Time Out of Mind

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Time Out of Mind
Studioalbum av Bob Dylan
Utgjeve 30. september 1997
Innspelt 1996–1997
Studio Criteria Studios i Miami i Florida
Sjanger Bluesrock, folkrock, americana
Lengd 1:12:50
Selskap Columbia
Produsent Daniel Lanois (i lag med Jack Frost Productions)
Bob Dylan-kronologi
The Best of Bob Dylan
(1997)
Time Out of Mind The Bootleg Series Vol. 4: Bob Dylan Live 1966, The «Royal Albert Hall» Concert
(1998)


Singlar frå Time Out of Mind
  1. «Not Dark Yet»
  2. «Love Sick»
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]
Blender5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[2]
Entertainment WeeklyA+[3]
Los Angeles Times3.5/4 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svg[4]
NME8/10[5]
Pitchfork9.4/10[6]
Rolling Stone4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[7]
The Rolling Stone Album Guide5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[8]
Spin9/10[9]
The Village VoiceA−[10]

Time Out of Mind er det 30. studioalbumet til Bob Dylan. Det kom ut 30. september 1997 på Columbia Records. Det var det første doble studioalbumet hans (på vinyl) sidan Self Portrait i 1970. Det kom òg ut som ein enkel CD.

For både tilhengjarar og kritikarar markerte albumet eit kunstnarisk comeback for Dylan etter at han hadde slite med den musikalske identiteten sin gjennom 1980-åra, og ikkje hadde gjeve ut originale songar sidan Under the Red Sky i 1990. Time Out of Mind vert trekt fram som eit av dei beste albuma hans og vann tre Grammy-prisar, mellom anna for årets album i 1998. Magasinet Uncut kåra det òg til årets album. Albumet er plassert på 408. plassen på lista til musikkmagasinet Rolling Stone frå 2003 over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[11] Albumet nådde andreplassen på VG-lista i Noreg.

Albumet har eit atmosfærisk lydbilete, skapt av produsent Daniel Lanois. Trass i at han stort sett har rost Lanois, særleg etter arbeidet han gjorde på Oh Mercy i 1989, har Dylan uttalt at han var misnøgd med lydbiletet på Time Out of Mind. Han har sidan produsert alle albuma sine sjølv etter dette.

Bakgrunn og låtskriving[endre | endre wikiteksten]

I april 1991 fortalte Dylan til intervjuaren Paul Zollo at «det var ei tid då det kom tre-fire songar samstundes, men dei dagane er for lengst passert. Av og til kjem ein song til meg som ein bulldog ved hageporten og krev å bli skriven. Men dei fleste vert avviste i hovudet mitt med ein gong. Du byrja å tenkje om nokon verkeleg treng å høyre han. Kanskje ein person kjem til eit punkt der ein har skrive nok songar. La nokon andre skrive dei.»[12]

Det siste albumet til Dylan med originale songar hadde vore Under the Red Sky i 1990, som var skuffande hos både kritikarane og salsmessig. Sidan då hadde han gjeve ut to album, Good As I Been To You og World Gone Wrong med coverversjonar av folkeviser og MTV Unplugged, eit konsertalbum med eldre songar, men ingen teikn til nye songar før 1996.

Dylan byrja å skrive ei rekkje nye songar vinteren 1996 på garden sin i Minnesota, og mange av desse hamna på Time Out of Mind.[13] Criteria Studio i Miami vart leigd for innspelinga.

Innspelinga[endre | endre wikiteksten]

Dylan laga demoar av somme av songane i studio, noko han sjeldan gjorde.[13] Medlemmar av turnébandet til Dylan var involvert i desse innspelingane. Dylan brukte òg desse uformelle stundene til å eksperimentere med nye idear og arrangement. Dylan fortette å skrive om på tekstane fram til januar 1997 då den offisielle innspelinga av albumet byrja. Det var det andre samarbeidet mellom Dylan og Lanois, som tidlegare hadde produsert Oh Mercy i 1989 og var kjend for arbeidet sitt med artistar som Emmylou Harris (Wrecking Ball) og U2 (The Joshua Tree og Achtung Baby). Dylan ønskte at lyden på Time Out of Mind skulle ere inspirert av tidlege bluesmusikarar, som Charley Patton, Little Walter og Little Willie John, og han rådde Lanois til å lytte til innspelingane deira for å førebu seg til innspelingane.[6]

Nye musikarar vart henta inn for albumet, som slidegitaristen Cindy Cashdollar og trommeslagaren Brian Blade, begge hyrte av Lanois. Dylan henta inn Jim Keltner, som var turnétrommisen til Dylan frå 1979 til 1981. Dylan henta òg Nashville-gitaristen Bob Britt, Duke Robillard, Tex-Mex-organisten Augie Meyers og Memphis-pianisten Jim Dickinson til innspelinga.

I følgje Lanois likte Dylan gamle 50-talsinnspelingar fordi «dei hadde ei naturleg djupne som ikkje kom av mikseteknikkar». Han brukte ein Sony C37A-mikrofon, som òg vart nytta på innspelinga av Oh Mercy. Forskjellige andre apparat vart nytta for å skape den særeigne lyden på plata. Lanois brukte òg ein metode for å kunne tilpasse ny eller omskriven tekst seinare i eit originalt opptak, sidan dette ofte var tilfellet for Dylan.[14]

Med to forskjellige sett med musikarar som konkurrerte i utføringa og to produsentar med forskjellig syn på korleis ein skulle spele inn kvar song, var innspelingane langt frå disiplinerte. Fleire år seinare, då han vart spurt om Time Out of Mind, svarte Dickinson, «Eg har ikkje kunne fortelje kva som faktisk skjedde. Eg visste dei lytta til avspelingar, men eg veit ikkje om dei prøvde å mikse det eller ikkje! Tolv musikarar spelte samstundes - tre sett med trommer... det var heilt utruleg - to pedalsteelgitarar - eg har aldri høyrd to pedalsteelgitarar spele samstundes før! Eg veit ikkje, men for å vere heilt ærleg syns eg det vart for mykje.»[15]

Lanois innrømde at det var noko vanskeleg å produsere Dylan. «Du veit aldri kva du kjem til å få. Han er ein eksentrisk mann...»[16] I eit seinare intervju sa Lanois at Dylan og han brukte å gå ut på parkeringsplassen for å diskutere innspelinga utan resten av bandet. Lanois snakka om korleis dei diskuterte songen «Standing in the Doorway». «Eg sa 'høyr her, eg elskar 'Sad Eyed Lady of the Lowlands'. Kan me stele den kjensla for denne songen?' Og han sa 'trur du det vil fungere?' Så sat me bak på dette lasteplanet på ein parkeringsplass i Miami, og eg tenkte ofte, om folk ser dette vil dei ikkje tru kva dei ser!»[17] I følgje forfattaren Clinton Heyling skapte Lanois med Time Out of Mind «kanskje det Dylan-albumet som høyrest mest kunstig ut» og skildra albumet som «ein Lanois-CV.»[18]

Dylan snakka om vanskane under innspelingane i eit intervju med magasinet Guitar World. «Eg mistar raskt inspirasjonen min i eit studio, og det er særs vanskeleg for meg å tenkje at eg kjem til å overgå noko eg har gjort før. Eg syns raskt det vert keisamt. Eg går ut hardt og breitt, men entusiasmen forsvinn raskt etter eit par mislukka opptaksforsøk og slike ting.» I same intervjuet kalla Dylan Buddy Holly ei inspirasjonskjelde under innspelinga.

I forhold til tidlegare verk som Highway 61 Revisited, Blood on the Tracks og Infidels sa Dylan:

« Dei platene vart laga for lenge sida, og for å vere ærleg så var alle platene som vart laga på den tida gode. Dei hadde alle ein magi fordi teknologien ikkje gjekk forbi det artisten gjorde. Det var mykje lettare å få til det framifrå på ei plate på den tida enn det er no... Det som har høgast prioritet no er teknologien. Det er ikkje artisten eller kunsten. Det er teknologien som kjem gjennom. Det er det som gjer Time Out of Mind... det tar ikkje seg sjølv seriøst, men igjen, lyden er svært viktig for den plata. Om plata hadde blitt laga meir tilfeldig, hadde ho ikkje høyrst slik ut. Ho hadde ikkje hatt den innverknaden ho fekk...Det var ikkje bortkasta forsøk på Time Out of Mind og eg trur ikkje det vil skje på nokre av dei framtidige platene mine. »

—Bob Dylan in Guitar World (1999)[19]

Bilete av Dylan på plateomslaget var teken av Lanois i platestudioet.[6]

Songar[endre | endre wikiteksten]

«Love Sick» er opningssporet på albumet og vart spelt inn med eit enkelt arrangement. Songen vart sidan gjeven ut på singel. «Dirt Road Blues» vart improvisert fram frå eit countrybluesriff. Ein av dei mest lovprisa songane på albumet var «Tryin' to Get to Heaven», hovudsakleg på grunn av den kraftige og klåre røysta til Dylan. «Not Dark Yet» var den første av dei to singlane frå albumet og vart av magasinet Time skildra som «det stemningsskapande midtpunktet på albumet» og sette songen på lista si over dei ti beste Bob Dylan-songane i ein artikkel i 2011.[20]

Den neste songen, «Cold Irons Bound», vann Grammyprisen i 1998 for beste mannlege rockesong. «Make You Feel My Love» vart kritisert av fleire kritikarar, mellom andre Robert Christgau[10] og Greg Kot i Rolling Stone for dårleg tekst. Songen er blitt spelt av mange andre artistar som Billy Joel, Garth Brooks, Bryan Ferry og Adele.

Den siste songen på albumet er den lengste songen Dylan nokon gav ut, den 16 minuttar lange «Highlands». Det sentral motivet («My heart's in the highlands») er truleg henta frå eit dikt av Robert Burns kalla «My heart's in the highlands» (publisert i 1790).[21][22] Då songen var ferdig innspelt kom ein av managerane til Dyla ut og sa «Ok, Bob har du kortversjonen av den songen?» og Dylan skal ha sett på han og sagt «Det var det som var kortversjonen».[23]

Femten forskjellige songar vart spelte inn for Time Out of Mind, og av desse vart elleve plukka ut for plata..[24]

Songane som ikkje kom med på albumet var «Mississippi», som vart spelt inn på nytt for Love and Theft, «Dreamin' of You», «Red River Shore» og «Marching to the City».

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Time Out of Mind vart ein kommersiell suksess for Dylan. Det vart vidt og breitt hylla som eit comebackalbum for Dylan og albumet selde raskt til platinaplate i USA[25] og låg inne på albumlista i 29 veker.[26] I Storbritannia selde det til gullplate.[27] Albumet gjekk inn på salsliste i mange land og låg på listene i fleire veker.

Time Out of Mind fekk stort sett gode meldingar og byrja ein renessanse i karrieren til Dylan. I ei retrospektiv melding frå 2018 skreiv Pitchfork at albumet «kom til å omforme Dylan frå eit tilsynelatande forelda ikon til ein vis, vissen visjonær nesten over natta.»[6] Elvis Costello sa «Time Out of Mind er fantastisk. Eg syns det er det beste albumet han har laga».[28]

Somme av kritikarane kritiserte produksjonen til Lanois og Currin skreiv at «stemma til Dylan vart for mykje fordreidd og gravlagd i ei sky av effektar».[6] AllMusic-skribenten Stephen Thomas Erlewine skreiv «Time Out of Mind har eit skjerande grunnlag - i det store og heile er songane bitre og fråtredde, og Dylan framfører dei på ein høvande angstaktig måte. Lanois badar dei i uklåre, skumle lydar, som kan passe stemninga i teksten, men som ofte står i opposisjon til framføringa til Dylan.»[1]

Kort tid etter albumet var fullført vart Dylan alvorleg sjuk med den nesten dødelege soppinfeksjonen histoplasmos. Den komande turneen hans vart avlyst, og det meste av juni 1997 levde han i store smerter.[29] Soppen går til åtak på lungene og gjer det særs vanskeleg å puste. Dylan sa: Det var noko kalla histoplasmos som eg fekk ved å inhalere nokre greier ved ei av elvene der eg bru. Nokre dagar kvart år vert breidda av elva full av møkk og når vinden bles vert dette kvervla opp i lufta. Eg klarte å puste inn desse greiene og det gjorde meg sjuk. Det la seg rundt hjartet.».[19]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart rangert på 408. plassen i 2003 og 410. plassen i 2010 på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene. Det vart kåra til årets album på både kritikarlista Pazz & Jop[30] og i magasinet Uncut,[31]. Albumet vart òg inkludert i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[32] Albumet vann òg Grammyprisen for årets album i 1998, beste moderne folkemusikkalbum og beste mannlege rockesong for «Cold Irons Bound». Under seremonien spelte Dylan songen «Love Sick». Under framføringa reiv den amerikanske multimediakunstnaren og koreografen Michael Portnoy av seg skjorta og sprang opp å scenen ved sidan av Dylan, og byrja å danse og riste med orda «Soy Bomb» måla i svart over brystet. Dylan såg stygt på han men fortsette å spele. Portnoy dansa i kring 40 sekund før vaktene tok han av scenen.[33]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songane er skrivne av Bob Dylan.

# Tittel Lengd
1. «Love Sick»   5:21
2. «Dirt Road Blues»   3:36
3. «Standing in the Doorway»   7:43
4. «Million Miles»   5:52
5. «Tryin' to Get to Heaven»   5:21
6. «'Til I Fell in Love with You»   5:17
7. «Not Dark Yet»   6:29
8. «Cold Irons Bound»   7:15
9. «Make You Feel My Love»   3:32
10. «Can't Wait»   5:47
11. «Highlands»   16:31
72:50

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande
Teknisk

Salstal og saltrofé[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste Plassering
Australia[34] 24
Austerrike[34] 12
Belgia[34] 11
Finland[34] 28
Frankrike[34] 15
Tyskland[34] 6
Nederland[34] 28
New Zealand[34] 11
Noreg[34] 2
Spania[35] 36
Sverige[34] 5
Sveits[34] 20
Storbritannia[36] 10
USA[26] 10

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[37] Gull 50 000^
Noreg(IFPI Noreg)[38] Gull 25 000*
Storbritannia (BPI)[39] Gull 100 000^
USA (RIAA)[40] Platina 1 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Erlewine, Stephen Thomas. «Time Out of Mind – Bob Dylan». AllMusic. Henta 12. desember 2018. 
  2. Wolk, Douglas. «Bob Dylan: Time Out of Mind». Blender. Arkivert frå originalen 11. juni 2008. Henta 12. juni 2016. 
  3. Tucker, Ken (3. oktober 1997). «Time Out of Mind». Entertainment Weekly. Henta 12. juni 2016. 
  4. Hilburn, Robert (28. september 1997). «No 'Time' Like the Present». Los Angeles Times. Henta 12. juni 2016. 
  5. Fadele, Dele (27. september 1997). «Bob Dylan – Time Out Of Mind». NME. Arkivert frå originalen 17. august 2000. Henta 12. juni 2016. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 Currin, Grayson Haver (13. mai 2018). «Bob Dylan: Time Out of Mind». Pitchfork. Henta 28. mai 2018. 
  7. Kot, Greg (2. oktober 1997). «Time Out of Mind». Rolling Stone. Henta 18. desember 2010. 
  8. Sheffield, Rob (2004). «Bob Dylan». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide. Simon & Schuster. s. 262–66. ISBN 0-7432-0169-8. 
  9. Vowell, Sarah (December 1997). «Bob Dylan: Time Out of Mind». Spin 13 (9). Henta 12. juni 2016. 
  10. 10,0 10,1 Christgau, Robert (4. november 1997). «Consumer Guide». The Village Voice. Henta 12. juni 2016. 
  11. "#408 Time Out of Mind" "The 500 Greatest Albums of All Time" 1. november 2003. Vitja 4. oktober 2010.
  12. Zollo, Paul. «Song talk interview by Paul Zollo». GBS No. 3 booklet. Henta 12. desember 2018. 
  13. 13,0 13,1 Drozdowski, Ted. «'97 flashback:How Bob Dylan's Time Out of Mind Survived Stormy Studio Sessions». gibson.com. Arkivert frå originalen 20. september 2010. Henta 12. desember 2018. 
  14. «Lanois interview». neuhouse.com. Arkivert frå originalen 14. juli 2011. Henta 12. desember 2018. 
  15. «Jim Dickinson 2002 interview». furious.com. Henta 12. desember 2018. 
  16. «Daniel Lanois interview with Charlie Rose». charlierose.com. Arkivert frå originalen October 31, 2010. Henta 12. desember 2018. 
  17. Thomson, Elizabeth & Gutman, David (2001). «Jackson, Joe (1997). «Ruminations on Mortality»». The Dylan Companion. Da Capo Press. s. 306–09. ISBN 0-306-80968-0. 
  18. Heylin, Clinton (2001). Bob Dylan: Behind the Shades Revisited. HarperCollins. s. 699. ISBN 0-06-052569-X. 
  19. 19,0 19,1 Dylan, Bob. Interview with Murray Engleheart. Guitar world interview. March 1999. Retrieved on 1. januar 2011.
  20. Cruz, Gilbert. «The 10 Best Bob Dylan Songs» – via entertainment.time.com. 
  21. dylanchords.info. «Time Out of Mind on Dylanchords.info». Henta 12. desember 2018. 
  22. Williams, Paul (2005). Bob Dylan, Performing Artist: 1986–1990 and beyond (Mind Out Of Time). Omnibus Press. s. 317. ISBN 1-84449-831-X. 
  23. «Jim Dickinson on Uncut». uncut.co.uk. Arkivert frå originalen 25. november 2011. Henta 12. desember 2018. 
  24. «Time Out of Mind outtakes». bjorner.com. Henta 12. desember 2018. 
  25. «RIAA certification». Recording Industry Association of America. Henta 22. desember 2010. 
  26. 26,0 26,1 Mal:Url
  27. «Certified Awards Search». British Phonographic Industry. 2010. Arkivert frå originalen 11. januar 2013. Henta 12. desember 2018. 
  28. Du Noyer, Paul (February 1998). «Cash for questions». Q #137: 16. 
  29. Weber, Bruce (29. mai 1997). «Dylan in Hospital With Chest Pains; Europe Tour Is Off». The New York Times. Henta 25. mai 2010. 
  30. «The 1997 Pazz & Jop Critics Poll». robertchristgau.com. Henta 12. desember 2018. 
  31. «Uncut album of the year list». rocklistmusic.co.uk. Henta 12. desember 2018. 
  32. Robert Dimery; Michael Lydon (23. mars 2010). 1001 Albums You Must Hear Before You Die: Revised and Updated Edition. Universe. ISBN 978-0-7893-2074-2. 
  33. «NY Times reprint». Expectingrain.com. 3. mars 1998. Henta 12. desember 2018. 
  34. 34,00 34,01 34,02 34,03 34,04 34,05 34,06 34,07 34,08 34,09 34,10 «Bob Dylan -Time Out of Mind charts». AustrianCharts.com. Henta 26. desember 2010. 
  35. Mal:Url
  36. Mal:Url
  37. «Canadian album salstrofé – Bob Dylan – Time out of my mind». Music Canada. 
  38. «Norwegian album salstrofé – Bob Dylan – Time out of my mind» (på norsk). IFPI Norway. 
  39. «British album salstrofé – Bob Dylan – Time out of mind». British Phonographic Industry.  Enter Time out of mind in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  40. «American album salstrofé – Bob Dylan – Time out of mind». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH