Cortina d'Ampezzo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utsyn over Cortina d'Ampezzo. Fjellet Monte Cristallo i bakgrunnen.
Kart over regionen Veneto (i grønt), med Cortina d'Ampezzo lengst i nord
Kyrkja i Cortina d'Ampezzo. Foto frå 1960-åra

Cortina d'Ampezzo (italiensk) eller Anpezo (retoromansk) er ein by og ein kommune i provinsen Belluno i Veneto i Nord-Italia. Byen ligg i Dolomittane, 1 224moh. og er ein populært vintersportsstad. Cortina er eit av Europas mest eksklusive høgfjellsturistmål, byen er kjend for sine dyre hotell og butikkar.

I 1927 vart ski-VM arrangert her og i 1932 verdsmeisterskapen i alpint. Vinter-OL 1944 var planlagt arrangert i Cortina, men vart avlyst grunna andre verdskrigen. Cortina d'Ampezzo var i staden vertsby for vinter-OL 1956.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Cortina d'Ampezzo er ein av rundt 30 tettstader i kommunen med same namnet. Kommunen går også under landskapsnamnet Ampezzo (italiensk) eller Anpezo (retoromansk). Ampezzo er den øvste delen av 'Valle del Boite' og er omgitt av fjellkjeda Dolomittane på alle kantar. Toppane Tofane (3 244 moh. i Tofana di Mezzo) ligg i vest, Fanes (3 077 moh. i Piz dles Cunturines) i nordvest, Sennes (3 148 moh. i Hohe Gaisl) i nord, Cristallo (3 216 moh. i Monte Cristallo) i nordaust, Sorapiss (3 205 moh. i Punta Sorapiss) i aust og Marmarole (2 932 moh. i Cimon del Froppa) i søraust. Fjella i nordvest og nordaust dannar grense mot naboprovinsen Sør-Tirol.

Ampezzo har samband med nabodalane over ei rekke fjellskar. Giaupasset (2236 moh.), Falzaregopasset (2105 moh.) og Valparolapasset (2192 moh.) i vest fører til høvesvis Val Fiorentina, Fodom og Val Badia. Limopasset (2172 moh.) i nord fører til Mareo; Cimabanchepasset (1525 moh.) og Tre Croci-passet (1805 moh.) i aust til høvesvis Höhlensteintal og Valle d'Ansiei. Medan Limopasset berre kan passerast til fots eller på sykkel, har Cimabanchepasset frå 1921 til 1963 vorte kryssa av jarnbanelinja til Toblach. Valle del Boite, dalen til elva Boite, leier mot sør til Cadore.

Kommunen Ampezzo har totalt rundt 6 000 innbyggjarar. Landsbyane i kommunen er Agabòna, Alverà, Cadelvèrzo, Ciadìn, Ciàe, Cianderìes, Ciamulèra, Ciànpo, Col, Cortina, Crìgnes, Doneà, Fiàmes, Fraìna, Gràa, Guargné, Jilardòn, Lazedèl, Melères, Mortìja, Pezié, Pian da Lago, Pocòl, Rònco, Socòl, Socùs, Staulìn og Zuél.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Landsbyen Cortina d'Ampezzo («Ampezzos kyrkjegard») har vore kyrkjestad og det kulturelle midtpunktet i kommunen. Området vert første gongen nemnt i eit bevart dokument, datert 15. juni 1156. Ampezzo høyrde den gongen under patriarkatet Aquileia. Frå 1420 høyrde Ampezzo til republikken Venezia og var frå 1511 og til første verdskrigen ein del av det austerrikske fyrstegrevskapet Tirol.

Ampezzo var historisk eit nesten reint retoromansktalande område. Under fascismen vart dei retoromanske dalane, som eit ledd i italiseringspolitikken, etter den gamle romerske devisen «splitt og hersk», delt mellom tre provinsar. Ampezzo, Fodom og Col vart då i 1923 overført frå provinsen Bolzano til provinsen Belluno. Fram til 1950-talet var folkefleirtalet retoromanskspråkleg. I dag snakkar dei fleste italiensk, men ca. 40 % av befolkninga forstår retoromansk. Retoromansk manglar lokal godkjenning som offisielt språk.

Den 28. og 29. oktober 2007 vart det halde folkeavrøysting i Ampezzo, Fodom og Col om korvidt området skal tilbakeførast ti Sør-Tirol. Fleirtalet røysta for ei gjenforeining med Sør-Tirol. I Ampezzo var valdeltakinga på 70 %, og 77 % ja-røyster. Før tilbakeføringa kan finne stad, må både det italienske parlamentet, Trentino-Alto Adiges regionalråd og Sør-Tirols provinsråd godkjenne søknaden.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Cortina d'Ampezzo