Det mosaiske trossamfunn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det mosaiske trossamfunn
Typeforening/lag/innretning
Org.nummer941069991
Skipa31. desember 1965
HovudkontorOslo
Nettstadhttp://www.dmt.oslo.no/ Sjå dette på Wikidata

Det mosaiske trossamfunn (òg skrive Det Mosaiske Trossamfund, DMT) er den største jødiske organisasjonen i Noreg. Han femner om dei to jødiske forsamlingane i Noreg, ei i Oslo og ei i Trondheim. Dei to forsamlingane er registrerte som sjølvstendige trussamfunn.

For å vera medlem i Det mosaiske trossamfunn må ein vera jøde etter halakhiske reglar. Medlemmane kan koma frå mange ulike jødiske tradisjonar.[1] Det Mosaiske Trossamfund er medlem av Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Synagogen til Det mosaiske trossamfunn i Oslo

Då dissentarloven gav religionsfridom i Noreg gjaldt dette berre for kristne samfunn. Jødar var enno omfatta av avgrensingar sett i Grunnlova av 1814, som nekta jødar og jesuittar tilgang til riket. Først i 1851 vart det tillate for jødar å innvandra til Noreg, og ved ei lovendring i 1891 vart Det mosaiske trossamfund i Oslo anerkjend som det første ikkje-kristne dissentarsamfunnet. I 1905 vart Det mosaiske trossamfunn i Trondheim godkjent som sjølvstendig trossamfunn.

Jødane i Trondheim innvigde i 1897, åtte år før forsamlinga vart formelt grunnlagt, sin første synagoge i St. Jørgensveita i Trondheim. Det Mosaiske Troessamfund i Trondhjem vart formelt stifta i 1905.[2] I 1923 kjøpte forsamlinga den første jernbanestasjonen i byen og bygde han om til forsamlingssenter og synagoge. Synagogen vart innvigd av overrabbinaren av Stockholm i 1925. I motsetnad til DMT-Oslo, som tradisjonelt sett har hatt nære og tette band til det jødiske samfunn i København, har DMT-Trondheim i heile tida det har funnest hatt tilsvarande band til det jødiske miljøet i Stockholm.

DMT-Trondheim grunnla i 1997 Jødisk Museum i Trondheim, som ved opninga var det første innvandrarmuseet i Noreg. Museet er seinare vorte mykje utvida, og vart i 2007 gjenopna etter ei ny utviding. Det inneheld i dag både ei Holocaust-avdeling og ei større utstilling som viser jødisk innvandring til Trøndelag og jødisk daglegliv i Noreg både før og etter 2. verdskrigen.

Ifølgje folketeljinga 1890 budde det 136 jødar i Christiania. Dei gjorde sitt beste for å overhalda dei religiøse pliktene, blant anna ved å halda gudstenester i private heim på sabbaten og i leigde lokale i høgtidene. Dei arrangerte òg privat kosherslakting så godt det lét seg gjera, og underviste borna i religion og hebraisk språk. Allereie i 1869 hadde dei kjøpt ein jødisk gravlund i Oslo, eit 670 m² stort område på Sofienberg gravlund. Denne vart teken i bruk første gong i 1885.

I 1891 heldt Den jødiske religionssamskipnaden eit møte der ein la planar for framtida. Våren 1892 forplikta 28 personar seg til å løna ein religionslærar, og 5. juni same år vart Det Jødiske Samfund stifta. Første forstandar var Nathan Nachman Nathan. I 1893 stod det 104 personar i medlemslistene. Same året vart namnet endra til Det Mosaiske Trossamfund.[treng kjelde]

I periodar fanst òg andre jødiske forsamlingar i Oslo. Den største av dei, Den israelittiske forsamlinga, bygde Synagogen i Calmeyers gate i 1917. I 1920 innvigde DMT-Oslo sin nye synagoge i Bergstien på St. Hanshaugen, der forsamlinga enno held til.[3] Som eit resultat av krigen vedtok leiinga i dei to forsamlingane at det ikkje lenger var grunnlag for to jødiske samfunn i hovudstaden, og det vart vedteke å leggja all verksemd til DMT og synagogen i Bergstien. Synagogen i Calmeyers gate var i eiget til forsamlinga og stod ubrukt fram til byrjinga av 1980-talet, då han vart seld til private interesser. Jødisk Museum i Oslo vart etablert i denne bygningen, og den gamle synagogen er restaurert.

I 2017 endra den jødiske forsamlinga i Trondheim namn frå Det Mosaiske Trossamfund i Trondheim til Det Jødiske Samfunn i Trondheim.[4]

Andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Allereie 5. mai 1940, mindre enn ein månad etter den tyske invasjonen av Noreg og ein dryg månad før den norske kapitulasjonen, vart radioane til jødane beslaglagt. Deretter følgde ei rekkje tiltak mot jødane. DMT vart forbode, og jødiske eigedomar vart beslaglagde frå oktober 1941. Sjølv om DMT ikkje fungerte som eit trussamfunn under okkupasjonen, var medlemsnettverket aktivt og dei freista å redda så mange jødar som mogleg. 795 jødar, av desse 760 norske borgarar, hadde vorte deporterte til konsentrasjonsleirane, og berre 25 av desse overlevde. Etter frigjeringa i 1945 vart aktiviteten i Oslo raskt teken opp att. 20 av dei overlevande frå konsentrasjonsleirane og dessutan ein del av dei 925 som hadde overlevd som flyktningar i Sverige og andre land vende heim. Det var òg nokon som hadde tenestegjort i dei norske styrkane i England. I 1945 stod det berre 559 medlemmar i listene. Først 50 år seinare har talet på jødar nådd omtrent det nivået det hadde før okkupasjonen; i 1992 var det omkring 1300 medlemmar.

Synagogen i Bergstien vart ikkje nemneverdig skadd under okkupasjonen. Då DMT-forstandar Mendel Bernstein inspiserte han i mai 1945, var toraskapet intakt, og dei heilage bokrullena var uskadde. 31. august 1945 vart han gjeninnvihd med blant andre dåverande kronprins Olav til stades.[5]

DMT-Trondheim var det av alle jødiske samfunn i Norden som vart hardast ramma av jødeforfølgingane til nazistane, mælt i andel drepne medlemmar. Då krigen kom, hadde forsamlinga 300 medlemmar, og over halvparten av dei vart drepne i konsentrasjonsleirane. Synagogen vart teken i bruk av den tyske krigsmakta, og var sterkt ramponert då freden kom. Først i 1947 var synagogen vorten såpass restaurert at det var mogleg å ta han i bruk som synagoge igjen. Leiinga i Trondheim metodistkyrkje tok under heile krigen vare på alle viktige bøker og dokument som tilhøyrde den jødiske forsamlinga i byen. Slik vart blant anna torarullane verna. Metodistkyrkja stilte òg eit rom til rådighet for jødane i byen etter at synagogen vart okkupert av tyskarane, slik at jødane i byen i løyndom kunne samlast til gudstenester.

Etterkrigstida[endre | endre wikiteksten]

I 1947 vedtok den norske regjeringa å ta imot 600 jødiske flyktningar, men dei fleste av desse emigrerte til Israel eller andre land i 1948. Ved ei flyulykke i 1949 (Hurum-ulukka) omkom ei rekkje jødiske born som var på veg til Noreg, og skulle vidare til Israel. I 1956 kom igjen ei større gruppe i samband med den sovjetiske invasjonen av Ungarn, og i 1967 kom ein del polske jødar i samband med antisemittiske utbrot der.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hva er og hvordan fungerer DMT?». Henta 20. oktober 2018. 
  2. Olve Utne; Hanne Paltiel; Sten Paltiel. «Et historisk oversyn». DMT Trondheim. Arkivert frå originalen 1. juli 2007. 
  3. «jøder – de nordiske land». Store Norske Leksikon. 
  4. «Nøkkelopplysninger fra Enhetsregisteret - Brønnøysundregistrene». w2.brreg.no (på norsk). Henta 26. september 2017. 
  5. Du skal fortelle det til dine barn: Det mosaiske trossamfund i Oslo 1892-1992. Oslo: Det mosaiske trossamfund i Oslo. 1992. s. 183-186. ISBN 8299261104. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]