Elektromagnetisk felt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Elektromagnetiske felt (EM-felt) er eit elektrisk felt og eit magnetisk felt som opptrer samstundes og som er kopla til kvarandre[1][2]. Dette kan forklarast ut frå Faradays induksjonslov, som seier at eit tids-varierande magnetisk felt gjev opphav til eit elektrisk felt, og Ampères lov, som seier at eit tids-varierande elektrisk felt gjev opphav til eit magnetisk felt. Ettersom det eine feltet genererer det andre, kan ikkje det eine vera til stades utan det andre. (Dette gjeld for tids-varierande felt; statiske felt kan eksistera åleine.) Dei elektriske og det magnetiske felta er ortogonale.

Eit sinusforma elektromagnetisk bølgje breier seg ut med ljosfarten i -retning. Det elektriske (blått) og det magnetiske (raudt) felta er ortogonale.

EM-felt oppstår når ei elektrisk ladning blir aksellerert og Maxwells likningar forklarar korleis dei elektriske og magnetiske felta heng saman og påverkar kvarandre. Elektromagnetisk stråling (radiobølgjer) er elektromagnetiske felt, som breier seg ut i eit medium med ljosfarten.

EM-felt spelar ein viktig rolle innan radiokommunikasjon, men òg i samband med konstruksjon av elektronikk. Ved utlegg av kretskort, til dømes, lyt ein ta omsyn til at dei ulike signala gjev opphav til EM-felt, som påverkar kvarandre.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. J.D. Kraus, Electromagnetics, 5. utg., McGraw-Hill, 1984.
  2. F.W. Sears, M.W. Zemansky og H.D. Young, University physics, 5. utg., Addison-Wesley, 1978.