Europacupen i fotball 1966

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Europacupen i fotball 1966 var ei fotballturnering der vinnarane av 30 nasjonale toppseriar i fotball deltok, attåt tittelforsvarar FC Inter. Turneringa var den 11. i rekka og vart vunnen av spanske Real Madrid. I finalen i Brussel 11. mai 1966 vann Real Madrid med 2-1 over Partizan Beograd. Det var sjette gongen Real Madrid triumferte i Europacupen i fotball.

Europacupen 1966 var ei rein utslagsturnering. Ved lik målskilnad etter dobbelkampar måtte laga spele omkamp. Turneringa tok til med det som vart kalla ei forrunde, eigentleg 1. runde, den 29. august 1965. Sidan vart avvikla tre nye rundar med utslagskampar, før finalen fann stad i Brussel. Real Madrid tok seg til finalen ved å slå ut Feijenoord frå Rotterdam, skotske FC Kilmarnock, belgiske RSC Anderlecht og tittelforsvarar FC Internazionale frå Milano, medan Partizan Beograd vann over høvesvis FC Nantes, Werder Bremen, Sparta Praha og Manchester United. Den norske seriemeisteren, oslolaget Lyn, rauk ut i forrunda/runde 1 etter siger 5-3 heime og tap 1-5 borte mot Derry City frå Nord-Irland.

Lagoppstillingane i finalen, Real Madrid i kvitt

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen på Heysel-stadion i Brussel fann stad framfor 46 745 tilskodarar. Dei såg Partizan-kapteinen Velibor Vasović sende laget sitt i leiinga i det 55. minutt. Skåringar av Amancio i det 70. og Francisco Serena i det 75. minutt snudde kampen til siger 2-1 til Real Madrid.

Vinnarlaget til Real Madrid bestod av: José Araquistáin, Pachín Pérez, Pedro de Felipe, Ignacio Zoco, Manuel Sanchís, Pirri Martínez, Manuel Velázquez, Francisco Serena, Amancio Amaro, Ramón Grosso og Francisco Gento (kaptein).

Partizan Beograd mønstra: Milutin Šoškić, Fahrudin Jusufi, Velibor Vasović (kaptein), Branko Rašović, Ljubomir Mihailović, Vladimir Kovačević, Radoslav Bečejac, Mane Bajić, Mustafa Hasanagić, Milan Galić og Josip Pirmajer.

Vesttyskaren Rudolf Kreitlein dømde kampen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]