine felttog på Balkan vart Tomis omleira av avarar vinteren 597/598.

Tomis vart seinare gjeve namnet Constantiana til ære for Constantia, halvsystera til Constantin den store (274-337). Den tidlegaste kjende bruken av dette namnet var «Κωνστάντια» («Konstantia») i 950. Byen låg på sjøsida av den store Trajanmuren og var omkransa av festningsverk.

Etter at byen vart ein del av Det bulgarske riket, så dei sjølvstendige fyrstedøma Dobrotitsa/Dobrotici og Valakia under Mircea I av Valakia kom Constanța inn under Det osmanske riket rundt 1419.

Ei jernbanelinje frå Constanța til Cernavodă opna i 1860. Trass i øydeleggingane som jernbanearbeidarane gjorde er det framleis mange restar igjen av murar og søyler frå antikken. Ein imponerande offentleg bygning, som ein meiner kan ha vore eit portbygg, er grave ut og inneheld nokre av dei lengste mosaikkveggane i verda.

Etter den rumenske sjølvstendekrigen i 1878 vart Constanța og resten av Nord-Dobrujdsa avstått av Det osmanske riket til Romania. Byen vart den viktigaste hamnebyen i Romania og mellomstasjon for eksport ut av Romania.

22. oktober 1916, under den første verdskrigen, vart Constanța okkupert av Sentralmaktene (tyske, tyrkiske og bulgarske troppar). Etter Bucurestitraktaten i mai 1918, ein avtale som aldri vart ratifisert av Romania, delte Sentralmaktene kontrollen over Constanța. Byen vart frigjeve av allierte troppar i 1918 etter ein suksessrik offensiv på Thessaloníki-fronten som slo Bulgaria ut av krigen.

Busetnader[endre | endre wikiteksten]

Kommunen Constanța innanfor Constanța fylke

Constanța er ein municipiu (større bykommune) med desse busetnadane:

Folketal 2011[1]
Constanța 278 742
Mamaia 132
Palazu Mare 4 998

Storbyområde[endre | endre wikiteksten]

Storbyområdet til Constanța omfattar Constanța og 15 andre kommunar, med eit samla folketal på 434 265.[2]

Kommune Folketal 2011[1]
Constanța municipiu 283 872
Eforie oraș 9 473
Murfatlar oraș 10 216
Năvodari oraș 32 981
Ovidiu oraș 13 847
Techirghiol oraș 7 292
23 August comună 5 483
Agigea comună 6 992
Corbu comună 5 689
Costinești comună 2 866
Cumpăna comună 12 333
Lumina comună 8 948
Mihail Kogălniceanu comună 9 978
Poarta Albă comună 5 208
Tuzla comună 6 711
Valu lui Traian comună 12 376
Total 434 265
Bystranda

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Populatia stabila (rezidenta) pe judete, categorii de localitati, municipii, orase, comune si localitati componente ('Stabil befolkning (busett) etter fylke, lokalitetskategoriar, municipiu, oraș, comună og komponentlokalitetar')». Institutul Național de Statistică ('Det nasjonale instituttet for statistikk'). 31. oktober 2011. Henta 15. februar 2023. 
  2. «Zona Metropolitană Constanța». Zona Metropolitană Constanța. Henta 15. februar 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]