Blood, Sweat & Tears

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Blood, Sweat & Tears i 1972

Blood, Sweat & Tears er ei USA-amerikansk musikkgruppe som spelar jazz-rock. Gruppa har vore aktiv i nærare femti år (2015), med eit kortare avbrot. Ho er særleg kjend for musikken frå sist i 1960-åra til tidleg 1970-tal, der ein på framifrå vis kombinerte lydelement tradisjonelt knytt til rockegrupper, med ulike blåseinstrument. Gruppa spelte inn songar av av folk og grupper som Laura Nyro, James Taylor, the Band, the Rolling Stones, samt Billie Holiday og Erik Satie. I musikkarrangementa tok ein også inn musikk frå Thelonious Monk og Sergej Prokofjev.

Blood, Sweat & Tears vart danna i 1967 i New York City. Sidan oppstarten har gruppa/orkesteret gått gjennom mange endringar kva gjeld personell, og har vore innom ei mengd musikkstilar. Gruppa er aller mest kjend for å ha smelta saman uttrykk frå rock, blues og popmusikk, som i lag med jazz-improvisasjonar og markerte arrangement for blåsarrekka, skapte ein hybrid som vart kjend som jazz-rock. Til skilnad frå jazz-fusion-grupper, som i større grad la vekt på virtuose innsmett der dei enkelte musikarane viste sine evner som utøvarar, attåt noko eksperimentering med elektrisk instrument, var songane til Blood, Sweat & Tears prega av at stildraga frå rock, pop og R&B/soul-musikk var samla i eit heile, framført som av eit «big band», der ein innimellom la til element frå såkalla klassisk musikk komppnert i det 20. hundreåret.

Gruppa sitt andre album, Blood, Sweat & Tears, som kom ut i desember 1968 vert rekna som eit hovudverk. Det inneheld kjende songar som «And When I Die» av Laura Nyro, og «Spinning Wheel» av den dåverande vokalisten i gruppa, David Clayton-Thomas.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]