██ Land som deltok i konkurransen██ Land som ikkje deltok i konkurransen
Eurovision Song Contest 1986 (ESC 1986) var den 31. gongen Eurovision Song Contest blei arrangert. Konkurransen blei halden i Grieghallen i Bergen i Noreg. Finalen fann stad laurdag 3. mai. Belgia vann konkurransen med songen «J'aime la vie», framført på fransk av Sandra Kim. Dette var første gong Belgia vann, og første gongen Noreg var vert for konkurransen. Noreg sitt bidrag, «Romeo» av Ketil Stokkan, kom på 12. plass.
Sandra Kim som berre var 13 år då ho vann for Belgia, medan hovudfiguren i songen seier at ho er 15 år. Dei dåverande reglane fastslo at alle deltakarar måtte vere minst 16 år. Etter konkurransen kom det fram at ho berre var 13 år og Sveits, som kom på 2. plass, kravde at ho blei diskvalifisert, men dette blei ikkje følgd opp. Kim er dermed den yngste vinnaren av konkurransen nokon sinne.
Dette var den første Eurovision-konkurransen der kongelege var publikum, då både kronprins Harald, kronprinsesse Sonja og barna deira deltok.
Før sendinga blei det dramatikk utanfor Grieghallen. Ei 47 år gamal velkledd kvinne angreip kronprinsesse Sonja på veg inn. Kvinna tømde ei brusflaske som inneheldt ein blanding av vatn, olje og pepar over hovudet på kronprinsessa. Sonja tok opptrinnet med fatning, og sminkørane til NRK fekk raskt fjerna griseriet.
Ei hending i samband med arrangementet var at Sandra Kim med ei rekkje pressefolk tok turen med Fløibanen, men ikkje kom lengre enn til den nest-siste stoppestaden før Fløien grunna eit tryggingsproblem. Vogna seig eit par meter bakover før passasjerane måtte klatra ut av vogna, og ein av dei var Sandra Kim, som song seg til topps i arrangementet seinare på dagen i Grieghallen. Det skjedde ingenting alvorleg med uhellet, men det hamna i mange norske aviser neste dag. Uhellet førte også til ekstrainnslag i programmet.