Elektrostatikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Elektrostatikk er læra om statisk elektrisitet, det vil sei elektrisitet i ro. Det motsette er elektrodynamikk, som er læra om ladningar i rørsle og elektriske felt som forandrar seg.

Elektrostatiske fenomen var kjent alt i antikken. Mellom anna påviste Thales frå Milet (kring 600 fvt.) at rav (som på gresk heiter elektron) etter gniding kunne trekke til seg lette lekamar. Grunnlaget for elektrostatikk er Coulomblova frå 1785, som i matematisk form gjev eit uttrykk for kraftverknaden mellom to elektriske ladningar, og formelt er heilt analog til gravitasjonslova til Newton. På grunnlag av denne utvikla George Green (1793–1841) og Carl Friedrich Gauss (1777–1855) den matematiske teorien for elektrostatikk, som i hovudsak er teorien om det elektriske potensialet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]