Sørkrossen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sørkrossen
Sørkrossen
Latinsk namn Crux
Forkorting Cru
Genitivsform Crucis
Symbologi Tidlegare del av Kentauren
Rektasensjon 12 h
Deklinasjon −60°
Areal 68 kvadratgrader
nr. 88 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
4
Sterkaste stjerne Mimosa (β Cru) (1,25. mag.)
Meteorsvermar
Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +20° og −90°

Sørkrossen eller Sørkorset (frå latin Crux) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. Det er det minste av dei offisielle stjernebilda, og er ein krossforma asterisme.

Dei fem lyssterkaste stjernene i Sørkrossen er tydelege på dette fotografiet frå Den internasjonale romstasjonen.

Sørkrossen er synleg på den sørlege halvkula av jorda store delar av året. Det er også synleg nær horisonten i tropiske delar av den nordlege halvkula nokre timar om natta under vinteren og våren.

Stjernebiletet er omgjeve av Kentauren på tre sider og Fluga på ei. Det er på motsett side av himmelkvelvinga til Kassiopeia, og desse kan dermed ikkje bli sett samstundes.

Den mest lyssterke stjerna i biletet er Acrux, den blåkvite Alfa Crucis, som er den nedste stjerna i krossen. Nesten like lyse er Beta og Gamma, medan Delta og Epsilon utgjer resten av biletet. To av stjernesystema har planetar. Stjernebiletet inneheld òg fire kefeidar som er synlege for det nakne auga under optimale forhold. Sørkrossen inneheld Smykkeskrinet, ein lyssterk open hop, og Kolsekken, den mest markante mørke tåka på himmelen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sørkrossen var rekna som eit stjernebilete i ei rekkje kulturar på den sørlege halvkula. Det var også kjend av dei antikke grekarane, men seinare gløymd. Under oppdagingstida blei det gjenoppdaga av europearar, og offisielt skildra av den franske astronomen Augustine Royer i 1679.

Inkaene rekna biletet som ein chacana, eit symbol som stod for tre nivå i livet.[1] Maoriane kalla biletet Te Punga, 'ankeret' som fortøygde wakaen til Tama-rereti, som me kjenner som Mjølkevegen. På Tonga blei det kalla Toloa, 'anda', og sett på som ei and som flaug sørover med ein såra veng fordi Ongo tangata, to menn, stjernene α og Β i Kentauren, kasta stein på henne. På Samoa blei bilete kalla Sumu, 'avtrekkarfisken', og i Indonesia og Malaysia piggrokken. Begge fiskeslaga har firkanta former som kan minna om stjernebiletet. Javanesarar syntest det likna ei kornhytte og kalla det gubug pèncèng eller lumbung. Kristne europearar såg derimot stjernene som ein kross på himmelen.

Sørkrossen på fleire flagg.

Sørkrossen er eit viktig nasjonalsymbol for fleire land på den sørlege halvkula. Han finst i fleire nasjonalflagg frå Oseania, til dømes i flagga til Australia, New Zealand, Papua Ny-Guinea og Samoa. Det finst også i det brasilianske flagget og i fleire regionale flagg frå Argentina og Chile. Krossen blir òg brukt som symbol for handelssambandet Mercosul.

Eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Sørkrossen grensar til stjernebileta Kentauren (på tre sider) i aust, nord og vest, og Fluga i sør. Det dekkjer 68 kvadratgrader eller 0,165 % av nattehimmelen og er det minste av dei 88 stjernebileta.[2] Forkortinga for stjernebilete er 'Cru'.[3] Heile stjernebiletet er synleg når ein er sør for 25 ºN.[4]

I tropiske område kan ein sjå Sørkrossen frå april til juni. Sørkrossen ligg nøyaktig motsett for Kassiopeia på himmelen, oein kan derfor ikkje så dei to samstundes. For stader sør for 34 °S er Sørkrossen alltid synleg på himmelen.

Kjende objekt[endre | endre wikiteksten]

Stjernebiletet Sørkrossen slik det er for det nakne auga.

Stjerner[endre | endre wikiteksten]

Innafor grensene til stjernebiletet finst det 49 stjerner som er lysare enn eller like lyse som tilsynelatande storleiksklasse 6,5.[5]}}[4]

Dei fire hovudstjernene som utgjer krossen er Alfa, Beta, Gamma og Delta Crucis. Alfa Crucis, òg kalla Acrux, er ei trippelstjerne som ligg 321 lysår frå jorda. Ho er blåfarga og har storleiksklasse 0,8. Dei to nære komponentane har storleiksklasse 1,3 og 1,8, medan ein tredje komponent som ligg litt lengre unna har storleiksklasse 5. Dei to tettliggande komponentane er synlege i små amatørteleskop, medan ein kan sjå den tredje komponenten i ein vanleg kikkert. Beta Crucis, òg kalla Mimosa, er ei blåfarga kjempe med storleiksklasse 1,3, 353 lysår frå jorda. Ho er ein Beta Cephei-type kefeide med ein variasjon på mindre enn 0,1 storleiksklassar.[6] Gamma Crucis, òg kalla Gacrux, er ei optisk dobbeltstjerne. Hovudstjerna er ei raudfarga kjempestjerne med storleiksklasse 1,6, 88 lysår frå jorda. Den andre har storleiksklasse 6,5, 264 lysår frå jorda. Delta Crucis er ei blåkvit stjerne med storleiksklasse 2,8, 364 lysår frå jorda. Ho er den mest lyssvake av stjernene ein kan sjå i Sørkrossen.[6] Som Beta er ho ei Beta Cepheid.[2]

Det finst fleire lyssvake stjerner innafor grensene til Sørkrossen. Epsilon Crucis er ei oransje kjempestjerne med storleiksklasse 3,6, 228 lysår frå jorda. Iota Crucis er ei dobbeltstjerne 125 lysår frå jorda. Hovudstjerna er ei oransje kjempe med storleiksklasse 4,6 og den andre har storleiksklasse 9,5. Mu Crucis er ei dobbeltstjerne der dei to ikkje-tilknytte komponentane ligg kring 370 lysår frå jorda. Hovudstjerna er ei blåkvit stjerne med storleiksklasse 4,0 og den sekundære er ei blåkvit stjerne med storleiksklasse 5.1. Mu Crucis er mogeleg å skilje frå kvarandre i små amatørteleskop eller store kikkertar.[6]

15 av dei 23 mest lyssterke stjernene er blåkvite stjerner av klasse B.[2]

Rundt stjerna HD 106906 har ein funne ein planet, HD 106906 b, som har eit større krinslaup enn noko annan exoplanet ein har funne til no.

Djupromsobjekt[endre | endre wikiteksten]

Sørkrossen og Kolsekken.

Kolsekken er den mest markante mørke tåka på himmelen, og er lett synleg for det nakne auga som ein markant, mørk flekk på sør i Mjølkevegen. Han måler fem gonger sju grader og ligg 600 lyssår frå jorda. Heile stjernetåka ligg ikkje innafor Sørkrossen, men strekkjer seg også inn i Fluga og Kentauren.[6]

Den opne hopen NGC 4755, meir kjend som Smykkeskrinet eller Kappa Crucis-gruppa, har ein samla storleiksklasse på 4,2, og verkar for det nakne auga som ei uskarp stjerne.[6] Hopen ligg kring 7600 lysår frå jorda.[7] Hopen fekk namn av John Herschel.[6] Ho er kring sju millionar år gammal og er ein av dei yngste, opne hopane i Mjølkevegen, og verkar å forme bokstaven A.[7] Dei mest lyssterke stjernene er hovudsakleg blå superkjemper, men gruppa inneheld òg nokre lyssterke raude superkjemper.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Chakana: Inca Cross
  2. 2,0 2,1 2,2 Bagnall, Philip M. (2012). The Star Atlas Companion: What You Need to Know about the Constellations. New York, New York: Springer. ss. 183–87. ISBN 978-1-4614-0830-7. 
  3. Russell, Henry Norris (1922). «The New International Symbols for the Constellations». Popular Astronomy 30: 469. Bibcode 1922PA.....30..469R. 
  4. 4,0 4,1 Ian Ridpath. «Constellations: Andromeda–Indus». Star Tales. self-published. http://www.ianridpath.com/stjernebiletes1.htm. Henta 23. juni 2014. 
  5. Bortle, John E. (February 2001). «The Bortle Dark-Sky Scale». Sky & Telescope. Sky Publishing Corporation. http://www.skyandtelescope.com/resources/darksky/3304011.html?page=1&c=y. Henta 29. november 2014. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 Ridpath & Tirion 2001, s. 132-133.
  7. 7,0 7,1 Levy 2005, s. 87.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sørkrossen


Dei 88 moderne stjernebilda
Akterstamnen | Alteret | Andromeda | Begeret | Berenikes hår | Bildehoggaren | Bjørnepassaren | Bordet | Delfinen | Den sørlege fisken | Den sørlege vasslangen | Det sørlege triangelet | Draken | Dua | Einhyrningen | Fiskane | Floda | Fluga | Flygefisken | Folen | Føniks | Gaupa | Gravstikka (Meiselen) | Gullfisken | Haren | Herkules | Indianaren | Jakthundane | Jomfrua | Kameleonen | Kassiopeia | Kefeus | Kentauren | Kjølen | Kompasset | Krepsen | Kusken | Kvalfisken | Luftpumpa | Lyra | Løva | Mikroskopet | Nettet | Den nordlege krona | Oktanten | Orion | Paradisfuglen | Passaren | Pegasus | Persevs | Pila | Påfuglen | Ramnen | Reven | Seglet | Sekstanten | Sjiraffen | Skjoldet | Skorpionen | Skytten | Slangeberaren | Slangen | Smelteomnen | Staffeliet | Steinbukken | Den store bjørnen | Den store hunden | Svana | Sørkrossen | Den sørlege krona | Teleskopet | Trana | Triangelet | Tukanen | Tvillingane | Tyren | Ulven | Uret | Vasslangen | Vassmannen | Vekta | Vêren | Den vesle bjørnen | Den vesle hunden | Den vesle løva | Vinkelhaken | Øgla | Ørna

Koordinatar: Sky map 12h 30m 00s, −60° 00′ 00″