Europacupen i fotball 1992

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Europacupen i fotball 1992 var ei fotballturnering der vinnarane av 31 europeiske toppseriar i fotball var påmelde, attåt tittelforsvarar Raude Stjerne frå Beograd. Turneringa var den 37. og siste i rekka, i staden kom frå 1992/93-sesongen Meisterligaen. I finalen 20. mai 1992 i London vann FC Barcelona med 1-0 over UC Sampdoria frå Genova. Det var Barcelonas einaste triumf i Europacupen i fotball.

Europacupen 1992 var ei kombinert utslags- og seriespelturnering. Innleiingsvis møttest deltakarlaga til to rundar med cupspel. Ved lik målskilnad etter dobbelkamp talde bortemål dobbelt, stod det framleis likt vart det ekstraomgangar og eventuelt til sist straffespark-tevling. Dei åtte laga som vann i 2. runde vart så delt i to grupper à fire lag. Laga i desse to gruppene spelte full serie, før gruppevinnarane var klare for finalen i turneringa. Turneringa tok til 17. september 1990. Etter dei to cuprundane i september-november vart gruppespela gjennomført i november-desember 1991 og i mars-april 1992. For fyrste gong sidan 1985 deltok vinnaren av den engelske ligaen.

Sampdoria gjekk sigrande ut av gruppe A med åtte poeng, med Raude Stjerne frå Beograd, RSC Anderlecht og Panathinaikos frå Athen på dei neste plassane. I gruppe B vann FC Barcelona med sine ni poeng, Sparta Praha, Benfica frå Lisboa og Dynamo Kiev kom der etter.

Lagoppstillingane i finalen, Barcelona i gult

Finalen[endre | endre wikiteksten]

70 827 tilskodarar såg finalen på Wembley stadion i London 20. mai 1992. Kampen mellom FC Barcelona og UC Sampdoria var mållaus i over 111 minuttar. Nederlendaren Ronald Koeman vart då matchvinnar med eit susande frispark frå vel 20 meter.

Vinnarlaget FC Barcelona bestod av: Andoni Zubizarreta (kaptein), Albert Ferrer, Ronald Koeman, Nando Muñoz, Eusebio Sacristán, Pep Guardiola, Juan Carlos Rodríguez, José Mari Bakero, Michael Laudrup, Julio Salinas og Hristo Stoitsjkov. Jon Andoni Goikoetxea kom på bana i det 64. minutt og José Ramón Alexanko kom inn straks etter laget hadde teke leiinga, ut gjekk høvesvis Salinas og Guardiola.

Sampdoria mønstra: Gianluca Pagliuca, Moreno Mannini, Pietro Vierchowod, Marco Lanna, Srečko Katanec, Attilio Lombardo, Fausto Pari, Toninho Cerezo, Ivano Bonetti, Gianluca Vialli og Roberto Mancini (kaptein). Giovanni Invernizzi og Renato Buso fekk sjansen høvesvis 71 og 99 minuttar ut i kampen, då fyrst Bonetti og sidan Vialli vart bytta ut.

Dommar var Aron Schmidhuber frå Tyskland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]