Eliminator
Eliminator Studioalbum av ZZ Top | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 23. mars 1983 | |
Innspelt | 1982 | |
Studio | Ardent Studios, Memphis, Tennessee | |
Sjanger | ||
Lengd | 44:28 | |
Selskap | Warner Bros. | |
Produsent | Bill Ham | |
ZZ Top-kronologi | ||
---|---|---|
El Loco (1981) |
Eliminator | Afterburner (1985)
|
Singlar frå Eliminator | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [3] |
Robert Christgau | B+[5] |
The Rolling Stone Album Guide | [6] |
Eliminator er det åttande studioalbumet til det amerikanske rockebandet ZZ Top. Det kom ut 23. mars 1983 på Warner Bros. Records. Albumet vart spelt inn i Tennessee i 1982 og var produsert av manageren deira, Bill Ham, og nådde toppen av albumlistene i fleire land. «Gimme All Your Lovin'», «Got Me Under Pressure», «Sharp Dressed Man», «TV Dinners» og «Legs» vart alle gjevne ut på singlar. Albumet selde til diamantplate og er det bestseljande albumet til ZZ Top med over ti millionar selde eksemplar i USA aleine.
Bandet byrja å bruke synthesizer på albumet El Loco i 1981. Inspirert av new wave vart songane på Eliminator spelte inn med synthesizerar, trommemaskin og sequencerar. Albumet vart marknadsført med populære musikkvideoar og videoane for «Gimme All Your Lovin'», «Sharp Dressed Man» og «Legs» vart alle mykje viste på MTV og var med på å gjere bandet populært for ein yngre garde. Albumet er kalla opp etter den spesialbygde Ford coupe-bilen frå 1930-åra som er å sjå på plateomslaget. Denne var òg med i videoane. Bilen er eigd av gitaristen Billy Gibbons. Etter Eliminator kom ut la ZZ Top ut på ein verdsomfattande turné.
Etter suksessen til «Legs», vart Eliminator gjeven ut på ny med den nedkorta singelmiksen i staden for originalversjonen. Singelmiksen vart òg nytta på mange CD-utgåver. CD-ar som vart trykte i Tyskland av Record Service Alsdorf brukte framleis den originale miksen. I 2008 vart Eliminator nymastra og gjeve ut på ny med bonusspor og ein DVD med musikkvideoar og konsertopptak. Den originale versjonen av «Legs» var då attende, medan singelmiksen var med som eit bonusspor.
Albumet vert ofte rekna som det mest populære albumet til ZZ Top og vart av magasinet Rolling Stone rangert på 398. plassen på lista deira over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[7] og vart oppført som det 39. beste albumet i 1980-åra. I 2005 vart Eliminator oppført i boka til magasinet Rock Hard, The 500 Greatest Rock & Metal Albums of All Time.[8]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Billy Gibbons, Dusty Hill og Frank Beard.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Gimme All Your Lovin'» | 3:59 |
2. | «Got Me Under Pressure» | 4:00 |
3. | «Sharp Dressed Man» | 4:13 |
4. | «I Need You Tonight» | 6:14 |
5. | «I Got the Six» | 2:52 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «Legs» | 4:35 |
7. | «Thug» | 4:17 |
8. | «TV Dinners» | 3:50 |
9. | «Dirty Dog» | 4:05 |
10. | «If I Could Only Flag Her Down» | 3:40 |
11. | «Bad Girl» | 3:16 |
Collector's Edition
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
12. | «Legs» (Single Mix) | 3:33 |
13. | «Gimme All Your Lovin» (Live) | 4:46 |
14. | «Sharp Dressed Man» (Live) | 4:47 |
15. | «I Got the Six» (Live) | 3:05 |
16. | «TV Dinners» (Live) | 4:11 |
17. | «Got Me Under Pressure» (Live) | 4:04 |
18. | «Legs» (Dance Mix) | 7:48 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]ZZ Top
- Billy Gibbons – gitar, vokal
- Dusty Hill – bassgitar, klaverinstrument, vokal
- Frank Beard – trommer, perkusjon
Produksjon
- Bill Ham – plateprodusent
- Terry Manning – lydteknikar
- Linden Hudson – førproduksjon[9][10][11]
- Bob Ludwig – mastering
- Bob Alford – kunstnarisk leiar
Salslister og salstrofé
[endre | endre wikiteksten]
Album[endre | endre wikiteksten]Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
Årslister[endre | endre wikiteksten]
Singlar[endre | endre wikiteksten]Singlar - Billboard (USA)
|
Salstrofé[endre | endre wikiteksten]
|
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Eliminator» frå Wikipedia på engelsk, den 1. oktober 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Stephen Thomas Erlewine. «Eliminator - ZZ Top | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 29. september 2018.
- ↑ Prown, Pete; Newquist, HP (1997). Legends of Rock Guitar: The Essential Reference of Rock's Greatest Guitarists. Hal Leonard Corporation. s. 91. ISBN 9780793540426.
- ↑ 3,0 3,1 Erlewine, Stephen Thomas. «Allmusic review». Henta 1. oktober 2018.
- ↑ «ZZ Top».
- ↑ «Consumer Guide Reviews: Eliminator». Robert Christgau. Henta 1. oktober 2018.
- ↑ Cross, Charles R. (2004). «ZZ Top». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 907–8. ISBN 0-7432-0169-8.
- ↑ «500 Greatest Albums of All Time». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 27. juni 2018. Henta 1. oktober 2018.
- ↑ [...], Rock Hard (Hrsg.). [Red.: Michael Rensen. Mitarb.: Götz Kühnemund] (2005). Best of Rock & Metal die 500 stärksten Scheiben aller Zeiten. Königswinter: Heel. s. 105. ISBN 3-89880-517-4.
- ↑ ^ Blayney, David (1994). Sharp Dressed Men. New York: Hyperion. pp. 196–203. ISBN 0-7868-8005-8.
- ↑ ^ Deborah Frost (1985). ZZ Top - Bad And Worldwide. New York: Rolling Stone Press. ISBN 0020029500.
- ↑ David Sinclair (1986). Tres Hombres: The Story of ZZ Top. 95 pages. Virgin Books, 1986, ISBN 0-86369-167-6.
- ↑ Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6.
- ↑ "ZZ Top – Eliminator". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 1. oktober 2018.
- ↑ "Top 100 Longplay". Charts.de. Media Control. Henta 1. oktober 2018.
- ↑ "ZZ Top – Eliminator". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 1. oktober 2018.
- ↑ "ZZ Top – Eliminator". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 1. oktober 2018.
- ↑ "ZZ Top – Eliminator". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 1. oktober 2018.
- ↑ 18,0 18,1 "ZZ Top – Eliminator". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 1. oktober 2018.
- ↑ "ZZ Top | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 1. oktober 2018.
- ↑ "ZZ Top Album & Song Chart History" Billboard 200 for ZZ Top. Prometheus Global Media. Henta 1. oktober 2018.
- ↑ «ZZ Top – Billboard 200 Albums (Year end)». Billboard. Prometheus Global Media. Henta 1. oktober 2018.
- ↑ «Forum – ARIA Charts: Special Occasion Charts – 1984». Australian-charts.com. Hung Medien. Henta 3. mars 2017.
- ↑ «ARIA Charts – Accreditations – 2000 Albums». Australian Recording Industry Association.
- ↑ «Austrian album salstrofé – ZZ Top – Eliminator» (på tysk). IFPI Austerrike. Enter ZZ Top in the field Interpret. Enter Eliminator in the field Titel. Select album in the field Format. Click Suchen
- ↑ «Canadian album salstrofé – ZZ Top – Eliminator». Music Canada.
- ↑ The first web page presents the sales figures, the second presents the certification limits:
- «ZZ Top» (på finsk). Musiikkituottajat – IFPI Finland.
- «Kultalevyjen myöntämisrajat» (på finsk). Musiikkituottajat – IFPI Finland.
- ↑ «French album salstrofé – ZZ Top – Eliminator» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique.
- ↑ «Les Albums Double Platine :» (på fransk). Infodisc.fr. Arkivert frå originalen 27. oktober 2013. Henta 1. oktober 2018.
- ↑ «Gold-/Platin-Datenbank (ZZ Top; 'Eliminator')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie.
- ↑ «British album salstrofé – ZZ Top – Eliminator». British Phonographic Industry. Enter Eliminator in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
- ↑ «American album salstrofé – ZZ Top – Eliminator». Recording Industry Association of America. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
399: Rain Dogs Tom Waits |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2012 over dei 500 beste albuma gjennom tidene 398 Eliminator Zz Top |
397: Blue Lines Massive Attack |