Elektrodynamikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Elektrodynamikk, eller meir presist klassisk elektrodynamikk eller klassisk elektromagnetisme, er ei grein innan teoretisk fysikk der ein studerer følgjene av elektromagnetiske krefter mellom elektriske ladningar og straumar. Elektrodynamikken gjer ei god skildring av elektromagnetiske fenomen når dei relevante lengdeskalaene og feltstyrkane er store nok til at ein kan sjå bort frå kvantemekaniske effektar (sjå kvanteelektrodynamikk).

Teorien kring elektromagnetisme vart utvikla i løpet av 1800-talet med James Clerk Maxwell som den fremste innan feltet.

Elektrodynamikk er læra om elektrisitet i rørsle, medan det motsette vert kalla elektrostatikk, der ein ser på konstante elektriske felt, medan magnetostatikk omhandlar konstante magnetfelt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]