Blood, Sweat & Tears av Blood, Sweat & Tears

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Blood, Sweat & Tears
Studioalbum av Blood, Sweat & Tears
Utgjeve 11. desember 1968
Innspelt 7. til 22. oktober 1968
Studio CBS Studios i New York City
Sjanger
Lengd 45:36
Selskap Columbia
Produsent James William Guercio
Blood, Sweat & Tears-kronologi
Child Is Father to the Man
(1968)
Blood, Sweat & Tears Blood, Sweat & Tears 3
(1970)


Blood, Sweat & Tears er det andre studioalbumet til det amerikanske bandet Blood, Sweat & Tears, gjeve ut i 1968. Det vart ein salssuksess og gjekk til toppen av den amerikanske albumlista, der det låg i totalt sju veker. Det inneheldt òg tre hitsinglar, som alle nådde topp fem i USA. Albumet fekk Grammy-prisen for årets album i 1970 og selde til fleire gonger platinaplate, for eit sal på meir enn fire millionar i USA. I Canada låg albumet i alt åtte veker på toppen av albumlista.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bandleiaren Al Kooper og to andre medlemmar, Randy Brecker og Jerry Weiss, hadde slutta i Blood, Sweat & Tears etter det første albumet. Bobby Colomby og Steve Katz leita etter ein ny songar og valte David Clayton-Thomas. Tre musikarar til kom inn i bandet, som då var ni mann stort. Columbia sette James William Guercio (som samstundes arbeidde med det nye bandet Chicago) til å produsere albumet.

Songane var meir pop-orienterte enn på det første albumet med fleire coversongar. Albumet vart spelt inn i det då toppmoderne CBS Studios i New York City. Studioet hadde nettopp fått ein av dei første 16-sporsopptakarane, bygd av Ampex. Denne nye teknologien gjorde at bandet vart langt meir fleksible når det kom til overdubbing og miksing enn 4- og 8-sporsopptakarane som var standard i 1968. Albumet var blant dei første 16-sporsinnspelingane som vart gjevne ut.

Ein ekstra song, «Children of the Wind», vart spelt inn for albumet men kom ikkje med. Denne kom sidan ut på samleplata, The Very Best of Blood, Sweat and Tears: What Goes Up!.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[1]
Rolling Stone(negativ)[2]
Encyclopedia of Popular Music5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[3]

I meldinga si for Allmusic skreiv William Ruhlmann at musikarane var «mindre eventyrlege» enn på debutalbumet, men kalla albumet «meir lyttarvenleg. Det var repertoar å byggje ein karriere på, og Blood, Sweat & Tears gjorde nettopp det, sjølv om dei aldri nådde opp att til dette albumet.»[1] Jon Landau skreiv for Rolling Stone og avviste albumet: «Lyttaren reagerer på illusjonen om at han høyrer noko nytt når han i røynda høyrer middelmåtig rock, OK jazz etc., kasta saman på ein forakteleg og føremålslaus måte.»[2]

Albumet vart stemt fram på 660. plassen i den tredje utgåva av Colin Larkin-boka All Time Top 1000 Albums (2000).[4] Albumet var òg med i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[5]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side 1[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Variations on a Theme By Erik Satie (1st and 2nd Movements)» (tilpassa frå «Trois Gymnopédies», arrangert av Dick Halligan)Erik Satie2:35
2.«Smiling Phases»Steve Winwood, Jim Capaldi, Chris Wood5:11
3.«Sometimes in Winter»Steve Katz3:09
4.«More and More»Vee Pee Smith, Don Juan3:04
5.«And When I Die»Laura Nyro4:06
6.«God Bless the Child»Billie Holiday, Arthur Herzog jr.5:55
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«Spinning Wheel»David Clayton-Thomas4:08
8.«You've Made Me So Very Happy»Berry Gordy jr., Brenda Holloway, Patrice Holloway, Frank Wilson4:19
9.«Blues - Part II» (interpolerer «Sunshine of Your Love» (Jack Bruce, Pete Brown, Eric Clapton), «Spoonful» (Willie Dixon) og «Somethin' Goin' On» (Al Kooper))Blood, Sweat & Tears11:44
10.«Variations on a Theme By Erik Satie (1st Movement)»Satie1:49
Bonusspor
Nr.TittelLengd
11.«More and More» (Live at The Cafe Au Go Go 2. august 1968)4:38
12.«Smiling Phases» (Live at The Cafe Au Go Go 2. august 1968)18:44

Musikarar[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

AlbumBillboard (USA)

År Liste Plassering
1969 Pop Albums 1

AlbumUK Albums Chart (Storbritannia)

År Liste Plassering
1969 Top 40 Albums 15[6]

Singlar – Billboard (USA)

År Singel Liste Plassering
1969 «You've Made Me So Very Happy» (3:26)
B-side: «Blues – Part II» (5:26)
Pop Singles 2
1969 «Spinning Wheel» (2:39)
B-side: «More and More»
Adult Contemporary 1
1969 «Spinning Wheel» Pop Singles 2
1969 «And When I Die» (3:26)
B-side: «Sometimes In Winter»
Pop Singles 2

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Blood, Sweat & Tears > Review». Allmusic. Henta 9. mai 2020. 
  2. 2,0 2,1 Landau, Jon (1. mars 1969). «Records». Rolling Stone (San Francisco: Straight Arrow Publishers, Inc.). Henta 9. mai 2020. 
  3. Larkin, Colin (2007). Encyclopedia of Popular Music (5th utg.). Omnibus Press. ISBN 978-0857125958. 
  4. Colin Larkin, red. (2006). All Time Top 1000 Albums (3rd utg.). Virgin Books. s. 215. ISBN 0-7535-0493-6. 
  5. «1001 offisiell nettstad». Arkivert frå originalen 10. januar 2014. Henta 9. mai 2020. 
  6. «Every Hit.com». Henta 9. mai 2020.